På rett veg: – Utviklinga ved Nord er særs gledeleg for oss og syner at mange av våre forskarar held høgt nivå, både nasjonalt og internasjonalt, seier Ketil Eiane, prodekan for forsking ved Nord universitet. Foto: Lise Fagerbakk.
Det bles ein forskingsfønvind over Nord universitet. Aldri før har det vore forska så mykje ved Nord universitet som no.
Særleg har talet på søknader til EU hatt ein solid auke.
– Talet på EU-søknader har auka betydeleg i 2025, med totalt 51 søknadar så langt mot 38 i heile 2024. Dette er svært positivt, og eit markant toppår for Nord i aktivitet opp mot EU, seier Ketil Eiane, prorektor for forsking og utvikling.
- Sjå òg: Historisk forskingsår ved Nord
Milliondryss frå Forskingsrådet
Også nasjonalt er søknadsaktiviteten stadig høgare ved Nord.
Nyleg offentleggjorde Forskingsrådet (NFR) at dei har løyvd 90 millionar til forskingsprosjekt som skal styrkje kunnskap om samisk, kvensk/norskfinsk og skogfinsk samfunn og kultur.
Desse midlane er fordelte på åtte prosjekt, deriblant eitt ved Nord universitet:
- Prosjektet «The Norwegianization of language, people and land in South Saepmie. Why reconciliation, how, and between whom?» får 11,1 millionar i støtte frå NFR. Prosjektet blir leia av professor Astri Dankertsen ved Fakultet for samfunnsvitskap (FSV).
Denne veka blei det kjent at ytterlegare to forskingsprosjekt ved Nord har fått innvilga NFR-støtte:
- Handelshøgskolen (HHN) ved professor Anatoli Bourmistrov får 12 millionar til prosjektet «Transformative capabilities of the accounting profession facing artificial intelligence: Norwegian small and medium-sized practices».
- FSV ved førsteamanuensis Ann-Torill Tørrisplass får 12 millionar til prosjektet «Welfare society as a moral system: Boundaries and borders of sustainable management of collective goods in the Norwegian welfare state».
– Eit miljø med forskingsaktive pådrivarar

– Eg vart hoppande glad då eg fekk denne nyheita, og det betyr veldig mykje, seier Ann-Torill Tørrisplass.
I hennar prosjekt skal forskarar sjå på korleis styringa av fordelinga av fellesgoder i velferdsstaten er forhandla og legitimert.
– Eg hadde låge forventningar ettersom Forskingsrådet fekk inn over åtti søknader til denne utlysinga. Difor er både letta og gleda desto større, seier ho.
Ved Nord universitet er det ei vilje til å satse på og leggje til rette for at vi har moglegheit til å gjere det omfattande arbeidet det er å skrive søknadar.
Ann-Torill Tørrisplass
Tørrisplass, som disputerte i 2020, legg til at også ho merkar at det er aukande forskingsdriv ved Nord universitet for tida.
– Korleis merkar du forskingsmedvinden ved Nord?
– Eg er i eit miljø med veldig forskingsaktive pådrivarar, og heilt sidan eg disputerte har eg vore involvert i fleire prosjekt. Eg opplever at det heile tida er god driv, mellom anna med tilbod om søknadsskriveseminarar. Ved Nord universitet er det ei vilje til å satse på og leggje til rette for at vi har moglegheit til å gjere det omfattande arbeidet det er å skrive søknadar, møtast og vere saman, òg med eksterne som er involverte. Eg føler meg heldig, seier ho.
Forskingsrådgjevarar med avgjerande rolle
Dette er ei tilbakemelding prorektor Ketil Eiane er glad for. Samstundes peikar han på ein annan suksessfaktor for at Nord lukkast med å auke den eksterne finansieringa innanfor forsking: forskingsrådgjevarane.
– Sjølv om forskarane og sjølve forskinga er i fokus i prosjekta, er det viktig å hugse på at forskingsrådgivarane spelar ei viktig rolle og sit på ein unik spisskompetanse, seier Eiane.



