– Eit bygg som inspirerer til kreativitet og samhandling

Skuespillerstudenter i arbeid. Foto

Kreativ kraft: Skodespelarstudentane ved Nord universitet er allereie på plass i Kreativt bygg. Bygget skal være til nytte for alle dei kreative fagmiljøa ved Nord universitet i Levanger. Foto: Ole Johan Ramfjord.

– Eit bygg som inspirerer til kreativitet og samhandling
Endeleg er Kreativt bygg ved Nord universitet i Levanger offisielt opna. – Eg har store forventingar til at bygget blir ein smeltedigel for dei kreative faga, seier rektor Hanne Solheim Hansen.

«Det finaste campus aust for California», sa tidlegare statsråd Gudmund Hernes i si tid, da han besøkte Røstad i Levanger. No har Nord universitet sin campus i Levanger fått nok ei perle i sitt smykke. Eller stjerne, som rektor Hanne Solheim Hansen sa da ho stod for den offisielle opninga.

– Kreativt bygg er ei stjerne av eit bygg der arkitekturen gir ein naturnærleik og eit innslipp av lys som tek pusten frå deg.

Kvinnelig rektor holder tale foran fullsatt teatersal. Foto
Grensesprengjande: – Eg gler meg til ei kreativ framtid med vitskapelege og kunstnarisk grensesprengjande felles prosjekt mellom fagmiljøa og studentane, sa rektor Hanne Solheim Hansen i si helsing under opninga av Kreativt bygg. Foto: Bjørnar Leknes.

Det nye signalbygget, som er på 1300 kvadratmeter og har ein prislapp på 100 millionar kroner, bind saman Nordlåna og Nylåna på Røstad. Bygget rommar ein teatersal og tre øvingssalar, som allereie er tatt i bruk av universitetets skodespelarstudentar.

Ein blir jo heilt oppslukt av utsikta.

Ådne Rossavik, skodespelarstudent

– Ein blir jo heilt oppslukt av utsikta. Her kan du sjå havet stiga og synka, og det er andre unge menneske kring oss heile tida. I tillegg er det heilt nytt. Det lukter til og med nytt her, seier skodespelarstudent Ådne Rossavik (21) frå Sandnes.

To unge studenter inne. Foto
Med på flyttelasset: Skodespelarstudentane Ådne Rossavik (21) frå Sandnes og Estelle Desirée Næverlid (20) frå Oslo har vore med på flyttelasset frå Verdal til Levanger, og nyt den nye kvardagen til fulle. Foto: Bjørnar Leknes.

Draumen har gått i oppfylling

Skuespillerstudenter i arbeid.
Kreativitet: Tredjeårs-studentar ved skodespelarutdanninga stilte med kunstnarlege innslag under opninga av Kreativt bygg. Foto: Ole Johan Ramfjord.

 – Skodespelarstudentane har inntatt Røstad som ein frisk seinsommarvind. Bygget står her som eit symbol på noko som knyt Røstad saman. Det skal bringe skodespelarutdanninga og musikkutdanningane, men også andre utdanningar som grunnskolelærar og bachelor i film og tv-produksjon tettare på kvarandre, seier faggruppeleiar Ola Marius Ryan ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag.

– Saman skal vi gjere Campus Røstad til ein enda meir spanande og levande stad.

Mann i dress som står og holder tale. Foto
Ein seinsommarvind: – Teaterstudentane har inntatt Røstad som ein frisk seinsommarvind. Bygget står her som eit symbol på noko som knyt Røstad saman, sa Ola Marius Ryan under opninga. Foto: Bjørnar Leknes.

Eit stort kreativt fagmiljø

For det er nettopp det Kreativt bygg handlar om; å samle Nords mange kreative fagmiljø og kreative studentar på ein stad. Skodespelarutdanninga har brukt sommaren til å flytte ut av sine lokalar i Verdal og inn i Kreativt bygg. Med det er ringen slutta.

– No har vi samla musikk, teater, drama, kunst- og handverk, film og TV, spill- og opplevingsteknologi og CG art and Animation. Til saman er det kreative fagmiljøet på om lag 60 vitskapelege tilsette og kring 500 studentar, seier Solheim Hansen, og legg til:

– Eg gler meg til ei kreativ framtid med vitskapelege og kunstnarisk grensesprengjande felles prosjekt mellom fagmiljøa og studentane.

Mørk bygning med store glassfasader, grønt gress i forgrunnen
Hundre millionar: Kreativt bygg bind saman Nordlåna og Nylåna på Campus Røstad i Levanger. Foto: Øyfrid Sudenius Knudsen.

Marius Tunstad er byggherredirektør i Statsbygg, og han lot seg begeistre av dei kunstnarlege innslaga som skodespelarstudentane stod for under opninga av det nye bygget.

– Eg syns dette var ei sterk oppleving. For Statsbygg driv jo med formålsbygg, og her ser eg eit formål på nært hald som gir meg gåsehud. Det var veldig sterkt og veldig gøy å få lov til å være med på, seier Tunstad.

Portrettbilde av voksen mann i dress. Foto
Sterk oppleving: Marius Tunstad i Statsbygg vart bevega av dei sterke innslaga frå skodespelarstudentane under opninga av Kreativt bygg. Foto: Bjørnar Leknes.

Skodespelarstudent Estelle Desirée Næverlid (20) frå Oslo har vore med på flytteprosessen frå Tindved i Verdal til Røstad i Levanger.

– Det har vore veldig deilig å kome inn hit. I Verdal har vi vore veldig i vår eiga boble. Her har vi litt andre menneske kring oss. Det er jo det vi forskar på; korleis det er å leve og vere menneske. I tillegg er det veldig fint her. Det er høge og luftige rom, og det er godt, seier ho.

Kortreist kunst

Ung mann foran kunst. Foto
Stor stas: Øystein Pålsønn Lønvik framfor skulpturen han har kalla "De tre usikre". I tillegg står han bak skulpturane "Hengende pøbel" og "Relieff" som no er på plass i Kreativt bygg ved Nord universitet i Levanger. Foto: Bjørnar Leknes.

I alle nye offentlege bygg vert det også sett av øyremerka midlar til kunst. Til Kreativt bygg har KORO - Kunst i offentlege rom plukka ut ein lokal kunstnar.

Øystein Pålsønn Lønvik kjem opphavleg frå Inderøy og bur på Ytterøy i Levanger, kor han også har laga dei tre kunstverka som no prydar Nord universitets nyaste bygg.

– Du kan trygt seie at denne kunsten er kortreist, ja. Den har jo berre reist med ferja over frå Ytterøy og hit, seier kunstnaren med eit smil, som synes dette oppdraget er stor stas.

– Det er stas og det betyr mykje. Det er veldig kjekt at kunsten min skal inn hit i eit kreativt bygg, kor den forhåpentlegvis blir satt pris på, seier han.

Folk samlet under åpninga av Kreativt bygg.
Mingling: Til stades under opninga var gjester frå byggeleiing, næringsliv, fylke og kommune, samt studentar, leiing og involverte personar ved Nord universitet. Foto: Ole Johan Ramfjord.

Kreativt bygg i Leva​​​nger​​

  • 1300 kvadratmeter
  • Teatersal og tre øvingssalar
  • Samanbygging av bygga Nylåna, Kreativt bygg og Nordlåna
  • Gir bevegingshemmede betre tilgang til heile campus
  • Kostnadsramme: 100 millionar kroner
  • Ferdigstilling: medio mai 2024
  • Offisiell opning: 18. september 2024

Kreativt bygg (nord.no)