Annabel elskar naturen - så ho flaug nordover

Annabel elskar naturen - så ho flaug nordover
Annabel Josien Slettenhaar elskar natur. Det er ikkje så mykje igjen av den i Nederland, så den unge forskaren valde Nord universitet og Noreg.

Allereie som ung jente i Nederland, byrja Annabel Josien Slettenhaar å bli nysgjerrig på kvar maten kjem frå.

Kva gjer at nokon dyr – og noko mat, ligg langt ned – og noko langt opp i matvarekjeda? Kva gjer at nokon dyr blir etne, og kva påverkar kjeda?

I vaksen alder skjønte ho at dette er spørsmål ho treng ekte natur for å finna svar på.

Valet kom då moglegheita i eit land og ein stad ho aldri før hadde vore, nemleg Steinkjer i Trøndelag, Noreg. Då ved fakultetet for biovitskap og akvakultur, Nord universitet.

– Her er det mykje natur med store, aude område. Eg elskar landskapet; fjellet, sjøen – alt, seier ho.

Ser på jaktfalken – og ryper

Nettopp i dette landskapet har ho funne forskingsprosjektet sitt.

– Jaktfalk et i hovudsak rype. Eg forskar på kvar dei er for kvarandre og kvar er i verdikjeda. Kor mykje eta jaktfalken, og kva effekt har dette på bestanden av rype? Problemstillinga er om dei blir påverka av klimaendringane. Saman, eller kvar for seg, fortel ho.

Forskinga er doktorgrada hennar. Og arbeidet nærmar seg å bli ferdig.

– Eg har kontrakt til januar 2026, og eg har fram til då med å fullføra, fortel ho og ler litt:

– Det var veldig avslappande dei første to åra. Men no…

Nord universitet og Oikos Norge
Samarbeid: Unge og godt erfarne forskarar i samarbeid. F.v. stipendiat Annabel Josien Slettenhaar ved Nord universitet, professor Vigdis Vandvik ved Universitetet i Bergen og leiar av Norsk Økologisk foreining, Anders Frigård Opdal ved Universitetet i Bergen, stipendiat Sofia Amieva Mau ved Nord universitet, professor Joost Raeymaekers ved Nord universitet, og førsteamanuensis Amy Elizabeth Eycott ved Nord universitet.

Ønskjer å forska vidare

Slettenhaar elskar arbeidet.

– Eg liker å forstå korleis naturen fungerer, og forsking i økologi er fascinerande. Det er moro. Det er som å pusla eit puslespel. Du finn bitar og svar – og då opnar det seg nye spørsmål. Det er av og til frustrerande, men det er fascinerande og interessant å leita, seier ho.

Like før påske flaug ho vidare nordover, og til det som er hennar andre tur til Noregs økologar årskonferansen sin. Oikos Norway 2025, i Bodø.

Det var første gang at økologene møttes i Bodø.

Arrangementet sto Nord universitet for. Noe medlem Vigdis Vandvik fra Universitet i Bergen, var fornøyd med.

Leo Minini
Pris: Masterstudent Leo Minini si oppgåve har tittelen «Help the kelp». Han vann prisen for beste presentasjon.

– Det er viktig at vi møtes, både for å knytte nettverk og se hva andre jobber med. Gjennom årene har foreningen lagt mer innsats inn i å få studenter og unge forskere på tvers av fag mer med, sier hun.

Mange unge studentar og forskarar

Mellom anna inneber tilrettelegginga at studentar er gratis med på landskonferansane. Det har fungert, viser påmeldingslistene. Noko også unge forskarar har lagt merke til.

– Eg er akkurat ferdig med første del i forskinga mi. Derfor ønskjer eg å høyra kva andre jobbar med. Dette er min første Oikos, og eg vart positivt overraska over kor mange unge som er her. Det gjer at me får snakka med kollegaer som du ikkje treffer dagleg, seier Sofia Amieva Mau, stipendiat ved Nord universitet i Bodø.

Mange unge deltakarar bidreg også til å senka terskelen for å snakka ut.

– Det gjer at det ikkje er så skremmande å presentera sitt eige arbeid, eller spørja om noko, meiner Slettenhaar.