Auke i ja-svar ved Nord universitet

Glade studentar ved studiestart som sit ute. Foto

Fleire ja-svar enn i fjor: Studieåret 2024/2025 er no i gang ved Nord universitet. Foto: Adrian Svendsen Bensvik.

Auke i ja-svar ved Nord universitet
Ferske tal syner at 5 883 studentar har takka ja til studieplass ved Nord universitet for studieåret 2024/2025. Det er ei auke på over fem hundre frå i fjor.

Eit nytt studieår er no godt i gang ved sju av Nord universitet sine studiestadar. Sist ute er studiestad Vesterålen, som har opning 28. august.

Nær 11 000 har fått tilbod om studieplass

Ferske tal frå 14. august syner at 10 897 studentar har fått tilbod om studieplass ved Nord for komande studieår. Av desse har 5 883 takka ja til plassen. Dette er ei auke på over 500 frå førre studieår.

I alt har kring 3 000 studentar takka ja til eit studium via Samordna opptak, medan 2 800 har takka ja til eit studium via lokalt opptak.

– Opptaket sett under eitt ser greitt ut for Nord universitet, gitt mellom anna fallande ungdomskull, seier Levi Gårseth-Nesbakk, prorektor for utdanning (bilete under).

Han understrekar samtidig at noko av aukinga skuldast fråfall frå karakterkrav for lærar og sjukepleiar, og at noko av aukinga er knytt til nettbaserte studiar.

Voksen mann med armene i kryss, med skjorte og blå dressjakke. Foto
Oppteken av tal: Levi Gårseth-Nesbakk er prorektor for utdanning ved Nord universitet. Foto: Roger Grostad.

Møtt-tala er klare i oktober

Det som jamvel er viktigast og aller mest interessant, er møtt-tala; altså kor mange av dei som har takka ja til studieplassen, som faktisk møter opp til studiet dei har kome inn på.

Møtt-tala skal universiteta og høgskulane rapportere på den 15. oktober til DBH – Database for statistikk om høgare utdanning.

Nord universitet har framleis studiar som ikkje fyller studieplassane. Her finn du oversikt over ledige studieplassar ved Nord universitet