Full fart framover: No må rekneskapsbransjen feste setebeltet 

Full fart framover: No må rekneskapsbransjen feste setebeltet 
Rekneskap- og revisjonsbransjen, både i Noreg og internasjonalt, står framfor store utfordringar i åra som kjem. For selskapa som vil henge med, vert det avgjerande å ha leiarar som er framtidsretta, proaktive og endringsvillige.  

Den teknologiske utviklinga er rivande, og tida der små og mellomstore selskap i bransjen kunne lene seg på «business as usual» er forbi. I dag er det ikkje nok at leiarar sit i førarsetet. Dei må ha begge hendene på rattet, stø kurs inn i framtida og riktig kompetanse og kunnskap.

Forsking syner nemleg at små og mellomstore selskap innan rekneskap og revisjon slit med å ta i bruk ny kunnskap og innovasjonar som kan forbetre tenestene dei leverer. 

Det er dårlege nyheiter. Både for selskapa sjølv - og kundane – anten dei er i offentleg sektor eller i privat næringsliv. Det er heller ikkje heldig for samfunnet vårt, som i høg grad er avhengig av den kompetansen revisorar og rekneskapsførarar har.

Tillitspersonar med viktig kompetanse

Begge yrkesgruppene har viktige roller som tillitspersonar. Rekneskapsførarar gjennom at dei tek hand om alt frå dagleg bokføring til økonomisk rapportering, medan revisorane går gjennom og godkjenner rekneskap for å sikre at dei er korrekte og i samsvar med lovar og reglar.

Kvifor er det slik at denne bransjen, og dei minste og mellomstore aktørane, slit med å tilpasse seg endringar? Både innan digital teknologi, tenestetilbod, rekruttering av talent og nye regulatoriske krav?  

Er leiarane overarbeidd? Har selskapa for få tilsette? Skortar det på initiativ, eller ser dei ikkje korleis det går om dei ikkje klarer å halde tritt? 

Kor trykkjer skoen, eigentleg? 

I eit omfattande og fire år langt forskingsprosjekt har forskarar ved Nord universitet saman med ei rekkje partnarar i inn- og utland, undersøkt omstillingsevna til fleire selskap og leiarar. 

Kva faktorar er det som påverkar dei?

Har leiarane tid og moglegheit til å vere proaktive, og evnar dei å tilpasse seg eit samfunn som endrar seg raskare enn nokon gong? Og klarer selskapa, i tråd med utviklinga, å lage dei riktige produkta og tenestene? 

Forskere og forskerkollegaer på et seminar ved Nord universitet.
Blidt ensemble. Frå venstre Nord-professor Giuseppe Grossi, stipendiat Tamara Volodina, Ruben Bjerketveit (fagsjef i Revisorforeningen), Roman Vakulchuk (leiar for NUPIs forskingsgruppe for klima og energi), Nord-professor og prosjektleiar Anatoli Bourmistrov, Lee White (administrerande direktør i organisasjonen International Federation of Accountants) og førstelektor Brynjar Gilberg. Foto: Hege Eilertsen.

"Doers or thinkers"? – Ja takk, begge delar

Evna til å identifisere trendar, helst før dei skjer, er berre eitt døme på ein eigenskap som ein «ideell» leiar i morgondagens rekneskapsbransje bør ha.

Bransjen treng det forskarane kallar «endringsagentar». Altså proaktive leiarar og medarbeidarar som ligg i forkant, og som tek dei riktige og naudsynte grepa for å sikre at selskapa både kan overleve og vekse.  

Dei beste leiarane bør også, ifølgje forskarane, innsjå at mangfald i staben er ein styrke. Både kva alder, nasjonalitet, ulike bakgrunnar og kompetanse gjeld. Framtidas rekneskaps- og revisjonsbransje vil trenge både do-arar som er handlingsorienterte, og tenkjarar som er reflekterte og analytiske.  

