Sandra Karoline saman med medstudentane Hege Sandfærhus og Maria Tryggestad på felttur då dei studerte geografi og samfunnsplanlegging ved Nord universitet. Foto: privat
Sandra Karoline fortel at ho fekk eit større perspektiv på kva geografi er etter at ho byrja på studiet.
– Undervegs i utdanningsforløpet voks mi interesse for geografi som eit mykje breiare felt, og spesielt naturgeografi var svært spennande.
Stort utbytte av utdanninga

Etter geografistudiane fekk Sandra Karoline fast jobb som kulturkonsulent i Gildeskål kommune, der ho har jobba i snart tre år.
– Jobben er svært variert og inneber til dømes saksbehandling, kulturarrangement, reiseliv, planarbeid og kulturminnearbeid.
Ho trekkjer fram at utdanninga har vore relevant på fleire måtar for den jobben ho gjer i dag.
– Geografi handlar mellom anna om relasjonen mellom menneske og omgivnadene våre, og bakgrunnen min som geograf gir meg eit medvite forhold til korleis me bruker rom og stader til å byggja fellesskap. Utdanninga hjelper meg til å forstå korleis kulturtiltak kan bidra til tilhøyrsel og lokal forankring. Kulturminne, samfunnsplanlegging og opplevingsbasert reiseliv er også tema me lærte om under utdanninga, som eg har nytte av i arbeidet mitt.
Eit studium som er relevant i ei verd i endring
Sandra Karoline har trivest godt som student og trekkjer fram eit godt studiemiljø.
– Eg har svært god erfaring med studiemiljøet på geografi. Me var ein liten klasse som vart godt kjend, og studiesamlingane var noko eg alltid gledde meg til. Eg har framleis kontakt med nokre av dei eg gjekk i klasse med, sjølv om me bur på ulike stader i landet.
Ho tipsar også om å gå saman med nokre av klassekameratane om å leiga overnatting når det skal vera samling.
– På denne måten knyter ein tettare band, og får både sosialt utbytta og faglege samtalepartnarar og støtte.
Trur dei fleste vil finna noko dei liker innanfor geografifeltet
På den faglege sida trur Sandra Karoline at dei fleste vil finna nokon dei synest er spennande innanfor studieretninga.
– Geografi er ein svært brei vitskap, og eg trur faktisk at dei aller fleste finn tematikk som dei synest er interessant innanfor geografifeltet. Det at geografi har så vidt omfang gjer det også relevant i ei rekkje jobbar.
Sandra Karoline tilrår bacheloren i geografi og samfunnsanalyse på det varmaste.
– Det er eit svært spennande og relevant studium i ei verd i endring.
– Eg har svært god erfaring med studiemiljøet på geografi. Me var ein liten klasse som vart godt kjend, og studiesamlingane var noko eg alltid gledde meg til.
Sandra Karoline Eilertsen
Geografi og samfunnsplanlegging (bachelor)
Ved å studere bachelor i geografi og samfunnsplanlegging bygger du kompetanse til å jobbe med spennende tema som samfunnsplanlegging og bærekraftig byplanlegging, samfunnssikkerhet, turisme, og til å undervise i geografi og samfunnskunnskap.
- Oppstart: Høst 2025
- Studiepoeng: 180
- Studiested: Levanger
- Søknadsfrist: 15. april