Ei signering av ein leigeavtale kan nok høyrast noko kjedeleg ut. Men ifølgje ordførar Amund Lein i Namsos kommune, er det her snakk om ein avtale som er uhyre viktig både for Namsos og for heile Namdalen.
Nyleg signerte nemleg Nord universitet ein leigeavtale med Finn Christiansens veg 1 AS i Namsos. Avtalen inneber at studiestad Namsos både vert totalrenovert og bygd ut, og at dei om eitt års tid vil få nokre av dei mest moderne ferdigheitsavdelingane for helsefagstudentar i landet.
Det skal vere godt å vere student i Namsos, og det blir det definitivt no.
Hanne Solheim Hansen, Nord-rektor
Avtalen vart signert av Nord-rektor Hanne Solheim Hansen og Randi Dille, dagleg leiar i Finn Christiansens veg 1 AS.
– Dette betyr at studentane våre her i Namsos om eitt års tid vil få fantastiske arbeidsforhold i det kliniske kompetansesenteret. Dei vil få fasilitetar og forhold som liknar på praksis, og dei skal få si ferdigheitstrening i moderne lokale med moderne simuleringsutstyr, seier Solheim Hansen.
– Det skal vere godt å vere student i Namsos, og det blir det definitivt no, seier ho.
Ein årelang prosess
Tomm Sandmoe er eigedomssjef ved Nord universitet, og han fortel at prosessen fram mot signeringa har vore lang.
– Dette er ei sak som går tilbake til 2017, då vi først byrja å planleggje fornying av lokala våre i Namsos. I 2021 laga Nord universitet ein moglegheitsstudie, som styret handsama same år og gav si tilslutning til. Styret har sidan handsama saka ytterlegare to gonger, og ved siste handsaming 7. mars 2024 gav dei sitt ja til å gå for ei samla stor utbygging av studiestad Namsos, fortel Sandmoe.
Kontraktspartnar Finn Christiansens veg 1 AS har allereie gjort ei totalrenovering av den eldste bygningsmassen, som stod klar i fjor haust. Det betyr at kontorbygget allereie er oppgradert. No står resten av bygningsmassen for tur. Byggetid er anslått til om lag eitt år.
– Dei vil starte med det nye tilbygget, som òg vil bli fasaden på studiestaden, som dermed får ny hovudinngang.
– Etter det skal klinisk kompetansesenter byggast. Dette vil bli ei fornying av lokala som helsefagstudentane våre skal nytte. Nybygget blir òg studentane sitt vrimleareal og spiseareal.
– Vi skal òg pusse opp og fornye biblioteket og tilpasse undervisningsromma i 1. og 2. etasje, samtidig som grupperomma vil bli større. Heilt til slutt vil vi fornye utearealet, fortel Sandmoe.
Nord universitet går sjølv inn med betydelege midlar til utstyr både i kompetansesenteret, den nye kantina og i vrimleareala.
Med denne utvidinga og fornyinga, beveger vi oss òg i grøn retning.
Tomm Sandmoe, eigedomssjef
– Bygget blir meir moderne, det blir tettare og det får langt betre ventilasjon enn før, legg Sandmoe til.
Ordførar: – Ei stadfesting av Nord sin posisjon i Namsos og Namdalen
Amund Lein, ordførar i Namsos kommune, er krystallklar på at denne avtalen er av avgjerande betydning for heile Namdalen.
– Vi har i mange år vore opptekne av å få Nord universitet til å styrke sin posisjon her i Namsos. Det er ikkje så mange år sidan vi gjekk i fakkeltog, då studiestaden var truga av nedlegging. Denne utbygginga betyr difor enormt mykje både for Namsos og Namdalen, ikkje minst for å sikre sårt tiltrengt kompetanse i regionen. Dette gir oss ein tryggleik og ei stadfesting av Nord sin posisjon i Namsos og Namdalen i lang tid framover.
Samtidig er det utruleg tøft at Namsos no får ein av dei mest moderne helsefagutdanningane i landet.
Amund Lein, ordførar i Namsos kommune
Randi Dille, dagleg leiar Finn Christiansens veg 1 AS, nytta høvet til å skryte av Nord universitet som samarbeidspartnar.
– Eg vil trekkje fram det gode samarbeidet med Nord universitet. Det har vore ein hektisk prosess, men vi har klart å halde tidslinja trass i korte fristar, seier ho.
Begeistringa er gjensidig.
– Eg må òg få skryte av samarbeidet med Randi Dille og Finn Christiansens veg 1 AS. Dei har vore dyktige, og dei har strekt seg langt for at vi skulle få fasilitetar til ein overkommeleg pris. Det har vore veldig viktig, seier Hanne Solheim Hansen.
Studentane vil bli påverka i byggeperioden
Samtidig vil utbyggingsperioden medføre ein del støy og mellombelse løysingar som vil påverke studentane det komande studieåret, noko rektor òg var tydeleg på i si velkomsttale til studentane under sjølve studieopninga same dag.
– Det blir verre før det blir fantastisk, sa ho.
– Vi skal drifta samtidig som vi bygger. Men vi er svært opptekne av å finne smidige løysingar for studentane, og det skal vi få til i samarbeid med Namsos kommune og Olav Duun vidaregåande skule.
– Eitt av romma som må tømmast først, er kantina. Då er det veldig fint at Namsos kommune allereie har signalisert at studentane kan få nytte kantina i nabobygget Namdalshagen.
Leigeavtale - tal og fakta:
- Kontraktens partar:
- Utleigar: Finn Christiansens veg 1 AS
- Leigetakar: Nord universitet
- Entreprenør: Birger Pedersen AS i Namsos
- Kontrakten gjeld i første omgang for ti år, med moglegheit for forlenging i inntil samla 30 år.
- Studiestaden blir på rundt 6 600 kvadratmeter etter utbygginga (før: i underkant av 6 000).
- Det nye mellombygget blir på 532 kvadratmeter, medan arealet som blir ombygd i tillegg, blir på 3 300 kvadratmeter.