Noreg vil trenge minimum 2500 godstransportsjåførar og nærare 2000 persontrafikksjåførar fram mot år 2030. Det er eit tal som er formidabelt.
Som landets største utdanningsinstitusjon for trafikklærarar, både for klasse B og tyngre klassar, kjende Nord universitet på ansvaret.
− Nokon må jo utdanne desse sjåførane. Vi forstod at vi måtte tenke alternativt.
Det seier Katrine Grinerud, emneansvarleg for trafikklærar tunge køyretøy ved Nord universitet i Stjørdal.
Ei ekstra bevilling gjorde at 25 nye studieplassar blei oppretta, og hausten 2022 var eit rekordstort kull i gang med trafikklærarutdanninga.
30 nye trafikklærarar for tunge køyretøy
Målet var å rekruttere flest mogleg til vidareutdanninga «Trafikklærar tunge køyretøy».
− Og no i haust kan vi glede oss over at tretti studentar snart er klare til å ta fatt på jobb som trafikklærarar for tunge køyretøy, seier Grinerud.
Ekstra studieplassar var berre eitt av tiltaka. I tillegg blei opptakskrava justerte.
− Vi ønskte å få inn fleire studentar med realkompetanse og erfaring som yrkessjåfør, seier Grinerud.
Fekk jobbtilbod før han søkte på utdanninga
Ein av dei som såg moglegheita til å skaffe seg ein ny leveveg, var Pål Robert Aasegg frå Namsos.
Etter 20 år som bussjåfør var tida inne for å tenkje nytt. Då han fekk tilbod om jobb som tungbillærar allereie før studieplassen var sikra, var det ikkje så mykje å tenke på. Han søkte på grunnutdanning som trafikklærar, og tar i haust vidareutdanning for å bli tungbillærar.
Ein jobb han gler seg veldig til å ta fatt på.
− Det skal innrømmast at for ein som gjekk ut av vidaregåande for tjue år sidan, har den akademiske biten vore den største utfordringa. Men ikkje vanskelegare enn at den som vil, klarar det, seier han med overtyding.
− Men du må vere innstilt på at det å kome inn på bakgrunn av realkompetanse ikkje er ein snarveg til trafikklæraryrket, legg han til.
Pål Robert meiner at hans erfaring som bussjåfør under dei skiftande ver- og føreforholda vi har her til lands, har vore ein stor fordel.
− Eg treng jo ikkje å lære meg å køyre bil. Den biten er på plass. Eg har kunna konsentrere meg om å bli trygg på lærarrolla, seier han.
Tungtvegande betongbilpraksis
For Charlotte Dalen frå Grong var utgangspunktet litt annleis. Ho hadde studiekompetansen på plass, men meiner likevel at den tungbilpraksisen ho har skaffa seg sidan oppkøyringa i 2017, er gull verdt.
Å gå over i ein jobb der ho veit at ho kan dra heim kvar dag, vog tungt då nytt yrkesval skulle takast.
− Å vere tungbillærar er eit stort ansvar. No ser eg fram til å starte i ny jobb over jul, og fortsette å lære av mine kollegaer, seier Charlotte, som tar med seg respekten for tunge køyretøy inn i den nye jobben.
− Å utdanne trygge tungbilsjåførar blir mitt bidrag til nullvisjonen, seier ho.
Nytt studietilbod til hausten
Som eit ytterlegare tiltak er trafikklærarutdanninga i rute med utvikling av eit nytt tilbod til yrkessjåførar. Eit to-årig, samlingsbasert studium som Katrine Grinerud vonar vil bidra til at enda fleire av våre dyktige yrkessjåførar vel å bli trafikklærarar på tunge køyretøy.
Gjennom begge desse utdanningstilboda har ho tru på at det nasjonale kompetansebehovet for trafikklærarar på tunge køyretøy vil bli dekka.
Trafikklærar tunge køyretøy
Studiet går over eitt semester og gir deg kompetanse som trafikklærar for tunge køyretøy.
- Studieform: Heiltid
- Studiepoeng: 30
- Studielengde: 1/2 år