Endeleg er dei lærarstudentar og på veg mot draumejobben

To unge kvinner inne i en aula. Foto

Draumen gjekk i oppfylling: Mathilde Elvebakk (til venstre) er strålande nøgd med å ha kome inn på grunnskulelærarutdanning gjennom ekstraordinært opptak. – Eg har alltid hatt lyst til å bli lærar, og no kan eg endeleg bli det, jublar den ferske studenten. Saman med studievenninna Joy Breivik tek dei no fatt på første året av grunnskulelærarutdanning 5.–10. Foto: Lene Loe.

Endeleg er dei lærarstudentar og på veg mot draumejobben
Mathilde og Joy er strålande nøgd over å ha kome inn på draumestudiet gjennom ekstraordinært opptak. – Eg føler meg veldig heldig, seier Mathilde.

– No slepp eg å vente i enda eitt år før eg kan starte på utdanninga, seier Mathilde Elvebakk nøgd.

Denne veka møtte ho opp ved Nord universitet i Nesna, til offisiell opning av det nye studieåret.

Og ho er ikkje aleine om å kunna ta fatt på draumereisa etter at regjeringa i sommar vedtok å fjerne karakterkravet til sjukepleier- og grunnskolelærarutdanningane.

Dei som ikkje har hatt moglegheit til å søkje på grunn av karakterkrava, får endeleg moglegheit til å oppfylle draumen om å bli sjukepleier eller lærar.

Levi Gårseth-Nesbakk, prorektor for utdanning

Ved Nord universitet hadde per 14. august i alt 200 studentar takka ja til dette ekstraordinære tilbodet om studieplass ved lærar- eller sjukepleiarutdanninga.

– Dei som ikkje har hatt moglegheit til å søkje på grunn av karakterkrava, får endeleg moglegheit til å oppfylle draumen om å bli sjukepleier eller lærar, seier Levi Gårseth-Nesbakk, prorektor for utdanning ved Nord universitet. 

Endeleg gjennom nålauget

Fullsatt sal. Foto
Fullt hus: Dekan Rose Martin ved Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag ønsker dei nye studentane velkomen. Opninga av studieåret på Nesna er eit høgdepunkt for bygda, kor mange lokale krefter bidreg med lys, lyd, musikalske innslag og rigging i gymsalen på studiestaden. Foto: Lene Loe.

Venninnene Mathilde Elvebakk og Joy Breivik hadde begge sin første dag som studentar ved grunnskulelærarutdanning 5.–10. denne veka. Halvparten av studiekameratane på denne utdanninga er tatt opp gjennom ekstraordinært opptak til lærarutdanninga, der altså karakterkrava i norsk og matematikk er fjerna og erstatta med generell studiekompetanse.

Dei er begge spente og gler seg til å ta fatt på studiet.

– Vi gler oss til å få meir lærdom om læraryrket, lære oss å lære bort kunnskap og få meir erfaring gjennom praksis i utdanninga, seier Elvebakk.

Joy Breivik er heilt einig.

– Eg synest også det er bra at studiet er samlingsbasert. Det gjer at eg kan pendle til Utskarpen der eg bur og samtidig delta på undervisninga her på Nesna, seier ho.

Voksen mann i dress og pene klær. Foto
Nøgd studiestadsleiar: Øyvind Steinslett er fornøgd over å kunne ta imot nye studentar til Nesna. Han hadde ei klar oppmoding til korleis dei nye studentane vil få ei flott studietid: – Sei mykje ja i starten! Foto: Lene Loe.

Nord sin studiestad på Nesna var endeleg fylt med studentar då studieåret offisielt vart opna av studiestadsleiar Øyvind Steinslett og dekan Rose Martin ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag. Semesterets første dag var prega av spenning, forventning og iver etter å kome i gang.

Dekan Rose Martin er godt nøgd med ordninga for årets ekstraordinære opptak.

– Ved å fjerne karakterkravet får vi moglegheit til å ta imot eit større spekter av studentar med ulike bakgrunnar, og dermed få større mangfald i læraryrket, seier ho.

Vegar Sellæg, prodekan for utdanning ved same fakultet, er også særs nøgd med årets ekstraordinære opptak.

