To av desse er Silje Kristine Hansen (33) og Linda Kristin Petersen (29).
– Eg kjenner på at eg er meir rusta til å gjera jobben min no enn før eg starta på mastergrada ved Nord, seier Petersen, som til dagleg jobbar som pedagogisk leiar i Nordlandia Solenga barnehage i Bodø.
Mange barn med spesielle behov
Medstudent Silje Kristine Hansen er heilt einig.
– Eg er veldig fornøgd med utdanninga, og kjenner eg har fått eit stort fagleg løft. Eg har vorte tryggare i jobben min som kontaktlærar og kjenner eg kan møta barna som treng litt ekstra på ein mykje betre måte, seier ho.
Begge er opptekne av at meir spesialpedagogisk kompetanse er nødvendig i både skular og barnehagar. Hansen, som er kontaktlærar på Aspåsen skule i Bodø, har alltid brunne for barna som treng litt ekstra, og dragninga mot det spesialpedagogiske feltet har vore der ei stund.
Spesialpedagogisk kompetanse er avgjerande for å sikra at alle barn, uansett behov eller utfordringar, får tilpassa undervisning og støtte.
Silje Kristine Hansen, kontaktlærar på Aspåsen skule i Bodø.
Petersen er heilt samd, og meiner det er fleire barn no enn før som har behov for ekstra støtte samtidig som pedagogisk personell blir tildelt stadig fleire oppgåver og ansvar.
– Motivasjonen for å søkja studiet var derfor i stor grad at eg hadde behov for eit kompetanseløft for å kunne møte dei behova som er. Også ville eg tilby eit forsvarleg pedagogisk tilbod til dei barna eg har ansvar for, seier ho.
Nords samfunnsansvar
Professor Natallia Bahdanovich Hansen er studieprogramansvarleg for master i tilpassa opplæring ved Nord universitet. Ho er glad for at så mange har gjennomført studiet, og er klar på at dette betyr mykje for kompetansen i Trøndelags og Nordlands barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular.
– Nord universitet skal med våre utdanningar bidra til at spesialpedagogisk kompetanse, yrkesdidaktikk og profesjonsfagleg digital kompetanse blir ein viktig del av den profesjonelle kompetansen til læraren, seier ho.
Forsking viser at mange lærarar ofte er i ein sårbar situasjon som følgje av gapet mellom utdanninga og den komplekse arbeidssituasjonen i skulane, barnehagane og i vidaregåande skule. Bahdanovich Hansen kjenner difor på ansvaret Nord universitet har for å bidra til auka kompetanse til barnas beste.
Eg er oppteken av at me skal utdanna lærarar som er kvalifiserte til å gi alle barn og unge eit tilpassa tilbod ut frå føresetnadene deira.
Natallia Bahdanovich Hansen, professor ved Nord universitet.
God rekruttering pressa frem namneskifte
Bahdanovich Hansen seier at mastra har rekruttert svært godt i mange år, og då spesielt innan fordjuping i spesialpedagogikk. Universitetet vel derfor å endra namnet til studiet frå master i tilpassa opplæring til master i spesialpedagogikk frå hausten 2025. Ho innrømmer at ho har forventningar om endå betre rekruttering til neste haust.
– Me veit at det er eit stort behov for meir spesialpedagogisk kompetanse i alle barnehagar, skular og vidaregåande skular i Trøndelag og Nordland. Me håpar og forventar derfor gode søkjartal.
Ho legg til at utdanninga passar spesielt godt for dei som ønskjer å fordjupa seg i ulike område innan spesialpedagogikk. Det gjeld også dei som allereie er i jobb, då studiet er fleksibelt lagt opp med samlingar både i Bodø og Levanger.
Over 450 studentar i løp
Ved Nord universitet er det akkurat no over 450 studentar i løp på dei ulike utdanningane som blir tilbodne innan spesialpedagogikk. Dette gjeld både mastergrader og årsstudium, inkludert vidareutdanningsprogrammet "Kompetanse for kvalitet" gjennom Utdanningsdirektoratet, som rekrutterer over 150 studentar frå heile landet kvart år.
– Dette fortel oss at me har treft på studietilbod, og organiseringa av desse, seier Vegar Sellæg, prodekan for utdanning ved Fakultet for lærarutdanning, kunst- og kulturfag. Han legg til at sidan studiane er fleksible kan dei fint kombinerast med arbeids- og familieliv.
Eit sterkt lag rundt barnet
I Sortland kommune er det sju skular og 13 barnehagar. Kommunalsjef for oppvekst Erik Strand er oppteken av å byggja eit sterkt lag rundt barna og elevane i kommunen. For han er det viktig at Nord universitet har tilboda kommunen har behov for.
– Me må sikra at me har den rette kompetansen i skulane og barnehagane våre, slik at den spesialpedagogiske hjelpa er tett på dei barna som har behov for det, sier han.
Det er både gledeleg og viktig for kommunane at me klarer, i samarbeid med Nord universitet, å få tilsette og studentar til å ta slik kompetanseheving.
Erik Strand, kommunalsjef oppvekst i Sortland kommune
Også hos Statsforvaltaren i Nordland er dei opptekne av at dei som har behov for det skal få spesialpedagogisk hjelp. Ifølgje Eirik Arntsen, seniorrådgivar ved oppvekst- og velferdsavdelinga, er det stort behov for pedagogar med spesialpedagogisk kompetanse i Nordlands barnehagar og skular. Han er derfor svært glad for at så mange studentar er ferdig med mastra si i tilpassa opplæring.
– Både spesialpedagogisk hjelp til barn i barnehagen og individuelt tilrettelagd opplæring i skulen, er avgjerande for at alle barn og unge skal lykkast ut frå sine eigne føresetnadar. Dette krev høg kompetanse hos dei tilsette, og at det finst mange nok med denne kompetansen å få tak i, seier Arntsen.
Master i spesialpedagogikk (nytt namn frå 2025)
- Oppstart: 2025
- Studieform: Heiltid
- Språk: Norsk
- Studiepoeng: 120
- Studielengde: 2 år