– Bodø er eit openbert lovleg mål i krig

– Bodø er eit openbert lovleg mål i krig
Den nye NATO-basen i Bodø er eit openbert lovleg mål i krig, og Noregs Raude Kors stiller spørsmål ved avgjerda om plasseringa. Ordføraren på si side kjenner seg tryggare.

NATOs nye regionale luftoperasjonssenter (CAOC) vart offisielt opna på Bodø flystasjon 10. oktober 2025 for å leie allierte luftoperasjonar i nordområda og Arktis.

Basen ligg kort veg frå bustadområde, og Raude Kors stiller spørsmål ved tryggleiken.

– Det er openbert at eit slikt hovudkvarter er eit lovleg mål i tilfelle krig. Om det er konflikt, er det inga tvil om at dette kan angripast, seier sjefsjurist for internasjonal humanitær rett i Raude Kors, Tobias Köhler.

Tysdag 17. februar møter han mellom anna Bodø-ordførar Odd Emil Ingebrigtsen (H) og statssekretær Marte Gerhardsen (A) til debatt i regi av Lytring i Stormen bibliotek.

Lytring 17. februar 2026

Er det trygt å bu i Bodø? Lytring inviterar til debatt og spør kva det betyr for innbyggjarane si sikkerheit, og kva som skjer om USA vendar NATO ryggen?

  • 17. februar 2026 kl. 18.00-19.30
  • Stormen bibliotek i Bodø
  • Debatten blir i tillegg strøyma på YouTube

Lytring: Bodø - eit bombemål?

Reagerer på utsegna frå forsvarsministeren

Noreg er gjennom Genève-konvensjonen forplikta til å gjere alt som er praktisk mogleg for å unngå å plassere militære mål saman med sivile. Forsvarsministeren har sagt at plasseringa vart vald fordi ho var rimelegare enn alternativet på Reitan, samt at det ville gå raskare å få basen i drift.

Köhler og Noregs Raude Kors meiner det er viktig at ein i diskusjonen om plassering tek omsyn til Noregs plikter til å sørgje for at militære mål ikkje blir plasserte i nærleiken av sivile objekt når det er mogleg.

– Vi reagerte på utsegna frå forsvarssjefen om at plasseringa må vurderast opp mot om ho er «betre, billegare og raskare», og eg meiner det òg må takast omsyn til vern av eigne sivile når ein snakkar om «betre», seier Köhler.

Han tek ikkje stilling til om plasseringa bryt med konvensjonen, fordi det er ei fagleg vurdering som blir gjort mellom anna ut frå kva type våpen ein kan vente blir brukte, og i kva grad dei vil føre til øydeleggingar for sivile.

– Det blir i alle fall meir krevjande for ein fiende å minimere skade på sivile objekt om dei blir plasserte for nær. Det gjer at det ved eit angrep er fare for meir sivil skade og øydelegging, seier Köhler.

– Vår plikt å stille opp

To pent kledde voksne menn som prater sammen inne i et konferanserom. Foto
Ei plikt å stille opp: Bodø-ordførar Odd Emil Ingebrigtsen meiner Bodø har ei plikt til å stille opp for Noreg, og kjenner seg tryggare med ein NATO-base i byen. Her avbilda saman med forsvarsminister Tore O. Sandvik då den nye basen vart opna i fjor haust. Foto: Preben Hunstad / Bodø kommune.

Ordførar Odd Emil Ingebrigtsen på si side kjenner seg trygg på dei faglege vurderingane som er gjorde når det gjeld plasseringa.

– Vi har tillit til at Forsvarsdepartementet gjer dei beste vurderingane i dette, det er dei som er fagfolka her, seier Ingebrigtsen.

Han og Høgre har med seg eit stort fleirtal av bystyret i sitt ja til den nye basen. Berre Raudt stemde imot. For Ingebrigtsen er det sjølvsagt å seie ja.

– For det første er forsvaret av nordområda viktig, og vi kjenner oss tryggare når vi har Forsvaret i nærleiken.

– For det andre er vi i ei tid der det er behov for å ruste opp. Vi har ein aggressiv nabo, og det må vi ta inn over oss. Når Forsvaret ber oss stille opp, gjer vi det.

Positivt med arbeidsplassar

Kritiske røyster har stilt spørsmål ved om det er den utfordrande økonomien i Bodø kommune som gjer det så lett å seie ja til NATO.

Odd Emil Ingebrigtsen legg ikkje skjul på at dei økonomiske ringverknadene er gode, men ser på det som ein bonus.

– Bodø er ein forsvarskommune og har vore det i mange år. Det er mykje militær infrastruktur her frå før. Sjølvsagt blir det arbeidsplassar av dette, og det verkar positivt inn på byutviklinga. Vi meiner dette er forsvarspolitisk viktig, og ein del av identiteten til Bodø er òg at vi er ein forsvarsby.

I siste bystyremøte i Bodø kom Sosialistisk Venstreparti med ønske om at kommunen må lage ei orienteringssak som belyser korleis tryggleiken til lokalbefolkninga er ivareteken dersom NATO-basen blir permanent.

Eit klart fleirtal stemde mot dette forslaget, og har dermed tillit til vurderingane som er gjorde i saka.

Denne gongen spør altså Lytring: «Er det trygt å bu i Bodø?». I tillegg til Odd Emil Ingebrigtsen og Tobias Köhler sit følgjande personar i panelet: Marte Gerhardsen, statssekretær i Forsvarsdepartementet, Tanja Ellingsen, forskar ved Nord universitet, og Anton Andreassen, leiar i Sosialistisk Ungdom Nordland. Samtalen blir leidd av Arne O. Holm. Debatten kan sjåast direkte og i opptak på lytring.no

Lytring 17. februar 2026

Er det trygt å bu i Bodø? Lytring inviterar til debatt og spør kva det betyr for innbyggjarane si sikkerheit, og kva som skjer om USA vendar NATO ryggen?

  • 17. februar 2026 kl. 18.00-19.30
  • Stormen bibliotek i Bodø
  • Debatten blir i tillegg strøyma på YouTube

Lytring: Bodø - eit bombemål?

Fakta om Lytring

Lytring skal stimulere til samfunnsengasjement og setje dagsorden både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Lytring er eigd av Nord universitet og Nordlandsforskning. Lytring skal setje kunnskapen og forskinga ved desse institusjonane på kartet og skape ein arena for dialog og diskusjon med andre kunnskapsinstitusjonar.

I løpet av eit kalenderår lagar Lytring:

  • 9 debattar i Bodø, Stormen bibliotek
  • 2 debattar i Levanger, Røstad Scene
  • 2 debattar i Mo i Rana, Teaterkafeen
  • 2 debattar i Svolvær, Lofoten kulturhus

Redaktør og dagleg leiar for Lytring er Anki Gerhardsen.

Alle debattane blir strøymde og lagra via lytring.no