Petter Nore, professor emeritus ved Nord universitet og knytt til Nordområdesenteret, føreleste nyleg ved East and Central Normal University (ECNU) i Shanghai om temaet «Norway in the Arctic; new geoeconomic realities».
Han deltok òg på ein rundebordslunch om dagens situasjon i Arktis arrangert av den norske generalkonsulen i Shanghai.
Nord universitet har samarbeida med ECNU sidan 2016, og i denne perioden har mange kinesiske studentar vore masterstudentar som har teke del i samarbeidsprogrammet ved Handelshøgskulen ved Nord universitet.
I komande semester vil fire studentar frå ECNU bu i Bodø og delta på kurset «Energy Transition» som del av utvekslingssemesteret sitt i mastergraden i Berekraftig leiing og arktiske perspektiv.
Samstundes har fleire norske studentar vore i Shanghai som del av masterstudiet sitt.
Nye realitetar
Under besøket 8.-11. desember møtte han gamle og nye studentar, samt akademikarar frå fleire institusjonar i Shanghai-området.
I den noverande spente geopolitiske situasjonen er det viktig å halde ved lag eit forhold til kinesiske universitet som ECNU
Petter Nore
– Eg hadde ei sterk kjensle av at mange av dei eg trefte var svært interesserte i kva den nye situasjonen i Arktis kan tyde for forholdet mellom Noreg og andre arktiske land inklusiv Kina.
Nore tok utgangspunkt i førelesingane sine i tre «nye realitetar».
– For det første aukande «securitization» der mange fleire forhold i Arktis blir sette i ein tryggingspolitisk samanheng som eit direkte resultat av krigen i Ukraina.
– For det andre Trump som ny uføreseieleg president i USA, samstundes som klimaendringane akselererer, fortel Nore.
Endra situasjon
Til saman vil desse faktorane undergrave det som tidlegare har blitt sett på som «Arctic exceptionalism» - det vil seie trua på at Arktis er eit globalt unntakstilfelle for å definere stabilitet i området, forklarer han.
Nore gjekk så gjennom følgjene av denne endra situasjonen for den framtidige olje- og gassektoren i Barentshavet, for planane (no utsette) om å utvinne mineral frå havbotnen, og for norske styresmakter sitt ønske om å diversifisere næringslivet i nordområda – alt frå batteriproduksjon til ein grønare maritim sektor og auka turisme.