Trendane som allereie påverkar bransjen, famnar breitt. Dei store og internasjonale rekneskaps- og revisjonsbyråa møter mange av dei same utfordringane som dei små. I motsetnad til dei store selskapa, har likevel dei små ofte avgrensa ressursar. Med det risikerer dei å verte hengande etter, om dei ikkje jobbar smartare.

Teknologi-paradokset

Ei av de største utfordringane i åra som kjem er - paradoksalt nok - også det som framover vil kunne gje bransjen ei rekkje nye moglegheiter: teknologi.  

Kunstig intelligens (KI) kjem dundrande som eit hurtigtog, også innan rekneskap og revisjon. Det er ikkje lenger berre selskapa sine eigne tilsette som kan utføre arbeidsoppgåver. Enorme mengder data kan køyrast gjennom kunstig intelligens på sekundar, og spare selskapa tid og pengar.

KI kan i verste fall ta jobben frå tilsette. Eller at delar av arbeidsoppgåvene til dei tilsette fell bort. Med mindre selskapa sjølv lukkast med å finne gode og kreative måtar å nytte KI på. Gjer dei det, meiner forskarane at selskapa har langt betre føresetnadar, om dei på proaktivt og oppfinnsamt vis klarer å nytte KI som interne «superagentar».

Kva gjer så alt dette med selskapa si evne til å finne gode løysingar, både for seg sjølv og kundane?  

Forskarane meiner det framover ikkje berre kan verte heilt naudsynt å sjå på nye forretningsmodellar og tenestetilbod, men også heilt nye måtar å jobbe på. Legg til at bransjen er underlagt eit vell av lovbundne føringar, og strenge krav til standardisering, rapportering, berekraft og etikk - og vipps: lista over alt som sjefen skal hugse på byrjar å verte lang.

Leder for bransjeorganisasjon på seminar ved Nord universitet.
Prosjektpartner. Bransjeorganisasjonen Regnskap Norge er ein av partnarane i forskingsprosjektet, og Hans Christian Ellefsen (direktør for teknologi, innovasjon og berekraft) var ein av fleire som heldt innlegg på seminaret der delar av forskingsfunna vart presenterte. Foto: Leo Plaketti.

Datakrim og mangel på folk 

Berre KI sitt inntog aleine, der alt av data må kvalitetssikrast og samstundes vernast mot stadig nye former for datakriminalitet, vil krevje årvakne leiarar og tilsette. 

Mangelen på kompetent arbeidskraft, med oppdatert kunnskap om teknologi, vil òg verte ei utfordring. Berre i Noreg aleine manglar det allereie tusenvis av rekneskapsførarar og revisorar. I India – til dømes – jobbast det i dag heilt ned på barneskulenivå i håp om å kunne rekruttere fleire inn i bransjen som strengt teke heile verda er avhengig av. Korleis skal norske rekneskaps- og revisjonsfirma kapre dei beste hovuda? Har dei ein plan?  

Forskarane ser òg til den internasjonale arenaen, og slår fast at uro og turbulens – både politisk og økonomisk - er den nye normalen. Utviklinga stiller, parallelt med ei rivande teknologisk utvikling, større krav til bransjen enn før. 

På eit internasjonalt seminar ved Nord universitet nyleg, presenterte og diskuterte forskarane, og fleire av samarbeidspartnarane, følgjene av dei mange utfordringane som bransjen står i.  

– Diskusjonane går over heile verda

Med på diskusjonane var også Lee White, ein mann som både for rekneskapsførarar, revisorar og akademikarar er godt kjent på fagfeltet.  

Som øvste leiar for rekneskap- og revisjonsbransjens globale interesseorganisasjon International Federation of Accountants (IFAC), med medlemmar i 142 land, er Lee oppteken av den kunnskapen som forskarane bidreg med også internasjonalt:  

– Eg er optimistisk med tanke på bransjen si framtid, og eg oppmodar medlemmane våre til å femne om endringane som kjem, seier White. Til dagleg held han til i London, men opphaveleg er han frå Australia.  

