− Kvifor ikkje kickstarte diskusjonen ved å gjere forskinga tilgjengeleg på ein enkel, men likevel utfordrande måte, spør Doornich.
Ho er førsteamanuensis ved Handelshøgskolen Nord, og publiserte tidlegare i år ein vitskapeleg artikkel i Journal of World Trade.
Forskinga gir ein analyse av korleis store, internasjonale hendingar påverkar dynamikken mellom geopolitikk og global handel.
Ferdige “prompts”
I ettertid har ho ved hjelp av Open AI sine «Custom GPTs» laga sin eigen ChatGPT. Her har ho nytta funksjonane og moglegheitene i løysinga, og som enkelt kan bli tilpassa utdanning, læring - og ikkje minst forskingsformidling.
− Som forskar står du fritt til å formidle forskinga di slik du ønskjer og finn tenleg. Eg ønskte å gjere forskinga mi tilgjengeleg for fleire, og laga ein eigen ChatGPT der eg la inn heile forskinga vår, seier Doornich, som har samarbeidd med professor Pål A. Pedersen om prosjektet.
Kvifor ikkje kickstarte diskusjonen ved å gjere forskinga tilgjengeleg på ein enkel, men likevel utfordrande måte.
June B. Doornich
– Lenka la eg ut på LinkedIn, og på den måten forenkla eg tilgangen til forskinga, seier Doornich.
- Her finn du Doornich sin ChatGPT: ChatGPT - Global Trade and Politics
Ho fortel at ho finn det utruleg fascinerande å samhandle med eit så innovativt verktøy som ChatGPT. I GPT-en har ho utforma "prompts", eller instruksjonar. Desse gir mellom anna brukaren tre konkrete forslag til spørsmål å stille chatten for å setje i gang dialogen.
Ho har òg utforma enkle instruksjonar som lettare skal gi brukaren høve til å snakke om forskingsresultata si innverknad på eigen industri.
Nye grep for å setje dagsorden
Doornich meiner det er på høg tid at forskarar tenkjer nytt om formidling.
– Ofte er det slik at ein publisert artikkel lever sitt eige liv. I beste fall blir han lesen og diskutert. I verste fall samlar han støv i ein skuff, eller digitalt støv i skya. Det er ingen tent med.
Forsking er eit samfunnsansvar, og samfunnsnyttig forsking fortener plass og merksemd.
June Borge Doornich
− Akademia er konservativ, men verda har allereie omfamna open forsking. Mange ulike konsept har lukkast med å aktualisere forskingsbaserte tema og bidrege til å la forsking setje dagsorden. No er tida inne for å ta eit steg vidare.
– Som forskarar må vi omfamne moglegheita til å formidle forskinga på fleire ulike arenaer og gjere ho lettare tilgjengeleg, seier Doornich.
Innovativ formidling
Lasse Finsås er direktør for digitalisering og infrastruktur ved Nord universitet, og applauderer Doornich sitt initiativ.
− Ved å gjere forsking tilgjengeleg på denne måten, blir teknologi og menneskeleg interaksjon kombinert. Såkalla Custom GPTs kan hjelpe forskarar med å gjere om komplekse forskingsfunn til språk som er forståeleg for eit breiare publikum, seier Finsås.
− Dette er eit døme til etterfølging. Moderne teknologi inviterer til dialog, og eg har stor tru på at dette kan forenkle kommunikasjon rundt forsking. Ikkje minst avdi GPTs raskt kan samanfatte store mengder informasjon, identifisere trendar og foreslå nye forskingsretningar. Summen av dette kan bidra til å akselerere forskingsprosessen, seier han.
Custom GPTs kan hjelpe forskarar med å gjere om komplekse forskingsfunn til språk som er forståeleg for eit breiare publikum.
Lasse Finsås
Forsking i undervisning
Finsås meiner vidare at dette er måten å treffe studentar på. Dei er allereie vande til å bruke slik teknologi, og den nye generasjonen studentar integrerer ChatGPT i sin læringskvardag med største sjølvfølge.
For førelesarar som inkluderer forskinga si i undervisninga, gir Custom GPTs høve til å fremje forsking og formidling på tidsriktige og spennande måtar, og samtidig gi tilpassa læringsstøtte.
− Custom GPTs kan tilpasse seg kvar enkelt student sin læringsstil og tempo, gi forklaringar og ressursar som passar til deira behov, og svare på spørsmål i sanntid. Studentane får også omgåande svar på sine spørsmål utan å måtte vente på at førelesaren skal bli tilgjengeleg, seier Lasse Finsås.
Referanse:
Doornich, June Borge og Pedersen, Pål Andreas: Exogenous Shocks and the Dynamics between Geopolitics and Global Trade. Journal of World Trade, 2024. Tilgjengeleg på SSRN: https://ssrn.com/abstract=4534369 eller http://dx.doi.org/10.2139/ssrn.4534369