Fann draumeutdanninga ved Nord

Mannleg student ved bord i kantina
Fann draumeutdanninga ved Nord
Bjørn-Gunnar er fosterbarn og veit kor viktig det er å hjelpe dei som slit. No vil han sjølv bli ein trygg omsorgsperson for andre.

Bjørn-Gunnar Gåsbakk Lund frå Kongsvinger hadde lenge sett for seg at det var barnevernspedagog han skulle bli. Det snudde brått da han ble gjort merksam på bachelorstudiet sosialt arbeid, sosionom ved Nord universitet.

– Da ble valet enkelt, seier 20-åringen med eit stort smil.

Flytta i fosterheim som 12-åring

Han fann seg fort til rette både i Levanger og ved universitetet. Det til tross for at han ikkje kjente ei sjel før han flytta nordover frå Elverum, kor han har budd sia 2016. Han er open og ærleg om at han er fosterbarn, og synes det er viktig å snakke om.

– Da eg flytta i fosterheim trudde eg at eg var det einaste fosterbarnet i verda. Men da eg byrja på ny skule i Elverum, var det tilfeldigvis ein til i klassen som var fosterbarn. Det betydde mykje for meg.

– Det er godt å vite at det går fint med andre fosterbarn også. Det er ingenting skummelt med å flytte i fosterheim, for det går stort sett alltid bra, seier han.

No er han ferdig med første studieår av den treårige bachelorutdanninga. Han vedgår at første semester med ex phil og ex fac var krevjande, men at det går stadig betre.

– No har vi mellom anna lært meir om juss og om kva sjølve faget går ut på. Det er veldig spanande.

Mannleg student ved PC i kantina
Allsidig utdanning: – Med ein bachelor i sosialt arbeid får du mange val. Du kan til dømes jobbe i NAV, i skulen, på sjukehus eller i rusomsorgen. Det er fint å kunne ha så mange moglegheiter, seier Bjørn-Gunnar Gåsbakk Lund. Foto: Bjørnar Leknes.

Populært studium

Bjørn-Gunnar er ikkje aleine om å ha fått auga opp for bachelorutdanninga i sosialt arbeid. Tala frå Samordna opptak syner at det i år som i fjor er dobbelt så mange søkjarar som studieplassar på studiet.

– Eg vart positivt overraska da eg høyrde det. Det er bra at det er så mange som har lyst til å hjelpe andre.

– Eg har alltid brydd meg mykje om andre menneske. Med denne utdanninga får eg sjansen til å hjelpe andre til å kome seg ut igjen og ta del i det sosiale, og gi dei nokon å være trygge på og som bryr seg. Det er altfor mange i dag som føler at dei ikkje har det.

Levanger er ein kjempefin by. (...) Her er det kort avstand til alt.

Bjørn-Gunnar Gåsbakk Lund, student

Han anbefaler Nord universitet og campus Levanger på et varmaste.

– Levanger er ein kjempefin by. Den er liten, men følast samtidig litt stor. Det er kanskje ikkje like mykje å finne på her som i ein storby, men nettopp difor slepp ein ikkje unna det sosiale som skjer.

– Eg var veldig spent på å flytte opp hit frå Elverum, ettersom eg ikkje kjente nokon. Men det tok maks ein dag før eg hadde lagt til ti medstudentar på Snapchat og satt i stua og snakka med dei eg budde med. Her er det kort avstand til alt. Tar eg til høgre kjem eg til universitetet, og tar eg til venstre kjem eg til kjøpesenteret. Her har eg alt eg treng, seier han med eit stort smil.

Mannleg student i parken foran bygning
Akkurat passe stor: – Levanger er ein kjempefin by. Her finn eg alt eg treng, seier Bjørn-Gunnar G. Lund. Foto: Bjørnar Leknes.

Sosialt arbeid, sosionom - bachelor

Studiestad: Bodø, Levanger
Studieform: Heiltid
Språk: Norsk
Studielengde: 3 år