Endeleg ein stad å la idéane spire

Endeleg ein stad å la idéane spire
Nyleg opna SPIR, eit innovasjonssenter for alle fakultet ved Nord universitet.

Sentralt plassert på campus Bodø, rett ved sida av hovudkantina, kom nyleg eit nytt skilt opp på veggen.

Kva skjuler seg eigentleg bak SPIR?

Ein møtestad for alle med ein idé

I freshe, fargerike lokale fann vi Theodor Lilleheim, godt i gang med dagens arbeidsøkt i inkubatoren. Det er rett og slett eit kontorfellesskap der studentar kan jobbe med sine innovasjonsprosjekt eller studentbedrifter, akkurat når det passar for dei. Anten åleine eller i grupper.

Studentane som går same utdanningsprogram som Theodor, masterprogrammet i entreprenørskap og forretningsutvikling, mest kjent under kortnamnet FIVER (forretningsiver), får automatisk kontorplass her.

Men også studentar frå andre utdanningsprogram er meir enn velkomne til å booke arbeidsplass i lokala som nyleg blei opna.

Når eg kjem hit er det lettare å leggje bort alt anna, og fokusere kun på konseptet mitt

Theodor Lilleheim
Ung gutt i blå sofa
Gratis kaffi er ein bonus, meiner Theodor Lilleheim. Foto: Inger E. Eftevand Orvin

Byggjer sitt eige team

Theodor fortel at han har bygd sitt eige team saman med studentar ved andre utdanningsinstitusjonar i Noreg, både fordi han har vener som er interesserte i hans prosjekt, men også fordi han treng teknisk kompetanse.

− Når eg kjem hit er det lettare å leggje bort alt anna, og fokusere kun på konseptet mitt, seier han, og tek gjerne ein kaffikopp i kaféen. Gratis kaffi er ikkje å forakte i studenttilværet, og når omgjevnadene i tillegg er riktig så fargerike og trivelege, er det ein ordentleg bonus, meiner han.

Forsikringsbransjen – here we come!

Theodors idé er å bruke satellittdata for å kunne predikere risiko for naturkatastrofar inn mot forsikringsbransjen.

− Idéen kom då vi var på eit studieopphald på Andøya Space i fjor, fortel Theodor, som synest at det er på tide at forsikringsbransjen fornyar seg.

− Kanskje vil det bli mogleg å tilby ein slags spotpris ut frå eit dynamisk risikonivå, seier han optimistisk.

Finn gode sparringspartnarar

Også Emilie Babic Vistung kom heim frå Andøya Space med eit konsept ho jobbar med å utvikle. Sjølv er ho sjukepleiar i botnen, og med seg på teamet har ho medstudentar frå hennar klasse, alle med bachelor og erfaring innan innovasjon og økonomi.

Ho ønskjer å bruke satellittdata for å hjelpe bøndene til enklare å kunne planleggje vatning og gjødsling ut frå vêrdata.

− Sjølv om vi jobbar med heilt forskjellige konsept, er vi sparringspartnarar for kvarandre. I studiet har vi mykje generell forretningsutvikling og oppstartsmetodikk som vi alle dreg nytte av, seier Emilie, og får støtte av Theodor.

Sjølv om vi jobbar med heilt forskjellige konsept, er vi sparringspartnarar for kvarandre.

Emilie Babic Vistung
Ung kvinne med blå genser som sitter ved et bord med PCen oppslått.
Emilie Babic Vistung nyttar ofte kontorplass i inkubatoren i SPIR sine lokale. Foto: Inger E. Eftevand Orvin

Innovativt miljø

Adrian Brunborg tek årsstudium i personalleiing og kompetanseutvikling, men føler seg like heime i dei nye lokala som FIVER-studentane. Her har han fast kontorplass, og jobbar systematisk med si studentbedrift Brunborg Ads&Marketing.

−Eg blir inspirert av å sitje her og jobbe. No vurderer eg FIVER til neste år, seier han.

Det å vere i eit innovativt miljø er gull verdt, det er alle tre einige om. Og dei ser gjerne at dei får selskap av mange fleire studentar, gjerne med heilt forskjellig bakgrunn.

Innovasjon på tvers av fakultet

Studentane får full støtte av førsteamanuensis i entreprenørskap og leiar for Engage SFU ved Nord universitet, Iselin Mauseth Steira, og prosjektleiar i Engage SFU og ansvarleg for SPIR-lokala på Nord, Ellinor Jensen Kirkfjell.

Dei har vore sentrale i utviklinga av dei nye lokala, og arbeider for å skape eit levande innovasjonsmiljø for studentane på Nord.

− Her ønskjer vi at studentar skal finne kvarandre på tvers av fakultet, og bruke dette som ein arena til å inspirere kvarandre og lære av kvarandre. Vi håpar mange fleire blir med etter kvart. Her er det moglegheiter for faste kontorplassar, men også drop-in. Er du student på Nord, og har ein god idé i magen, er inkubatoren staden for å bli kjent med andre som også tenkjer nytt.

Nord satsar på innovasjon

Innovasjon, entreprenørskap og forretningsutvikling er eit satsingsområde ved Nord universitet, og satsinga på SPIR seier noko om eit sterkt ønskje om å leggje til rette for innovasjon på tvers av fakulteta.

− Riktig nok vil studentane ved master i forretningsutvikling og entreprenørskap automatisk få tildelt ein arbeidsplass her, men dette er eit samlingsbasert studie, og vi har plass til mange fleire, seier Steira.

− Dette skal vere eit fellesskap der vi gir kvarandre noko av verdi, seier Kirkfjell, og oppfordrar studentforeiningar og andre som driv med studentretta aktivitet, til aktivt å nytte seg av lokala.

Dei ser begge med spaning framover. For når idear blir sette i sving og utfordrar det eksisterande, er det berre fantasien som set grenser.