Formidlar forsking på nye måtar

En kvinne og mann i podcaststudio

Studiogjestar. Anne Tjønndal inviterer kollegaer i podkaststudio for å snakke om forsking. Ho er glad for at Fakultet for samfunnsvitskap er opne for nye måtar å formidle forsking på. Foto: Adrian Bensvik

Formidlar forsking på nye måtar
Forsking bør formidlast fleire stader enn i kronikkar og på fagsamlingar, meiner forskingsgruppa Response. Sjølv nyttar dei både Spotify og Instagram.

– Vi hadde lyst til å gjere noko nytt i formidlinga av forsking, fortel Anne Tjønndal, som er professor og leiar for forskingsgruppa Research Group for Sport and Society (RESPONSE) ved Fakultet for samfunnsvitenskap.

Fire sesongar

Ideen kom då ho i 2023 gav ut boka Bærekraft i idrett og friluftsliv saman med to kollegaer. Ho fekk med seg stipendiat Sigbjørn Skirbekk, dei gjekk i studio og kom ut igjen med sin første podkast-sesong. Utgangspunktet var rett og slett kapitla i boka.

– Vi var programleiarar og intervjua kollegaene våre om forsking og funn, men vi gjekk også litt bak kulissane og snakka om metodane, handverket og utfordringane forskarane møtte undervegs, fortel Tjønndal.

Programleder i podccast-studio
Anne Tjønndal i podcaststudio. Foto: Adrian Bensvik

No har det blitt tre sesongar av Responsecast, og den fjerde ligg berre og ventar på å bli publisert utpå nyåret.

Å jobbe i podkastformat var heilt nytt, også for Anne Tjønndal sjølv.

– Dersom du samanliknar dei første episodane i første sesong med det siste vi har laga, vil du nok høyre at det har vore ei utvikling. Det har teke litt tid å finne forma. Det er jo forsking vi skal formidle, og det er grenser for kor lettbeint ein kan vere.

Podcast. Slik ser Resposecast ut på Spotify, med episodar om alt frå spiseforstyrringar til berekraft i idrett og friluftsliv. Foto: Skjermdump frå Spotify

Opplæring

Podkast er populært no for tida. Men det var ikkje berre difor gruppa ville teste det ut.

– Det handlar også om kompetanseheving. Det blir vanlegare og vanlegare at forskarar blir spurde om å vere gjester i podkastar. Det å ha kompetanse til å snakke om forskinga si i eit slikt format, er difor viktig. Målet vårt er at så mange som mogleg av forskarane våre skal bli utfordra på det.

Erfaringane så langt har vore at ingen takkar nei til å bli med. Men formatet er nok meir innanfor komfortsona til stipendiatar og masterstudentar enn til dei godt vaksne professorane.

– Dei har kravd litt meir førebuing, smiler Tjønndal. Også på Instagram finn du informasjon om forsking og forskarliv frå gruppa hennar.

Fire personer med headset i podcaststudio
Anne Tjønndal og Sigbjørn Skirbekk med gjestane Maja Nilssen og Anne Kamilla Lund i studio. Foto: Privat

– Viktig å tore

Målgruppa for podkasten var i utgangspunktet studentar, for å vise dei moglegheitene innanfor master- og doktorgradsprogramma. Men også andre har funne vegen til Responsecast: Ein av masterstudentane som bidrog i ein podkast, opplevde at forskinga hennar blei plukka opp av media og enda som ein NRK-reportasje.

– Og så har vi fått tilbakemelding om at familie og vener endeleg forstår kva ein held på med, etter å ha høyrt på oss, smiler Tjønndal.

For dei som ikkje står med begge beina i akademia, kan mykje verke framandt. Difor finn ein også svar på kva ein stipendiat er, kva det vil seie å skrive ei doktorgradsavhandling og bakgrunnen for rituala som finst ved universiteta.

– Artig format

Men å lage podkast er krevjande, og Responsecast er noko dei gjer innimellom, når dei har tid.

– Podkast er ein kul ting, det er lett tilgjengeleg og hjelper til med å synleggjere faggruppa. Men det er ikkje kjerneverksemda vår, seier ho, som likevel er glad for at dei får det til.

– Det er viktig at forskarar vågar å eksperimentere med formidling og vågar å bevege seg bort frå kronikkar og faglege innlegg på konferansar. Og så er det veldig artig, slår faggruppeleiaren fast.

Responsecast

Responsecast er podcasten til forskingsgruppa RESPONSE.

Programleiarar er Anne Tjønndal, Sigbjørn Skirbekk, Mads Skauge og Tom Erik Solstad.

Podcasten er produsert av Von kommunikasjon.

Høyr Responsecast