Arctic Six: Difor er det viktig med samarbeid

Arctic Six: Difor er det viktig med samarbeid
Arctic Six-samarbeidet er nysådd, men forskinga er likevel i full blomst. Mange arktiske ufordringar skal løysast i eit tett samarbeid.

Det er mange utfordringar i Arktis som skal løysast, mellom anna korleis vi sikrar nok mat i nord.

Stipendiat Sophie Rohde og postdoktor Beste Onat ved Nord universitet er allereie i gang med å finne løysingar på nokre av utfordringane. Medan Rohde søkjer å finna ut kvifor folk vel slik dei gjer når det kjem til matinnkjøp, skal Onat finne beste løysing for eit pedagogisk opplegg om skulehagar.

Dette kom fram da Nord universitet markerte at universitetet no er ein del av den arktiske alliansen Arctic Six.

Ung kvinne med langt mørkt hår
Stipendiat Sophie Rohde. Privat foto

Handlevanar

Begge forskarane stilte opp under markeringa, som pågjekk over to dagar på campus i Bodø. Hovudhensikta for alliansen er at dei gjennom forsking og utdanning skal løyse arktiske utfordringar og problem. Nøkkelordet er samarbeid. Gjennom samarbeid styrkjer dei moglegheita for å lukkast.

Rohde har forska på matvanar hos folk sidan ho var masterstudent. Ho meiner det kan finnast gode ting å byggje vidare på som passar godt i arktiske område.

– Eg kalla prosjektet mitt «Roots and Resistance», og det handla om korleis kulturelle og sosiale strøymingar det er i samfunnet, og korleis dei påverkar folk sine vanar for matinnkjøp. Kva kjøper dei, kor og kvifor, spør ho seg.

Slik skal ho finne beste løysing for eit bærekraftig matsystem som skapar matsikkerheit i nord.

Portrettbilde av voksen kvinne ute i en gate
Skolehagar: Stipendiat Beste Onat jobber ved Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag, campus Levanger. Foto: privat

Skulehagar

Onats skulehagar skal ikkje berre vere ein stad elevane lærer seg å laga mat. Hagane skal tilpassast området dei er i, og i samarbeid med lokalsamfunnet.

– Eg har tru på at vi som samfunn er nøydd til å tilpasse oss naturen på ein betre måte. Difor ønskjer eg å finne beste løysing for utendørshagar der elevar lærer å lage mat i tråd med pensum, lærer korleis eit bærekraftig matsystem kan fungere saman med naturen rundt og i samband med kunnskap om gamle skikkar, seier ho.

Begge søkjer å finna løysingar som kjem innbyggjarane i nord til gode.

– Eg har lyst å finne ut korleis system for matinnkjøp og matsanking som fungerer best, og da for ulike grupperingar. For folk likar ulike ting, og vi må da ha ulike løysingar, sier Rohde.

Hun har forska på temaet i to år – i Norden. Stipendet fra Arctic Six gjer at ho no kan undersøkje korleis det står til i Nord-Sverige og Nord-Finland også. Ho har i alt fire år på seg for å bli ferdig med arbeidet.

Kvinne som tar bilde av sovende hunder inne i et laboratorium, mens tre andre står og kikker på.
Omvising: Claude Véron-Réville er EUs spesialutsending til Arktis. Ho fekk ei omvising ho nok seint vil gløyma. Her i dyreklinikken på Noatun saman med Corine Wood-Donnelly, dekan Mette Sørensen og senioringeniør Tor Erik Jørgensen. Foto: Lise Fagerbakk.

– Naturleg og fredeleg

Det faktum at Nord universitet no er ein del av eit viktig samarbeid i Arktis, fekk til og med EU sin spesialutsending til Arktisk til å besøke campus Bodø.

Claude Véron-Réville fekk eit godt inntrykk av Nord universitet.

– Det er eit fantastisk miljø å tenkje i her. Det er stort, moderne, naturleg og fredeleg. Og dere samarbeider med andre. Nord universitet tar sin plass i forsking for Arktis, seier ho.

Kvinne som tar selfie ved en stor skulptur på campus.
Naturleg: Claude Véron-Réville fant roen i nord.

Véron-Réville si rolle i EU, er å auke kunnskapen og framsnakke Arktis i EU-parlamentet.

– Det er for tida mest snakk om sikkerheit, men det er også menneske i Arktis. Me ser heilheita, forsikrar ho.

Fakta om Arctic Six (A6)

  • Allianse mellom seks arktiske universitet i Noreg, Sverige og Finland.
  • Saman har universiteta 10 000 forskarar og 90 000 studentar.
  • Samarbeid om utdanning, forsking og innovasjon som kan bidra til å utvikla Arktis som ein berekraftig region.
  • Aktørar innan næringsliv og industri i dei tre landa samarbeider også tett med A6-universiteta.
  • A6 utgjer også eit eige regionalt senter for det internasjonale Uarctic-nettverket.
  • Medlemmer: Luleå tekniska universitet, UiT Noregs arktiske universitet, Umeå universitet, Lapplands universitet og Uleåborgs universitet og Nord universitet.