Tittelen helsefagarbeidar kom for snart 20 år sidan, etter ei samanslåing av hjelpepleiar- og omsorgsarbeidaryrkene. Hensikta var at det skulle bidra til meir generalistkompetanse i helse- og omsorgstenestene.
Men korleis fungerer eigentleg opplæringa av helsefagarbeidarane, både innan utdanningane og etter dei har kome ut i arbeidslivet?
12 millionar kroner
Professor Cecilie Høj Anvik ved Nord universitet og hennar kollega ved Aalborg universitet, Charlotte Wegener, er saman med kolleger i gang med eit systematisk forskingsarbeid for å finne svar. Prosjektet heiter LABCare (sjå faktaboks) og har fått 12 millionar kroner i støtte frå Forskingsrådet.
– Det handlar om eit yrke som er lite studert og verdsett, men som blir stadig viktigare. Ein større del av befolkninga blir eldre, og dei som skal gje oss omsorg og pleie får meir komplekse tilstandar å handtere og meir ansvar, seier Cecilie Høj Anvik, som er prosjektleiar for LabCare.
Det handlar om eit yrke som er lite studert og verdsett, men som blir stadig viktigare.
Cecilie Høj Anvik, professor
Dette gjeld òg i Danmark, der Charlotte Wegener skal gjere sin del av studia.
– På norske sjukeheimar er det større del sjukepleiarar enn i dei danske, som har eit stort fleirtal helsefagarbeidarar, fortel Wegener.
Sjokkerande overgang
På sjukeheimen i Bodø kan hjelpepleier Ann-Kristin Bakke fortelje at arbeidet ho gjer i dag, er svært ulikt det ho starta med i 1987.
– Før handla det meir om å prate med og gjere det hyggeleg for bebuarane. No er dei som bur her veldig sjuke og demente, seier ho.
Kollega Celina Ellingsen, som byrja i arbeid som helsefagarbeidar i 2021, meiner utdanninga heng etter utviklinga som har vore.
Det var eit sjokk å kome ut i arbeid!
Celina Ellingsen, hjelpepleier
Ellingsen meiner ho fekk god hjelp frå kollegaene til å lære kva jobben eigentleg dreia seg om.
– Men ein må jo vere interessert sjølv, slår ho fast.
Ho ser for seg at helsefagarbeidarane kunne ha fått opplæring i enkelte sjukepleiaroppgåver for å avlaste dei.
Bodø er ein av mange kommunar som må snu kvar stein for å spare pengar. 200 kommunale stillingar skal bort, mange av dei i helse og omsorg. Dette merkar også dei tilsette på Sentrum sjukeheim.
– Vi tek gjerne på oss fleire helserelaterte oppgåver. Men då må vi sleppe å drive med reinhald, vaktmeisterjobbar og matlaging, seier Ellingsen.
Kompetanseutvikling
Forskingsprosjektet LABCare skal framfor alt leggje trykket på kompetanse. Dei skal undersøkje korleis samarbeid mellom dei yrkesfaglege utdanningane og arbeidsplassane kan bidra til auka kompetanse og meir attraktive arbeidsmiljø. Forskinga skal i stor grad gjennomførast ved bruk av etnografisk metode.
OsloMet er òg med og skal undersøkje eit utval kommunar i Sør-Noreg, medan forskarane ved Nord universitet skal besøkje kommunar i Nord-Noreg.
Ved at studiet går over landegrensene håpar dei å lære noko av kvarandre når det gjeld fag og kompetanseutvikling.
Charlotte Wegener og hennar folk i Danmark er allereie i gang. Dei har fått ein samarbeidsavtale med ein kommune på Jylland, og følgjer studentar, rettleiarar og sjukeheimleiarar der.
Delte på fagkunnskapen
At det finst gode døme på fruktbare læringsmiljø, har Cecilie Høj Anvik sjølv erfart.
– Ein forskarkollega og eg var ein periode på ein sjukeheim der dei heile tida var opptatt av at alle skulle lære av kvarandre. Eit døme er at kjøkkenpersonalet blei sende på reinhaldskurs og deretter gav vidare kunnskapen sin om hygiene til resten av staben. Dette førte til at dei følte seg meir viktige, dei fekk ansvar, og det blei meir trivsel på arbeidsplassen. Denne sjukeheimen hadde òg openheit rundt feil som blei gjort, slik at alle skulle lære av dei, fortel Anvik.
No ønskjer Anvik og Wegener at forskingsprosjektet, innan det vert avslutta i 2028, skal finne «best practises» som kan delast mellom utdanningsinstitusjonar og kommunar både i Noreg og Danmark.
Arbeidet starta i 2023 og vert leia frå Fakultet for samfunnsvitenskap i Bodø. To stipendiatstillingar er knytt til prosjektet, og forskarane som deltek har bakgrunn frå både samfunnsvitskap, sjukepleie, organisasjon og leiing.
– Vi trur det er bra for forståinga av feltet at vi har ulike perspektiv. Ambisjonen vår er å løfte fram eit område der det skjer mykje, seier Anvik.
LABCare, Learning across boundaries in elderly care
- Skal beskrive læringsaktivitetar som finn stad i samskapande prosessar mellom kommunale og utdanningsaktørar ved bruk av etnografisk feltarbeid og intervju.
- Analysere samskapande læringsaktivitetar og kontekstane rundt desse, med nærare blikk på korleis institusjonar (utdanning og arbeidsplass), leiing og arbeidsmiljø støttar eller ikkje støttar den tiltenkte læringa.
- Utvikle modellar for læring og indikatorar for sosial innovasjon i samarbeid mellom eldreomsorgspraksis og utdanningsinstitusjonar.
- Kommunisere forskingsfunn til samfunnsvitskapleg og helsevitenskapeleg forsking om læring og kompetanseutvikling innan velferdsfeltet.
- Forskingperiode: 2023-28.
- Samarbeid mellom Fakultet for samfunnsvitenskap og Fakultet for sykepleie og helsevitenskap ved Nord universitet, NOVA ved OsloMet og Aalborg universitet.