900 i alumnbasen - og fem glade vinnarar av gåvekort

Helene Othelie Alfheim fullførte lærarutdanning ved Nord universitet i 2019 og er no med i alumninettverket for tidlegare studentar. Foto: Privat.
900 i alumnbasen - og fem glade vinnarar av gåvekort
Fem vinnarar av gåvekort på 2000 kroner vart overraska og glade då dei fekk telefon om førjulstrekninga.

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Stemninga var god hos alle fem vinnarane då dei fekk telefon med beskjed om at dei hadde vunne 2000 kroner kvar. 

– Dette kom som ei overrasking no før jul, seier Helene Othelie Alfheim (29) frå Leknes (bildet), då ho fekk telefon om resultatet av trekkinga. Alfheim jobbar som lærar ved Fygle skole i Vestvågøy kommune, og fullførte lærarutdanning ved Nord universitet i 2019. 

Dei 5 vinnarane er:

  • Bjørn Roger Rosvold (34), Hegra
  • Helene Othelie Alfheim (29), Leknes
  • Hildegunn Dalum (52 ), Dombås
  • Marianne Leermo Nystad (48), Mo i Rana
  • Monica Hansen (47), Beitstad

– Ein bra start på å bli med i alumninettverket, seier Bjørn Roger Rosvold (34) frå Hegra.​

​900 registrerte seg før 1. desember

Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet, oppretta i september eit nettverk for tidlegare studentar. Alle som registrerte seg i nettverket fram til 1. desember vart med i trekkinga av fem gåvekort a 2000 kroner.

Alumniordninga ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag​

– Gratulerer til dei fem vinnarane. Me synest det er flott at så mange av dei tidlegare studentane våre har registrert seg i alumnnettverket. No ser me fram til det vidare arbeidet og samarbeidet, seier fakultetsdirektør Olav Frigaard.

Ønskjer å treffa tidlegare medstudentar

Nokre av dei tidlegare studentane våre har sagt at dei ønskjer å bidra med alumnitreff. Mange ønskjer å vera ambassadørar for lærarutdanning og læraryrket og dei er interesserte i nyheitsbrev. 

Bjørn Roger Rosvold har kryssa av for at han ønskjer å bidra med å arrangera alumnitreff. 

 ​–​ Eg har ikkje mykje kontakt med tidlegare medstudentar no. Det hadde vore skikkeleg gøy å treffa dei igjen, og høyra kva dei jobbar med. Litt mimring frå studietida høyrer også med, seier Rosvold. 

Geir Gran, seniorrådgivar ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag, opplyser at det første nyheitsbrevet går ut til alumnene nå før jul. Her bli alle alumnene ønskte velkommen og dei får informasjon om etter- og vidareutdanningstilbod som kan vera aktuelle.

Kontaktperson