20 settefiskanlegg testar ut miljø-DNA mot laksesjukdom

Laks under vann. Foto

Raudmunnsjuke: Sjølv om Yersiniose er ein ferskvassbakterie som trivst best ved forholdsvis høge temperaturar, opplever oppdrettarar at sjukdommen kan bryte ut hjå laksen etter at den er satt ut i sjø. Foto: Linn Røkenes / Sjømatrådet.

20 settefiskanlegg testar ut miljø-DNA mot laksesjukdom
Bakterien yersiniose er i ferd med å bli eit alvorleg problem for laksenæringa. No deltek fleire settefiskanlegg i eit forskingsprosjekt på bruk av miljø-DNA for å overvåke bakterien.

Sjukdomen er òg kjend som raudmunnsjuke, og kan føre til betydelege tap med ein dødelegheit på opp mot tretti prosent. No samarbeider forskarar og oppdrettarar for å identifisere dei viktigaste risikofaktorane i produksjonskjeda.

– Ved å bruke miljø-DNA kan vi få eit bilete av smittepresset i vatnet. Slik kan vi følgje heile fiskegruppa i staden for å teste enkeltindivid, seier Hans Arne Berg Frantzen.

Han er tilsett ved ACD Pharma og er masterstudent ved Nord universitets Fakultet for biovitskap og akvakultur. No skal han hjelpe fiskeoppdrettarane med å få bukt med den gjenstridige bakterien Yersinia ruckeri, ein bakterie som har blitt eit aukande problem for norske lakseoppdrettarar.

– 2023 var eit toppår for denne bakterien, med det høgste talet på utbrot sidan 2012. Alt tyder på at 2024 vil bli enda verre, seier Frantzen.

Ung mann i kjeledress ved laksemerde. Foto
Hjelper oppdrettarane: Hans-Arne Berg Frantzen er masterstudent ved Nord universitet og ansatt ved ACD Pharma. Foto: Privat

Bryt ut når fisken blir stressa

For sjølv om Y. ruckeri er ein ferskvatnbakterie som trivst best ved forholdsvis høge temperaturar, opplever oppdrettarar at sjukdomen kan bryte ut hos laksen etter at han er sett ut i sjø. Noko av årsaka kan vere at bakterien ligg latent i fisken sidan smoltfasen, og bryt ut når fisken opplever stress og miljøskifte.

– Problemet oppstår gjerne i fasen når fisken blir flytta frå ferskvatn til sjø. Ved flytting blir fisken stressa, og fisk som er berarar av bakterien vil kunne utvikle sjukdomen, spesielt om dette skjer om sommaren, seier førsteamanuensis Hetron M. Munang'andu ved Nord universitet.

Voksen mann på laboratorium iført hvit frakk. Foto
Viktig forsking: Hetron M. Munang'Andu er førsteamanuensis ved Nord universitets Fakultet for biovitenskap og akvakultur. Foto: Hans-Arne Berg Frantzen

Eit anna kritisk punkt er når fisken skal bli avlusa. Veterinærinstituttet har nyleg påvist at laksepopulasjonar med latent infeksjon av Y. ruckeri kan skilje ut store mengder bakteriar når dei går gjennom termisk avlusing. Bakterien blir oppkonsentrert i behandlingskammeret, samtidig som fisken blir utsett for både stress og fysiske skadar.

– Avlusing inneber ein stor risiko. Men det kjem mykje an på kva som har skjedd før avlusinga, seier Frantzen.

Han peikar på korleis fisken blir utsett for ei rekkje risikofaktorar før han kjem i sjøen, som sortering, flytting, vaksinering og biltransport.

Også biofilter i anlegget kan utgjere ein risiko, sidan det kan huse bakteriar som blir skilde ut av infisert fisk.

– Sjukdomsrisikoen kan bli handtert med forskjellige tiltak, og vi vil sjå på ulike framgangsmåtar. Så langt ser vi at miljø-DNA verkar lovande. Så blir spørsmålet korleis vi skal handtere det i det praktiske livet, seier Frantzen.

Testar vaksinert fisk

Laboratorieselskapet PatoGen er samarbeidspartnar i prosjektet, og salssjef Stian Lernes seier dei er glade for å kunne bidra i det dei meiner er viktig forsking.

– Miljø-DNA er ein metode der ein finn genetisk materiale som organismar skil ut i miljøet gjennom urin, avføring og hudceller. Ved å samle prøver frå omgjevnadene, som i dette tilfellet er vatn, og konsentrere materialet ved hjelp av filter, kan ein analysere DNA-et med molekylære metodar for å overvake i kva for grad av spesifikke organismar som til dømes bakteriar er til stades, forklarer Lernes.

Slik kan ein overvake smittepresset ved å sjå etter DNA i vatnet som fisken lever i. Mikroorganismar som bakteriar vil kunne bli oppdaga med vatnprøver, utan at ein treng å stresse eller avlive fisken.

– Vi må bli betre på biosikkerheit, og vi må bli betre fort. Vi har ein situasjon med stadig meir lakselus, og i dag er halvparten av alle injeksjonsvaksinar mot Yersinia. Det er ein god indikasjon på at det er eit aukande problem. Ein ting eg vil teste er om vaksinert fisk held fram med å sleppe ut bakteriar når han blir stressa. Dette kan ha stor betydning om oppdrettarar set saman fisk frå fleire smoltgrupper, til dømes ei gruppe som er vaksinert og ei anna som ikkje er vaksinert, seier Frantzen.

Ikkje-dødeleg diagnostikk

Arbeidet hass vil vere den første studien som bruker miljø-DNA for å identifisere kritiske smittepunkt, noko som er nødvendig for å handtere laksesjukdommar i oppdrettsnæringa.

– Å bruke miljø-DNA for å overvake sjukdommar i oppdrettsnæringa er ei heilt ny tilnærming, seier Frantzen, som òg trekkjer fram vaksinering og bruk av bakteriofagar (verts-spesifikke virus som angrip bakterien) som viktige våpen mot sjukdomen.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Nord universitet og bioteknologiselskapa ACD Pharma og Patogen. Øyvind Kileng er seniorforskar i ACD Pharma og seier prosjektet er viktig for å utvide kunnskapen om biosikkerheit og smittespreiing i akvakulturnæringa.

– Yersinia ruckeri er ein sjukdom som går litt under radaren for dei fleste, men det er ein sjukdom som gir redusert fiskevelferd og auka dødelegheit for laks i oppdrett. Det er òg eit godt døme på at samarbeid mellom Nord universitet og næringa bidreg til å auke kompetansen til begge. Ein fin bonus av prosjektet er at vi får validert ein tidssparande, ikkje-dødeleg diagnostikk, seier Kileng.

Forskarane er svært nøgde med at så mange som tjue settefiskanlegg deltek i prosjektet.

– Vi ved Nord universitet er veldig glade for å kunne bidra til å løyse problem i næringa, både gjennom utdanning og gjennom det å ta i bruk ny teknologi, seier Munang'andu.