Bodø2024 er over – kunstnarane forlèt byen

Bodø2024 er over – kunstnarane forlèt byen
Bodø2024 lova eit løft for kulturnæringane, men no er kunstnarane i ferd med å forlate byen. – Om det ikkje blir teke grep innan få månader, vil effekten av kulturhovudstaden forsvinne, seier kunstnar Marianne Bjørnmyr.

Tysdag 22. april arrangerer Lytring igjen debatt i Stormen bibliotek, og denne gongen er det Bodø2024 som skal diskuterast. For det kosta 310 millionar kroner å gjere Bodø til europeisk kulturhovudstad, og 200 av desse millionane var offentlege midlar. Var det verdt det?

– Å bruke 200 millionar på Bodø2024 kan gje 1,2 milliardar kroner tilbake i verdiskaping. Det viser førebelse utrekningar vi har gjort, seier Anatoli Bourmistrov, professor ved Nord universitet og prosjektleiar for Monitor2024, som evaluerer satsinga på oppdrag frå EU-kommisjonen.

Skal måle effekten av Bodø2024

Prosjektet skal skildre og forklare både kortsiktige og langsiktige effektar av Bodø2024, og nyttar ei rekkje ulike metodar for å måle mogleg påverknad på befolkningsutvikling, økonomi og samfunn.

For å samle inn data har forskarane mellom anna etablert ein folkejury beståande av innbyggjarar frå Bodø og Nordland, som deler sine opplevingar og meiningar om Bodø2024 før, under og etter gjennomføringa.

– Alle kulturhovudstadene har hatt positiv effekt på lokalsamfunna. Men det varierer kva slags effektar det er snakk om, kor store dei er og kor lenge dei varer. Spørsmålet er når Bodø har behov for ei ny injisering av midlar for å vidareføre effekten av Bodø2024, seier Bourmistrov.

Kunstnar: – Vi har eigentleg ingenting

Ung kvinne i kontorlandskap. Foto
Tar debatten: Marianne Bjørnmyr tek plass i panelet på Lytring 22. april i Bodø. Foto: Dan Mariner.

For kunstnar Marianne Bjørnmyr er svaret på dette spørsmålet klinkande klart:

– Viss det ikkje blir teke grep innan få månader, forsvinn energien som vart skapt gjennom Bodø2024. Mange kunstnarar har allereie flytta frå byen, det finst ingen arbeidsplassar for oss her, seier ho.

Viss det ikkje blir teke grep innan få månader, forsvinn energien som vart skapt gjennom Bodø2024.

Marianne Bjørnmyr

– I søknaden og på seminar var det mykje snakk om langsiktige arbeidsplassar og ringverknader, men det er svært lite å vise til i Bodø. Vi har ingen stipendordningar, ingen atelier, ingen tilskot, ingen kunstakademi – vi har eigentleg ingenting, seier ho.

I Stormen skal Bjørnmyr diskutere saka med mellom andre Henrik Dagfinrud, som er programsjef i Bodø2024. Politisk kommentator i Avisa Nordland, Stein Sneve, er òg til stades, saman med Arne Ivar Mikalsen, fylkesråd for samfunn, kultur og miljø i Nordland fylkeskommune. Forskar Oliver Henk frå Nord universitet representerer evalueringsprosjektet Monitor2024.

Debattleiar er Stig Jakobsen frå Avisa Nordland. Debatten blir strøyma på lytring.no.

Lytring: Bodø2024 – suksess eller sløseri?

  • 22. april 2025 frå kl. 18.00-19.30
  • Stormen bibliotek, Bodø
  • Gratis inngang

Lytring: Bodø2024 – suksess eller sløseri?