− Målet er at alle trafikkelevar i Europa skal få same type opplæring, men det er ein lang veg å gå.
Det seier forskar Jan Petter Wigum ved Nord universitet, trafikkfag.
Bilføraropplæring i Europa er ikkje eit einsarta omgrep. I Noreg er all trafikklærarutdanning på universitetsnivå, og all opplæring forskingsbasert.
Innhaldet i føraropplæringa er statleg regulert. I andre land kan det vere nok å møte til oppkøyring, utan obligatorisk, haldningsskapande opplæring. Dei fleste land ligg ein stad midt imellom.
− Difor er det beste vi kan få til, retningsliner for føraropplæring, seier Wigum.
Han er Noregs representant i CIECA (International Commission for Driver Testing), ein internasjonal organisasjon som arbeider med å forbetre trafikktryggleiken gjennom opplæring og testing av førarar.
Foreslår europeiske standardar
− Nord universitet trafikkfag har lenge hatt eit nært samarbeid med CIECA. Vi har i fleire år bidrege med forskingsformidling og utgjer ein viktig del av CIECA´s kunnskapsbaserte verksemd, seier Wigum, som er medlem i CIECA´s ETG gruppe - Educational Topical Group.
Dei nærmar seg no slutten på arbeidet med å foreslå europeiske standardar for korleis ny teknologi (ADAS - Advanced Driver Assistance Systems) kan bli implementert i utdanning, opplæring og testing.
Fram til no har avansert bilteknologi vore ein bonus for bilkjøparar. Men no endrar dette seg. EU stiller frå i år krav om at alle nye bilar skal vere utstyrt med ADAS.
Ferdigstiller retningsliner
Wigum er klar på at dette stiller nye krav til alle ledd i kjeda: Trafikklærarutdanning, trafikkopplæring og den enkelte bilførar.
Det er med ein dyster statistikk som bakteppe at arbeidet for trafikktryggleik går inn i ein ny haust. Pr. 1 august i år har 62 menneske omkome på norske vegar, fire fleire enn i fjor på same tid. Av desse var 18 førar eller passasjer på motorsykkel, fire under 18 år. Fjorårets tal var 13.
− Vegen mot nullvisjonen er framleis lang, seier Wigum.
Primæroppgåva er køyring
Han viser til forsking som seier at førarstøttesystem kan passivisere bilføraren. Touchscreens kan distrahere, og verknadsområda kan vere ueigna under visse forhold.Til dømes bør adaptiv cruisecontrol bli deaktivert under nordiske vinterforhold.
− Dette må dagens sjåførar lære seg å handtere, og trafikkelevar vil frå i haust kunne seie noko om bruk, verknadsområde og behov for deaktivering til rett tid, både i teori og praksis, fortel Wigum.
Han har tru på at dette vil redusere den klare samanhengen forsking har vist mellom ulukkesstatistikk og fokus på andre oppgåver enn primæroppgåva ein bilførar har, nemleg køyring.
Dette er CIECA (International Commission for Driver Testing):
- Internasjonal organisasjon med 70 medlemmar i 39 land
- Set søkelys på ulike aspekt ved føraropplæring, førarprøving og førarkortutferding
- Arbeider med å forbetre trafikksikkerheita gjennom opplæring og testing av førarar
- Jobbar for europeisk standard innan trafikkopplæring
- Fremjar berekraft og mobilitet i transport
- Fokuserer på bruk av teknologi i trafikkopplæring
- Sentral i utviklinga av retningslinjer for føraropplæring som inkluderer avanserte førarassistansesystem (ADAS).
EU-krav til alle nye køyretøy frå juli 2024:
- Intelligent fartsvarslar
- Ryggekamera eller ryggesensor som kan oppdage hinder
- Merksemdssensor, som seier ifrå når føraren er uoppmerksam
- Nødstoppsignal
- Cybersikkerheitstiltak
Krav til alle personbilar og varebilar:
- Filassistent
- Avansert nødbrems
- Event Data Recorder, også kjent som «svart boks»
Krav til alle bussar og lastebilar:
- Alarmsystem som skal hindre kollisjonar med fotgjengarar og syklistar
- Dekktrykkvarslar.