Organisasjonsleiaren legg til at det er dei same diskusjonane som går att internasjonalt. Utfordringane gjeld ikkje berre norske små og mellomstore selskap.   

– Diskusjonane vi har her i dag kunne like gjerne skjedd i Bogota i Colombia, seier han. 

Forskarane bak prosjektet har gått breitt ut, og jobba tverrfagleg.  

Ikkje berre har fagtilsette innan rekneskap, revisjon, entreprenørskap og innovasjon hjelpt til. Det same har ei rekkje doktorgradsstipendiatar og masterstudentar. Forskingsmaterialet er stort, og totalt har det blitt skrive 13 vitskapelege artiklar, 16 masteroppgåver og 13 bokkapittel sidan prosjektet starta i 2020.

Voksen mann i dress foreleser på seminar.
Internasjonal interesse.  Lee White, leiar for interesseorganisasjonen IFAC (International Federation of Accountants), kom eins ærend frå London for å høyre kva forskarane har funne ut. Han meiner forskinga på dei norske selskapa er relevant også i internasjonal samanheng. Foto: Leo Plaketti.

Vil styrke selskapa si konkurranseevne

Ved fjorårets slutt var prosjektet over, og den endelege forskingsrapporten er like om hjørnet. Nærare sommaren vert det gitt ut ei bok, med detaljerte funn og analysar. Den vil eigne seg både for fagfolk, rekneskapsførarar, revisorar, leiarar i rekneskaps- og revisjonsbransjen og studentar. 

Forskarane sitt mål er at funna og analysane skal hjelpe bransjen med å identifisere kva profesjonen treng for å overleve og lykkast.  

– Vi håpar at forskinga vil kome bransjen til gode, slik at det framover vert enklare for leiarar å ta slutningar som kan medverke til å forbetre dagens rekneskaps- og revisjonspraksis, seier Nord-professor og prosjektansvarleg Anatoli Bourmistrov.

– Vi har eit mål om at forskinga skal bidra til å styrke selskapa si konkurranseevne. Vi ønskjer å gje leiarane gode og naudsynte analyseverktøy, legg førstelektor Brynjar Gilberg til. Bourmistrov og Gilberg er to av forskarane som har medverka betydeleg i prosjektet.  

Ved Nord universitet er det også ei klar målsetting at forskinga skal bidra til eit enda betre utdanningstilbod, med nye og innovative utdanningsmetodar. 

– Vi vonar at prosjektet vil leve vidare i ei eller anna form. For bransjen både her heime og internasjonalt, treng denne kunnskapen, analysane og reiskapane, seier Bourmistrov.

Fakta om Transact

I forskingsprosjektet Transact undersøkjer forskarane omstillingsevna til små og mellomstore rekneskaps- og revisjonspraksisar i Noreg.   
 
Målet med forskingen er å skaffe kunnskap, verktøy og analysar slik at dagens rekneskaps- og revisjonspraksisar kan verte betre.  

Prosjektet er eit samarbeid mellom Handelshøgskolen Nord (HHN) ved Nord universitet, fleire andre norske aktørar, og nasjonale og internasjonale akademiske partnarar.   
 
Forskingsprosjektet starta i 2020, og vart avslutta i 2024. Totalt har prosjektet ei kostnadsramme på 20 millionar kroner, der halvparten er finansiert av Noregs forskingsråd.  
 
Nord universitet er prosjektansvarleg, og professor Anatoli Bourmistrov er prosjektleiar. Ei rekkje eksterne bidrags- og samarbeidspartnarar er også med: Den norske Revisorforening, Econa, ECIT Intunor, Nordland fylkeskommune, PowerOffice, Regnskap Norge, Samarbeid mot svart økonomi og Økonomiforbundet.