Abid Raja på Lytring: – Æresvald går ikkje over av seg sjølv

Portrett av politiker mann voksen i skjorte. Foto

Til Lytring: Abid Raja kjem til Bodø og Lytring 9. januar for å diskutere æresvald. Foto: Lina Hindrum / Cappelen Damm.

Abid Raja på Lytring: – Æresvald går ikkje over av seg sjølv
Abid Raja meiner det norske samfunnet må ta grep for å verne jenter mot sosial kontroll og tvangsekteskap. 9. januar kjem han til Bodø og Lytring for å diskutere æresvald.

Kvart år blir det meldt inn minst 2000 saker som handlar om tvangsekteskap, overgrep og negativ sosial kontroll. Likevel er ikkje det norske samfunnet særleg opptatt av temaet. Lytring spør: Er ikkje alle jenter i Noreg like mykje verdt?

Forfattar og politikar Abid Raja er godt eigna til å diskutere temaet. Han er oppvaksen i ein muslimsk familie som forkynte eit konservativt pakistansk kvinnesyn, som innebar utprega sosial kontroll.

Vaks opp under utprega sosial kontroll

– Mange trur at desse konservative haldningane vil gå over av seg sjølv, berre ein gir det tid. Det trudde eg òg. Men etter å ha snakka med ekspertar, lærarar, elevar og politikarar, har eg inga tru på at slike haldningar forsvinn av seg sjølv, seier Raja.

Raja får støtte frå forfattar og politiadvokat Terje Bjøranger, som saman med Gunnar Valentin Svensson har skrive boka «Æresrelatert kriminalitet – ei casebasert handbok».

Som det står i boka: «Ei allmenn oppfatning av æresrelatert problematikk har vore at «det vil gå over av seg sjølv», når dei enkelte etniske gruppene har budd seg til i Noreg. Fenomenet har blitt sett på som eit integreringsproblem som vil forsvinne i takt med at minoritetane får utdanning, økonomisk støtte og arbeid. Så feil kan ein ta. Problemet lever i beste velgåande etter femti år med migrasjon og integreringstiltak, og framstår for oss i fagfeltet som aukande.»

Ikkje høgt prioritert av det offentlege Noreg

Bjøranger, som i likskap med Abid Raja kjem til Bodø for å diskutere æresvald, slår òg fast at det offentlege Noreg «på ingen måte har sett temaet høgt på prioriteringslista.»

Å ikkje snakke om problemet, er ein del av problemet, ifølgje både Bjøranger og Raja.

Bjøranger skriv: «Den demografiske utviklinga i Noreg tilseier at kunnskap om æreskultur er ein føresetnad for at offentlege instansar skal kunne fungere forsvarleg, til beste for heile befolkninga.» Han skriv òg: «Kunnskap åleine er ikkje nok. Vår erfaring er at berøringsangst er eit like stort problem.»

Raja: – Vi må vakne!

– Vi må vakne, seier Raja. – Mitt mål er at vi skal forstå kva som skjer akkurat no, midt blant oss, i Oslo, i Noreg, i Europa. Først når vi har ei felles forståing av kvar vi er, kan vi saman diskutere løysingane og finne ut kva slags samfunn vi skal kjempe for å oppretthalde.

Til debatten i Stormen bibliotek kjem òg Alyssa Marie Kvalvaag, som er forskar ved Nord universitet, samt Amina Winningah, mangfaldsrådgivar ved Bodø vidaregåande skule. Lytring blir strøymd direkte og kan sjåast i opptak på lytring.no.

Hvorfor lukker vi øynene for æresvold? – Lytring