No som karakterkrava er fjerna, vil vi kunne få ut mange fleire kvalifiserte lærarar for barna våre.

Vegar Sellæg, prodekan for utdanning

– Lærarmangelen i Noreg er stor. I tillegg er det i dag mange ukvalifiserte lærarar i skulen. Samtidig veit vi at av alle dei som søkjer på lærarutdanninga, er berre rundt seksti prosent kvalifiserte. No som karakterkrava er fjerna, vil vi kunne få ut mange fleire kvalifiserte lærarar for barna våre, seier Sellæg.

Fleksibiliteten er avgjerande

To kvinner inne i foaje. Foto
Pendler frå Sandessjøen: Barnehagelærar-studentene Ramona Helen Sæther (t.v.) og Mathilde Lund er særs nøgde over å kunne kombinere familieliv med høgare utdanning. – Denne ordninga passar oss midt i blinken, seier Ramona Helen Sæther. Foto: Lene Loe.


To andre studentar som også har tatt turen til Nesna for semesterets første samling, er studentane Ramona Helen Sæther og Mathilde Lund frå Sandnessjøen. Dei er andreårsstudentar ved barnehagelærarutdanninga, og pendlar med bil og ferje frå heimbygda under samlingsvekene.

Småbarnsmødrene elskar at dei har moglegheit til å kombinere familieliv med høgare utdanning i distriktet.

Eg hadde nok ikkje byrja på høgare utdanning om det ikkje hadde vore for tilbodet på Nesna.

Mathilde Lund

– Vi er begge to barne- og omsorgsarbeidarar, men ønskte å utvikle oss og lære meir. Samtidig ønskte vi å behalde jobbane våre og vere til stades for familien. Nesna vart eit naturleg val som gjorde det enkelt for oss begge å balansere familieliv med utdanning.

– Det er veldig fint å få kome på samling og senke skuldrane, og berre vere student denne veka, seier Mathilde Lund, og rosar samtidig studentmiljøet på Nesna.

Godt studentmiljø

Tre kvinner ute ved inngangsparti. Foto
Studentanes støtteapparat: Studentvert Runa Steiro (t.v.), leiar for Studentorganisasjonen Helgeland, Hanne Elisabeth Arntsen og leiar for Studentorganisasjonen Nord, Hanna Mary Pettersen (t.h.) er opptatte av at studentane skal ha ei fin tid under samlingene på Nesna, både sosialt og mentalt. Foto: Lene Loe.

Studentinord har ein eigen studentvert på Nesna som sørgjer for at det er flust av arrangement og sosiale treff for studentane under samlingsvekene.

– Vi har jo snakka om at vi kanskje må leige oss overnattingsplass på neste samling. Det skjer så mykje gøy som vi har lyst til å få med oss, seier Ramona Helen Sæther.

Runa Steiro er studentvert i Nesna. Ho meiner Nesna har eit litt anna studenttilbod å tilby enn mange av dei større studiestadane.

– Vi er jo ei lita og inkluderande bygd. Alle her vil at studentane som kjem hit skal kjenne seg ivaretekne, og heile bygda er med på å støtte opp om studentane våre, seier ho.

Eitt av høgdepunkta under semesteropninga er Nesnaiaden, som er ei rekke uhøgtidlege konkurransar mellom studentar og tilsette.

– Vi likar å ha det gøy her på Nesna, og tek oss ikkje det minste høgtideleg, ler studentvert Runa Steiro.

Kvinne og mann inne med bobler og frukt i hendene ved studiestart. Foto
Endeleg studiestart: Ellen Herstad og Arnulf Kristoffer Dahlberg er glade over å vere tilbake på Nesna som andreårsstudentar. Ellen studerer grunnskolelærarutdanning 1. – 7. og Arnulf studerer grunnskolelærerutdanning 5. – 10. Foto: Lene Loe.
Barnehagebarn på gulvet. Foto
Nesna barnekor: Det lokale barnekoret sang på den offisielle opninga av studieåret på Nesna, og var spente i forkant. Studiestadsleiar Øyvind Steinslett innleia med å fortelje at dei nye studentane også vil treffe barna under praksisperioden seinare i semesteret. Foto: Lene Loe.