Deling på autopilot – kva kostar det oss?

Deling på autopilot – kva kostar det oss?
Grensa mellom privat og offentleg har aldri vore så utydeleg som i dag. Stadig fleire deler liva sine på sosiale medium – frå fjellturar og treningsøkter til intime glimt frå barns sjukdom og familieliv. Men kvifor gjer vi det, og kva gjer det med oss?

Dette er tema når Lytring inviterer til debatten “Takk for at du ikkje deler” på Røstad Scene i Levanger tysdag 14. oktober.

I panelet møter publikum mellom andre komikar og tekstforfattar Kristin Nordvoll Mork, kjent frå Foreldrefella, og historieprofessor Hilde Gunn Slottemo, som nyleg har gitt ut boka Privatlivets historie.

Ein ny revolusjon

Bilde av voksen kvinne i svart skjorte som står foran bokhyller inne i en stue.
Hilde Gunn Slottemo, historieprofessor. Foto: Lise Musum Stangvik

– Vi står midt i ein ny revolusjon, på linje med den industrielle. Det digitale har fundamentalt endra grensene mellom det private og det offentlege, seier Slottemo.

Ho peikar på at deling i sosiale medium handlar om meir enn merksemd – det handlar om å søkje fellesskap:

– Når tradisjonelle fellesskap er svekka, skriv individet seg inn i nye fellesskap ved å dele. Spørsmålet er kva konsekvensar det får for oss og for den offentlege debatten.

Stort behov for bevisstgjering

Portrettbilde av ung kvinne
Kristin Nordvoll Mork, komikar og tekstforfattar. Foto: Aleksander Mork.

For Kristin Nordvoll Mork handlar det om bevisstgjering i ei tid der deling ofte skjer på autopilot:

– Kva er mitt privatliv og kva er barna sitt, og kva er det greitt å publisere? Vi må stoppe opp og reflektere. Media og reality-TV lønar dei som deler mest, men vi treng ein samtale om prisen vi betaler, seier ho.

Ho har sjølv sett eigne grenser:

– Eg har aldri publisert bilete av barna mine, men eg deler glimt av meg sjølv og livet som mor. Likevel hender det at barna spør: ‘Må du dele rotet vårt, mamma?’ Det er ei viktig påminning.

Debatten vil utfordre oss til å reflektere over spørsmål som: Kvifor kjenner vi eit behov for å dele? Kva mistar vi når privatliv blir offentleg? Og kva konsekvensar får det for barn og unge når foreldra eksponerer dei på nett?

“Takk for at du ikkje deler” blir arrangert av Lytring på Røstad Scene i Levanger 14. oktober kl. 19.00. Arrangementet er gratis og ope for alle.

Panelet består elles av forskar Aksel Tjora ved NTNU og Panagiota Xanthouli, elev ved Levanger vidaregåande skule. Debatten blir leia av Andrea Tiltnes, journalist i Adressa.

Lytring kan òg sjåast direkte og i opptak på lytring.no.

Lytring i Levanger 14. okt. 2025

Takk for at du ikkje deler! Grensa mellom det private og det offentlege har aldri vore så tynn, og mange av oss legg livet vårt ut i sosiale media eller deler det i pressen. Kvifor gjer vi det, og korleis verkar ei privatisert offentlegheit inn på individet sjølv og på samfunnet?

Kl. 19.00-20.30 på Røstad Scene, og live på YouTube.

Debattpanel:

  • Aksel Tjora, NTNU
  • Hilde Gunn Slottemo, Nord
  • Panagiota Xanthouli, elev ved Levanger vgs
  • Kristin Nordvoll Mork, Foreldrefella

Lytring: Takk for at du ikke deler