
Selde seg inn. Håkon Johansen klarte å engasjere studentar ved Lakehead University. Mellom anna selde han inn International Class, som er eit nettundervisingsopplegg som samlar studentar frå Noreg, USA og Canada til samarbeid i haust. Foto: privat.
Men at den skulle føre til merksemd internasjonalt, hadde han ikkje trudd.
Året er 2020 og månaden er mars. Folk verda over blir bedne om å halde seg heime for å avgrense smitta av det nye viruset. Å reise er for dei fleste utelukka for lang tid framover.
For studentane til universitetslektor Håkon Johansen betyr det at utvekslingsopphald i utlandet berre er å gløyme.
– Det er synd viss studentane ikkje skal få høve til å bli kjende med andre perspektiv på yrket sitt, tenkjer Johansen og kjem på ein idé:
Tenk om vi kan samle sjukepleiarstudentar frå fleire stader i verda til eit nettmøte.
Håkon Johansen
– Eg såg på det som eit enkelt tiltak for å kunne gi studentane nokre impulsar frå utlandet. Så da ringde eg til mine tidlegare lærarar i USA, som også syntest dette var verdt å prøve, seier Johansen.
230 studentar i internasjonalt klasserom
Kort tid etter møttest 230 studentar frå USA og Noreg til førelesing om helsevesenet i dei to landa, med påfølgjande gruppesamtalar i det som blir kalla «International Classroom».
At nokon andre skulle finne dette interessant hadde ikkje slått Johansen. Men plutseleg ein dag fekk han ein e-post frå ein professor ved Lakehead University i Canada.
– Han hadde Googla og funne ei sak om opplegget vårt på nord.no og syntest det var kult. Han sa dei hadde lyst å vere med neste gong og lurte på om vi hadde fleire kule ting på gang, seier Johansen.
Nyleg kom han tilbake frå sitt første utvekslingsopphald ved nettopp Lakehead University.
Samarbeidsavtalar er signerte og opnar for utveksling for både tilsette og studentar, med finansiering gjennom universitetsnettverket UArctic.
– Det var stas å bli lagt merke til på den måten. Og det er kjekt å oppleve at det opnar nye moglegheiter for internasjonalisering, seier Johansen.

Nye utvekslingsplassar
Saman med seg til Canada hadde han kollega Ranveig Rotmo. Ho er studieleiar og prosjektleiar for «studentmobil bachelor». Difor synest ho det er stas å kome heim med fire nye utvekslingsplassar i bagasjen frå Thunder Bay, Ski-VM-byen frå 1995 og heimen til Lakehead University.
– I fjor sende vi tjue studentar ut i verda for å skrive bacheloroppgåve. I år vonar eg vi kan sende 24, og at fire av dei reiser til Canada, seier Rotmo.

Ansvar for urfolk
I likskap med Nord universitet har Lakehead eit spesielt ansvar for å ta vare på urfolk.
– Eg ser store moglegheiter for samarbeid knytt til dette både innan utdanning og forsking, seier Rotmo.
– Utfordringane dei arbeider med knytt til rurale strøk og urfolk er svært gjenkjennbare med det vi arbeider med i Noreg.
På same måte som vi hadde fornorskingspolitikk, vart urfolk i Canada tvinga på internatskular og barneheimar, og fråtatt språket og kulturen sin.
Ranveig Rotmo

Spesiell innsats
Rotmo er ikkje i tvil om at det er mykje å lære frå kvarandre. Mange problemstillingar er nært beslekta.
– Vi ser likskapstrekk med det som har skjedd i Noreg, men det er meir synleg i bybiletet i Canada, utdjupar Rotmo.
Ved Lakehead University har dei ei eiga eining som arbeider for å støtte og løfte studentar frå vanskelege kår inn i utdanningsløp.
– Her ser vi også eit potensial for forsking og utviklingsarbeid, seier Rotmo.

Godt motteke
Rotmo skildrar Thunder Bay som ein fantastisk flott plass, ikkje heilt ulik Noreg med sine fjell, skogar og sjøar.
– Folk er veldig trivelege og uformelle her. Dei er lette å kommunisere med og kome innpå, seier Rotmo.
Ho opplever dei kanadiske samarbeidspartnarane som framoverlente og løysingsorienterte, og viser til moglegheita studentar no har til å skrive bacheloroppgåva si i Canada.
– Studentane får ein rettleiar frå Nord univeristet og ein frå vertsuniversitetet. Der har vi allereie ein god samarbeidsarena mellom universiteta, seier Rotmo.
Vil utvikle samarbeidet vidare
Ho trur samarbeidet med Lakehead University vil utvikle seg mykje i tida framover.
– Vi har eit spesielt ansvar for å serve lule- og sørsamiske miljø, og eg ser gode moglegheiter for at vi kan arbeide vidare med prosjekt knytt til urfolk, seier Rotmo.
Nord universitet har pågåande forskingsprosjekt knytt til helse i samiske miljø, utdannar samiske grunnskulelærarar og tilbyr studium i både lule- og sørsamisk. Nord har også ei eiga samisk forskingsgruppe som mellom anna ser på historiske, kulturelle og språklege problemstillingar.
– Vi har med ei liste med namn som vi ønskjer å setje kollegaer i kontakt med framover. Vi er like på mange område, og det må vi utnytte, seier Ranveig Rotmo.
Utveksling ved Nord
Nord universitet har utvekslingsavtalar med universitet over store delar av verda. Kvar du som student kan reise på utveksling avheng av kva for avtalar fakultetet du studerer ved har. Du finn ei oversikt over dette her.
Fakultet for sjukepleie og helsevitskap har i tillegg til avtalen med Lakehead University, avtalar med universitet i Tanzania, USA og Spania.
Nord universitet si deltaking i universitetsalliansane UArctic og SEA-EU opnar moglegheiter for stipend til både tilsette og studentar som ønskjer å reise ut i verda. EUs utdanningsprogram Erasmus+ gir også moglegheiter for stipend i samband med utveksling.
For å kunne reise på utveksling må du vere student i bachelor- eller masterstudium når du søkjer og under heile opphaldet. Studentar på årseiningar og enkeltemne kan ikkje reise på utveksling.