
ARKTISK BY: Den tette bykjernen i Reykjavík møter industrihamna, og viser korleis nordlege byar må balansere utvikling med harde naturgitte forhold. Foto: Markus J. Thonhaugen.
Når vi tenkjer på smarte byar, ser vi ofte føre oss travle storbyar som Singapore eller Dubai.
Men kva skjer når teknologi laga for store byar møter arktiske forhold?
Eit fireårig forskingsprosjekt med deltaking frå seks land viser at tolkinga av "smart" varierer stort mellom ulike delar av Arktis.
(lær meir om prosjektet i videoen under)
Prosjektet starta som eit samarbeid mellom partnarar i University of the Arctic (UArctic).
Leia av Nordområdesenteret ved Nord universitet har det samla forskarar og praktikarar frå seks land: USA, Canada, Kina, Finland, Sverige og Noreg.
Målet? Å forstå korleis smarte by-løysingar kan fungere i ein region der vinteren endrar heile byar, der befolkninga er spreidd over store avstandar, og der tradisjonell kunnskap møter moderne teknologi.
Her er 5 nøkkelfunn frå prosjektet:
1. Teknologi krev lokal tilpassing
Smarte byar er ingen universalløysing for ei berekraftig framtid i nord.

Løysingar som er designa for varmare klima, må ofte fullstendig omtenkjast for arktiske forhold.
– Vi må vere veldig varsame med korleis vi tolkar konseptet, seier førsteamanuensis Evgenii Aleksandrov, som er involvert i prosjektet.
2. 'Smart' kan forståast på ulike måtar
Mens Noreg og Sverige snakkar om smarte byar, fokuserer Alaska og Canada på "smarte samfunn," medan Finland legg vekt på "smarte økosystem."
Dette reflekterer ulike tilnærmingar til konseptet.
– Vi nyttar omgrepet 'smarte samfunn' som eit overordna konsept, då det opnar for fleire perspektiv, seier førsteamanuensis Nadezda Nazarova.

3. Tradisjonell kunnskap er framleis viktig
I Alaska har samfunn i generasjonar spora kvalens vandringar.
Mens appar no kan føreseie kvalens ankomst, risikerer ein ved å berre stole på teknologi å miste verdifull tradisjonell kunnskap.
Dette er òg noko som må reknast med.
4. Studentar er ein del av løysinga
Universitet involverer studentar i reelle prosjekt for smarte byar, der dei jobbar direkte med kommunar for å utvikle praktiske løysingar for framtida.
– Praktiske døme gjer det mykje enklare for studentane å forstå korleis ein kan bruke teori i praksis, seier førsteamanuensis Elena Dybtsyna.
5. Lokal involvering er avgjerande
Forskinga viser at det ikkje fungerer å kopiere smarte by-modellar frå sør – arktiske samfunn må utvikle tilnærmingar som er baserte på sine unike forhold.
Difor er lokal involvering også svært viktig.
Arktiske land må samarbeide for å utvikle løysingar spesifikt for Arktis, noko som potensielt kan føre til innovasjonar som hjelper andre regionar å tilpasse seg ekstreme forhold.
I Bodø deltek til dømes innbyggjarane aktivt i å gjere byen sin smartare gjennom praktiske prosjekt, noko som viser at smarte løysingar må vekse fram frå lokale behov.
– Utvikling av smarte byar bør ikkje overlatast til teknokratar og byråkratar. Det krev kontinuerleg dialog med lokalbefolkninga, med interessentar og med innbyggjarar, konkluderer professor Anatoli Bourmistrov.

Les meir:
- Kronikk: Why Smart City Dreams May Not Survive The Arctic
- Skal gjøre en helt spesiell test: – De er forsøkskaniner for oss (sak i lokalavisa Avisa Nordland)
- Prosjektets hjemmeside
Om EduSmart-prosjektet (2021–2025)
- Fokus: Utdanning og kunnskapsutvikling for styring av smarte byar i nordområda
- Budsjett: 6,2 millionar NOK
- Finansiert av: Forskingsrådet
- Vert: High North Center ved Nord Universitet