Boom i spesialpedagogikk: – Studentane vel med hjartet og hovudet

Boom i spesialpedagogikk: – Studentane vel med hjartet og hovudet
Med heile 1239 søkjarar som har spesialpedagogiske studium ved Nord universitet som sitt førsteval, opplever fagmiljøet no rekordtal – og ei anerkjenning dei har bygd opp gjennom fleire tiår.

– Dette er utruleg gledeleg! Vi ser at stadig fleire forstår kor viktig denne kompetansen er – ikkje berre for skulen, men for heile samfunnet, seier Anne Marit Valle, professor i spesialpedagogikk ved Nord universitet.

Tala frå lokalt opptak (sjå tabell nedst i artikkelen) viser at interessa for spesialpedagogikk og logopedi skyt fart. Berre til dei vitskaplege masterprogramma har 305 studentar valt Nord som sitt førsteval.

– Det er eit klart signal om at vi har treft ei nerve i samtida. Behovet for spisskompetanse innan spesialpedagogikk og logopedi er stort, seier professor og studieprogram-ansvarleg Natallia Hansen.

Kunnskap som set spor

Ifølgje Utdanningsdirektoratet strevar om lag éin av fem elevar i grunnskulen med lesing og skriving.

Ved Nord universitet har ein bygd opp sterke fagmiljø sidan oppstarten av mastergradutdanninga i 2005. Professor Valle har vore med heile vegen, og ho opplever at studentane i dag er spesielt motiverte:

I ei verd prega av uro og ulikskap, vel dei å utdanne seg innanfor eit felt som handlar om inkludering, mangfald og menneskeverd. Det er både rørande og viktig.

Anne Marit Valle

– Mange av dei tek bevisste verdival. I ei verd prega av uro og ulikskap, vel dei å utdanne seg innanfor eit felt som handlar om inkludering, mangfald og menneskeverd. Det er både rørande og viktig, seier ho.

Voksen kvinne med langt lyst hår som flagrer i vinden. Foto
Stort behov for spesped: Anne Marit Valle er professor i spesialpedagogikk og har vore sentral i oppbygginga av studiet frå starten i 2005. Foto: Nina Kjeøy.

Ho understrekar at det ikkje berre handlar om teori.

– Studentane våre er tett på praksis, og mange får jobbtilbod allereie før dei er ferdige. Dei går til stillingar i skule, barnehage, PPT, Statped og andre delar av hjelpeapparatet. Det gjer at utdanninga har både fagleg djupn og direkte relevans, seier Valle.

Ein stille revolusjon i utdanninga

I ei tid der mange ropar etter meir spesialisert kompetanse i skulen, peikar Hansen på at Nord universitet har jobba målretta for å møte behova.

– Vi utdannar spesialpedagogar og logopedar som ikkje berre kan faget, men òg ser enkeltmennesket. Det er ein stille revolusjon i korleis utdanning og støtte til elevar blir tenkt, seier ho.

Hansen trur òg populariteten handlar om ei større samfunnsforståing blant studentane:

Det er ikkje berre eit karriereval - det er eit verdibasert val.

Natallia B. Hansen

– Dei vil gjere ein forskjell. Det er ikkje berre eit karriereval – det er eit verdibasert val, seier ho.

Portrettbilde av kvinne i srot hvitt. Foto
Målretta arbeid: Natallia B. Hansen er professor i spesialpedagogikk ved Nord universitet. Foto: privat.

Vil bidra i klasserommet – og i samfunnet

Det er med stoltheit fagmiljøet ved Nord no tek imot årets rekordhøge søkjartal. For professor Valle handlar det om meir enn statistikk.

– For å stå i klasserommet og verkeleg ivareta alle elevar – uansett behov – må du ha spesialpedagogisk kompetanse. Det gir deg tryggleik og handlingsrom, anten du er kontaktlærar eller rådgivar, seier ho.

Ho legg til:

– Det er ei gåve å få bidra til at fleire barn og unge blir sett og møtt på ein god måte. Og det er nettopp dette studentane våre er motiverte for.

Studieprogram1. prisøkjarar
Spesialpedagogikk, Bodø (master)106
Logopedi, Bodø (master)112
Spesialpedagogikk, Levanger (master)87
Spesialpedagogikk 2, for 1.-10. trinn, nettbasert205
Spesialpedagogikk 1, for 1.-10. trinn, nettbasert408
Spesialpedagogikk - ulike lære- og funksjonsvanskar, Nesna32
Spesialpedagogikk, matematikkvanskar Levanger89
Spesialpedagogikk 1, 8.-13. trinn, nettbasert200
SUM1239