Fleirtalet i sør kan avgjere korleis Nord-Noreg utviklar seg

Fleirtalet i sør kan avgjere korleis Nord-Noreg utviklar seg
Dei har kanskje levd heile livet sør for Sinsenkrysset, men tek likevel viktige avgjerder for folk i Nord-Noreg.

Til hausten er det sametingsval. Blant anna gjennom å bestemme kvar naturen skal vernast, påverkar Sametinget næringsutvikling og dermed busetjing i nord. Men representerer avgjerdene folket som faktisk bur her?

Ikkje ifølgje partisekretær i Nordkalottfolket, Aina Borch, som sit i panelet når Lytring debatterer framtida til Sápmi tysdag 20. mai i Bodø.

– Det samiske valmanntalet er i vekst. Det er særs positivt at manntalet aukar og at fleire tek eigarskap til sin samiske identitet, men Sør-Noreg er no den største valkrinsen til Sametinget, seier Borch.

Kvinne i samedrakt. Foto
Klar for debatt: Aina Borch, partisekretær i Nordkalottfolket, sit i panelet når Lytring debatterer Sápmis framtid, tysdag 20. mai i Bodø. Foto: Tanja Nordbye


– Kvifor folk i sør melder seg inn, kan berre den enkelte svare på, men det får konsekvensar for oss som bur i Nord-Noreg.

Borch fryktar ein romantisering av Nord-Noreg generelt og Finnmark spesielt, der ideen om eit biletskjønt og folketomt villmarksområde får dominere.

– Det er lett å sitje i sør og ta vare på villmarka, når du ikkje kjenner på befolkningsnedgang og fråflytting, seier ho.

– Eg fryktar at vi blir sitjande som gissel i Nord-Noreg, medan fleirtalet i sør stansar utviklinga av ein landsdel det står temmeleg dårleg til med.

Jonas Stein er valforskar ved UiT – Noregs arktiske universitet. Han stadfestar at samepolitikken er i endring.

– Veksten i manntalet er openbert reell, og Sør-Noreg er no den største samiske valkrinsen, større enn Ávjovárri valkrins, som består av kommunane Kautokeino, Karasjok og Porsanger, seier Stein.

– Sametinget er ein aktør med betydeleg innverknad, men det handlar om territorielle saker. Avgjerdene har ingen betydning i Oslo, Kragerø og Bergen, dei har betydning i område med samisk kultur, historie og næringsutøving – altså i Finnmark spesielt, men òg i Nord-Noreg generelt.

I tillegg til Aina Borch og Jonas Stein, skal Astri Dankertsen, forskar ved Nord universitet, vere med i diskusjonen. Det same skal kunstnar Karoline Garvang. Debattleiar er Anki Gerhardsen, ansvarleg redaktør for Lytring. Debatten blir strøymd direkte og kan sjåast i opptak på lytring.no