Vi opplever no eit stadig større tal åtak på nett som raskt kan føre til alvorlege samanbrot på kritiske område som vatn, straum og digital kommunikasjon. Vestleg etterretning er klar på at framande makter byggjer opp eit omfattande apparat for hybrid krigføring.
Systematisk søk etter svakheiter
Gjennom etterretningsorgana sine etablerer land som Russland, Kina og Nord-Korea falske profilar og falsk dokumentasjon for å lure seg inn i datanettverk.
– Dei søkjer systematisk etter svakheiter i tryggingssystem, og dei testar ut moglege verktøy for effektivt å kunne øydeleggje sensitive datasystem. Åtak på datanettverk kan òg kombinerast med fysisk sabotasje og vere starten på ein fullskala krig, slik vi har sett det i Ukraina, seier professor Odd Jarl Borch ved Handelshøgskolen, Nord universitet.
Internasjonalt ekspertpanel
Professor Borch leia nyleg eit ekspertpanel ved Sikkerheits- og Forsvarsuniversitetet i Zagreb. Panelet tok føre seg digital avhengnad og utfordringar knytte til dataåtak frå framande statar.
Møtet var arrangert av den norske ambassaden i Kroatia, Sikkerheits- og Forsvarsuniversitetet i Zagreb og fagnettverket Utsyn. Blant deltakarane var representantar frå den politiske leiinga i utanriksdepartementa i Noreg og Kroatia, samt representantar frå Forsvaret, industri og forskarar innan hybrid krigføring.
I ekspertpanelet vart det diskutert kva for sårbarheiter som finst i dei digitale nettverka våre, og korleis ein kan få til eit tettare innovasjonspartnerskap mellom næringsaktørar og styresmakter for auka tryggleik.
Stadig meir illevarslande signal
Bruk av kunstig intelligens er i fokus, både som våpen og som eit verkemiddel for å avdekkje digitale åtak. Borch gav i haust ut ei ny bok om hybride truslar saman med fleire europeiske forskarar. Han peikar på at det er stadig meir illevarslande signal frå regime som ikkje ønskjer oss vel.
Han er klar på at vi no er nøydd til å satse mykje meir på å verne datasystema og datanettverka våre.
– Vi må i tillegg gjennomføre fysisk sikring av kritisk infrastruktur som kraftforsyning, telenett og vassforsyning.
Vi må òg byggje ei auka tryggingsforståing hos oss alle, inkludert ein meir kritisk haldning til korleis vi brukar mobil, internett og sosiale medium.
Odd Jarl Borch
– Når vi no har nådd målet om to prosent av brutto nasjonalprodukt til løyvingar for Forsvaret, må vi ikkje slappe av. Vi må sterkt vurdere om vi skal bruke eit liknande beløp på å verne dei tenestefunksjonane vi er kritisk avhengige av. Vi kjem ikkje unna at dette vil koste mykje. Her må dei største eigarane – stat, kommunar og private aktørar – få til eit spleiselag, og det bør skje raskt, avsluttar Borch.