Først ute. Gunn Strand Hutchinson (nummer tre frå høgre på bakre rad) har tatt vare på klassebiletet frå 1975. Det første kullet med sosionomstudentar i Bodø vart nekta å vere med i fagforeininga.
Denne artikkelen er over ett år gammel.
50 år har gått sidan planane om ei sosionomutdanning i Bodø vart spikra. Nordland fylkeskommune hadde slått fast at sosionomutdanning burde vere ein del av den nye distriktshøgskulen, DH.
For Nord-Noreg mangla sosionomar, og det fanst ingen slike utdanningar nord for Trondheim.
Boikott-truslar
Men å leggje ei sosionomutdanning inn under ein distriktshøgskule, dét møtte kraftig motstand.
Ei ekte sosialarbeidarutdanning skulle skje ved eigne skular, og ikkje som ein del av DH. Den haldninga gjorde at dei som ønskte seg til Bodø, som tilsette og studentar, rett og slett vart trua med boikott. Ingen studentar skulle få fast jobb, og lærarar som søkte, skulle bli kasta ut av fagforbundet.
Bjørn Sagdahl hugsar godt kor lite velkomen han var i starten.

– Da eg vart tilsett, saman med Sverre Eriksen, i 1973, var hovudoppgåva å lage ein studieplan. Ingen av oss hadde noko erfaring med sosionomutdanning, så eg drog til Oslo for å få ein køyreplan hos Diakonhjemmets sosialhøgskole. Der rekna eg med at eg skulle bli ønska velkomen, fortel Sagdahl.
Kasta ut av skulen
Så lett skulle det vise seg at det ikkje var. Da Bjørn Sagdahl presenterte seg i resepsjonen og sa han kom frå Nordland distriktshøgskule, vart det full stopp.
– Eg vart følgd ut på trappa og fekk ikkje kome inn, seier Sagdahl, som bestemte seg for å ta ein taxi til Norges kommunale sosialhøgskole.
Der vart det også tendensar til oppstyr da han kom. Heldigvis traff han på ein tidlegare studiekamerat.
– Unni Rustad kom tilfeldigvis forbi og sa «han Bjørn er okei». Dermed kom eg inn hos rektor og fekk alt eg bad om.
Sagdahl og Eriksen fekk kara til seg kunnskapen om korleis ei sosionomutdanning såg ut, og kunne byrje å planleggje forelesingsrekkja.

Takka ja til lærarjobb
Men boikotten var ikkje over med det. Både dei eksisterande utdanningane og fagforbundet NOSO var sterkt imot utdanninga, og det første kullet med studentar fekk ikkje lov til å melde seg inn i fagforbundet.
Heldigvis tok Solveig Askjem, som var lineleiar på Norges Kommunale sosialhøgskole, sjansen på ein jobb ved den nye utdanninga.
– Ho legitimerte studiet. Da ho kom hit, stilna kritikken, seier Bjørn Sagdahl.
Askjem sjølv var ikkje særleg uroleg for å bryte boikotten, sjølv om det med Askjems eigne ord var «eit helvetes spetakkel med NOSO».

– Stortinget hadde bestemt at det skulle vere distriktshøgskule i Bodø, så eg syntest ikkje det var nokon stor risiko. Om eg skulle bli boikotta av NOSO, fekk det berre vere, seier Solveig Askjem i dag.
– Eg var veldig oppteken av at det skulle vere utdanning av sosionomar i Nord-Noreg. Å få vere med på å starte ei ny utdanning, saman med aktive og engasjerte menneske i Bodø, var ei stor oppleving.
– Stor tyding
Så ho kom til Bodø, der undervisinga gjekk føre seg i ei brakke med plass til 15 studentar og eit par «kott» til lærarane. Toalettbesøk måtte føregå i distriktshøgskulen sine lokale eit steinkast unna.
Gunn Strand Hutchinson, som var student i det første kullet frå 1975, tenkjer på det som ei fin studietid.
At det var viktig for distrikta å få utdanninga i Bodø, kan både Strand Hutchinson og Askjem stadfeste:
– Det var nesten ingen av studentane ved Oslo kommunale sosialhøgskole som ville ut av byen for å ta jobb, seier Solveig Askjem.
For Strand Hutchinson og hennar studiekameratar var det motsett.
– Vi var veldig opptekne av å kunne styrke sosialarbeidarfaget i nord. Nesten alle ville ut til småkommunane etter at dei var ferdig utdanna, seier ho.
Bjørn Sagdahl var aldri i tvil om at nybrottsarbeidet var det rette å gjere, trass all motstanden.
– Nei, det var eg ikkje. Og vegen vart til medan vi gjekk den, slår han fast – femti år etter.

Nokre milepælar:
- 1974 Startar planlegging av sosionomutdanning ved Nordland DH
- 1975 Fyrste kull byrjar på sosionomutdanninga i Bodø. Kullet har 15 studentar, 14 av dei fullførte.
- 1991 Oppstart av barnevernspedagogutdanning i Bodø. Fyrste kull har 30 studentar.
- 2001 Oppstart av desentralisert, samlingsbasert utdanning i Mosjøen (frå 2005 vidareført i Mo i Rana)
- 2003 Oppstart av desentralisert utdanning på Stokmarknes (fram til 2019)
- 2003 Nord universitet tilbyr master i sosialt arbeid, som tredje utdanningsinstitusjon i Noreg.
- 2021 Oppstart av sosionomutdanning ved Nord universitet, Levanger
