Resultata kjem frå ei studie der ein har latt fôr tilsett tang bli utsett for fordøyingsvæske frå vomma til kua.
Drøvtyggjarar, som kyr, sauer og geiter, dannar metangass når dei fordøyer fôret dei et.
– Magen hos drøvtyggjarar består av fire kammer, der vomma utgjer den største delen. Vomma inneheld unike mikroorganismar. Desse spelar ei viktig rolle i fordøyinga, men nokre av desse mikroorganismane produserer òg metangass, seier forskar Deepak Pandey.
Metan er ein kraftig klimagass som i stor grad bidreg til den globale oppvarminga. Metangass frå drøvtyggjarar har dermed ein negativ effekt på miljøet. Som eit ledd i å redusere klimagassutsleppa blir det difor jobba hardt for å finne alternative fôrtilskot, som kan tilsetjast direkte i drøvtyggjaranes diett.
Sjekka 12 norske tangartar
Nokre marine makroalgar – tang og tare – har allereie vist seg som lovande kandidatar. Det gjeld særleg den tropiske raudalgen Asgaragopsis. Men ein har lite kunnskap om i kva for grad tang og tare frå norske farvatn har potensial til å redusere metanproduksjonen hos drøvtyggjarar.
Forskarar ved Nord universitet har no, saman med forskarar frå Universitetet i København og Århus universitet, gjennomført ei omfattande studie for å utforske potensialet hos 12 norske algeartar som dyrefôr. I studien har ein òg sett på korleis næringsinnhaldet og potensialet til å redusere metangassproduksjonen i vomma endrar seg gjennom alganes vekstsesong.
– Makroalgar inneheld ein del spesielle stoff, såkalla bioaktive komponentar, som hjelper dei å overleve og forsvare seg i det tøffe miljøet dei lever i. Dei same stoffa er i stand til å endre samansetninga og aktiviteten til mikroorganismane som lever i vomma hos drøvtyggjarane. Det inkluderer også dei mikroorganismane som produserer metangassen, forklarer Pandey.
Pandey har nyleg avlagt doktorgraden ved Nord universitet, der han har studert marine makroalgar som ein miljøvenleg og helsefremjande ingrediens i fôr til husdyr.
– Ved å tilsetje tjue prosent algar i fôret og la det gjære ved bruk av fordøyingsvæske frå ku-magar, fann vi at nokre av makroalgane vi hausta inn frå norskekysten var i stand til å redusere metanutsleppa vesentleg. Ei av dei viktigaste artane, Fucus vesiculosus, reduserte metanutsleppet med heile 62 prosent, fortel Pandey.
Fucus vesiculosus er betre kjend som blæretang og veks i store mengder langs heile norskekysten. Ein annan brunalge som lett kan forvekslast med blæretang, er grisetang (Ascophyllym nodosum). Også denne bidrog i stor grad til å redusere produksjonen av metangass i fôrforsøka.
Unike polyfenolar
Felles for dei to tangartane er at dei er rike på bioaktive stoff, særleg polyfenolar og phlorotannin.
– Dette er stoff som algane lagar for å forsvare seg mot ugunstige klimaforhold, som når dei blir utsette for sollys. Desse stoffa har ei rekke helsefremjande effektar, og fungerer både antimikrobielt og som antioksidantar, seier Prabhat Khanal, førsteamanuensis ved Nord universitet.
I studien fann forskarane at høgt innhald av polyfenolar var knytt til makroalgane si evne til å redusere metanproduksjon. Men dei fann òg at reduksjonen av metangass var assosiert med redusert fordøyelse, der tjue prosent innslag av blæretang og grisetang i fôret reduserte fordøyelsen i laboratorieforsøka med 25 prosent.
Klimafordelen med makroalgar som fôrtilskot kan dermed gå på kostnad av fordøyelsen og utnyttinga av fôret.
– Mikroorganismane bidreg til å fordøye maten. Men ikkje alle har ei slik nyttig rolle for dyret. Nokre mikroorganismar fordøyer karbohydrat, andre produserer berre metan. Det som skjedde var at dei metanproduserande mikroorganismane vart reduserte, men også dei bakteriane som braut ned fôret vart påverka, seier Pandey.
Det ideelle vil difor vere å finne eit fôrtilskot som berre reduserer dei metanproduserande mikroorganismane utan å skade dei bakteriane som står for fordøyinga.
– Spørsmålet blir då: Kor mykje algar bør ein tilsetje i fôret? Og kva for alge-artar? Ein kan ikkje berre sjå på evna til å redusere metanproduksjonen. Ein må òg ta med næringsinnhaldet og effekten på fordøyelsen.
Nokre andre artar, som til dømes grønalgen havsalat (Ulva lactuca), førte òg til ein vesentleg reduksjon i metanproduksjonen. Her var reduksjonen tretti prosent samanlikna med kontrolldietten utan tilsette algar. Til forskjell frå mange brunalgar har denne grønalgen òg eit høgt proteininnhald.
– Sjølv om ein ikkje oppnår ein reduksjon i metanproduksjonen på seksti prosent, vil dette vere viktige funn. Om vi klarer å redusere metanproduksjonen med «berre» tretti prosent, vil det framleis kunne ha signifikant betyding for utsleppa av klimagassar, seier Khanal.
Underutnytta ressurs
Khanal understrekar at ein også må ta omsyn til den økonomiske sida av bruken av makroalgar i norsk husdyrhald.
Tang er underutnytta, og ei god kjelde til næring og bioaktive komponentar. Men spørsmålet er om kommersiell produksjon er økonomisk berekraftig.
Phrabat Khanal, forskar
– Tang er underutnytta, og ei god kjelde til næring og bioaktive komponentar. Men spørsmålet er om kommersiell produksjon er økonomisk berekraftig. Kan det auke lønsemda for bøndene? Dette er noko som alltid må takast med i reknestykket, seier Khanal.
Forskarane ved Nord universitet har også samanlikna næringsinnhaldet i dei norske brunalgar ved ulike årstider. Haustar ein algane om våren, har dei høgare innhald av protein enn om hausten. Men innhaldet av polyfenolar er høgare om hausten enn om våren.
– Dette er viktig kunnskap å ha når ein skal hauste tangen. Ein må velje årstid ut frå kva tangen skal brukast til, seier Khanal.
Tang og tare har generelt vore vanskeleg å bruke som dyrefôr, sidan dei inneheld ein del karbohydrat som er vanskelege å fordøye. Brunalgar har også høgt innhald av mineral som jod, fosfor og natrium, som kan avgrense nytteverdien som dyrefôr.
– Dyr treng ein del mineral, men for høgt inntak kan ha negative effektar. Mineralinnhaldet i algane kan derimot reduserast etter innhausting med prosessar som forvelling i varmt vatn. Slik enkel prosessering kan gjere algane til eit tryggare fôrtilskot. Men igjen må vi tenkje på berekraft, både økonomisk og miljømessig, seier Khanal.
Det må med andre ord meir forsking til før ein kan utnytte miljøfordelane i dei marine algane. Ved Nord universitet vil Khanal og dei andre forskarane utvikle nye prosjekt ved å ta forsøka ut av laboratoriet og inn i fjøset.
– Men først må vi gjere fleire laboratorieforsøk. Så langt har vi hausta tang om våren og hausten, men vi ønskjer også å sjå på sommarsesongen. Når vi har undersøkt dei tre sesongane på laboratoriet, kan vi gå vidare til storskala fôrforsøk på dyr, seier Khanal.
Forskinga har vore finansiert av Nord universitet og Regionale forskingsfond Trøndelag.