Den unge forskaren leier prosjektet Actwell, som nettopp skal sjå på denne utviklinga.
Som forskar og faglærar for studentane i sosialt arbeid ved Nord universitet, har Wisth Øydgard jobba med frivilligheit før.
Ho var ein av pådrivarane for at førsteårsstudentar ved utdanninga skulle få noko av opplæringa si gjennom praksis i ulike frivillige organisasjonar.
Ungt forskartalent
– Menneska i samfunnet har alltid interessert meg, og innafor forsking er eg særleg interessert i menneske sitt kvardagsliv, og plassen dei har i samfunnet og i relasjon til velferdstenestene, seier Wisth Øydgard.
No skal altså 38-åringen leie eit prosjekt som består av åtte forskarar frå Nord universitet, Universitetet i SørØst-Norge, Telemarksforskning og Trent University i Canada. Dette har blitt mogleg gjennom Unge Talenter-utlysinga til Forskningsrådet. Ho blir sjølv litt flau av søkelyset på seg sjølv som eit «ungt talent», men ho er veldig glad for tildelinga.
– Først og fremst er det svært artig at vi fekk prosjektet som vi har så lyst til å gjennomføre. Og sjølvsagt er det gøy å få leie det og eit godt høve for meg til å utvikle meg som forskar, seier ho.
Wisth Øydgard er rask med å trekke fram at ho har med seg eit forskarteam av flinke og erfarne folk som ho kan støtte seg på.
Frivilligheit i endring
Arbeidet er i startgropa, og teamet har starta med å gå gjennom politiske dokument om forholdet mellom frivilligheit og den offentlege velferdssektoren.
– Frivillig sektor er ein viktig del av samfunnet og har tradisjonelt i Noreg supplert velferdstenestene. No ser det ut til at det skjer ei endring, der frivilligheit får større plass, og i nokre tilfelle endrar form i retning av meir velgjerdsarbeid. Dette har vi ikkje sett i Noreg sidan etterkrigstida, seier Guro Wisth Øydgard.
Som døme trekker ho fram matutdelingar og mottak av flyktningar.
– Dette skjer samstundes som velferdsstaten òg har endra seg. Grensene for kva velferdsstaten kan og skal bidra med, blir skarpare, og eit større ansvar blir lagt på sivilsamfunnet. Fleire ytingar blir behovsprøvde, og det er strengare kriterium og auka kontroll. Det blir tydelegare krav om at folk må bidra, og endring i retorikken rundt hjelpa som blir gitt. Frivilligheita stiller ikkje slike krav, seier ho.
Mindre sikkerheitsnettverk
Denne utviklinga har gjort Actwell-forskarane nysgjerrige. Og målet med prosjektet er klart:
– Vi skal utvikle teori om korleis forholdet mellom velferdsstaten og sivilsamfunnet endrar seg og kva konsekvensar det har. Det er utruleg interessant! seier ei engasjert Wisth Øydgard.
Ho meiner det er snakk om ei stor samfunnsendring.
Velferdsstaten skulle vere sikkerheitsnettet, men no er dei politiske signala svært tydelege på at ein ikkje lenger kan rekne med å lene seg på velferdsstaten.
Guro Wisth Øydgard, forskar
– Velferdsstaten skulle vere sikkerheitsnettet, men no er dei politiske signala svært tydelege på at ein ikkje lenger kan rekne med å lene seg på velferdsstaten. Det har blitt tydeleg kor avhengig velferdsstaten er av at sivilsamfunnet tek ansvar. Kvifor har dette skjedd? Og kva har det å seie for velferdsstaten – og for frivilligheita? spør Wisth Øydgard.
Samanliknar med Canada
Dei jobbar med å velje ut case blant dei store, etablerte og dei mindre og ferskare frivillige organisasjonane. Med utgangspunkt i den «nye frivilligheita» skal dei gjennomføre deltakarobservasjonar, intervju og medieanalyse for å få svar på spørsmåla sine.
– Så er vi så heldige å ha med ein kanadisk forskar, slik at vi kan gjere samanliknande studiar. Også Canada har ein ganske sterk velferdsstat og mykje frivilligheit, så vi skal sjå på om den same utviklinga skjer der, fortel Guro Wisth Øydgard.
Prosjektet den unge forskaren leier, skal vere ferdig i 2028.