Som far, så dotter: Forskar Astri Dankertsen dras mot det samiske. Foto: Lise Fagerbakk.
Interessa for det samiske miljøet – kulturen, folka og forsoninga – har lenge engasjert professor og forskar Astri Dankertsen ved Nord universitet.
– Begge foreldra mine er frå Nord-Noreg, og pappa arbeidde med samisk forsking. Difor har eg lenge vore oppteken av det samiske, og av forsoninga etter fornorskingsprosessen, fortel Dankertsen.
Nyleg fekk ho vite at ho får 11,1 millionar kroner frå Forskingsrådet til prosjektet «(Mis)tillit: Fornorsking av språk, folk og land i Sør-Sápmi. Kvifor forsoning, korleis og mellom kven?».
Hausten går med til å førebu arbeidet, som startar 1. april 2026 og varer til 31. desember 2030.
Tillit og forsoning
Tida og midlane kjem godt med.
– Det sørsamiske miljøet er lite forska på, og det var heller ikkje representert i Sannings- og forsoningskommisjonen.
– Det gjer at tilliten til forskarar, til nordmenn – og òg internt mellom samar – har minka. Forskingsprosjektet vårt skal bidra til å finne tiltak som kan styrkje tilliten, seier Dankertsen.
Det sørsamiske miljøet er lite forska på, og det var heller ikkje representert i Sannings- og forsoningskommisjonen.
Astri Dankertsen
Arbeidet vil i hovudsak bestå av arkivstudium, intervju og dialogmøte om tillit og forsoning.
– Under temaet tillit og forsoning skal vi undersøkje og snakke om samarbeid og konfliktar i eit historisk perspektiv, samiske slekter, lokalsamfunn, relasjonen til nordmenn og korleis tillit og mistillit kjem til uttrykk i dag. Korleis blir miljøet påverka av forsoningsarbeidet og Sannings- og forsoningskommisjonen?
– I tillegg skal vi granske oss sjølve og forskarbransjen, for tillit til forsking er òg noko vi må sjå på, seier ho.
Fagteam med brei erfaring
Dankertsen vart tipsa om idéen av Fransisca Kappfjell Herbst ved Sijti Jarnge i Hattfjelldal.
– Herbst kjenner dei sørsamiske miljøa og blir med som forskingsassistent i prosjektperioden. Ho vil særleg bidra med å organisere dialogmøte, seminar og intervju, fortel Dankertsen.
I tillegg har forskaren knytt til seg Mikkel Berg-Nordlie frå OsloMet, Ina Knobblock frå Mittuniversitetet i Sverige og Cathrine Baglo frå Norges museumsforbund.
Dankertsen har òg inngått samarbeid med dei sørsamiske sentra Saemien Sijte på Snåsa og Aajege på Røros.
Fakta om prosjektet
Tittel: «(Mis)tillit: Fornorsking av språk, folk og land i Sør-Sápmi. Kvifor forsoning, korleis og mellom kven?»./«The Norwegianization of language, people and land in South Saepmie. Why reconciliation, how, and between whom?»
Varigheit: 01.04.26 - 31.12.30
Fakultet: Fakultet for samfunnsvitenskap
Finansiering: Forskningsrådet, 11,1 mill
Prosjektleiar: Astri Dankertsen
Prosjektgruppe: Astri Dankertsen, Mikkel Berg-Nordlie (OsloMet), Ina Knobblock (Mittuniversitetet), Cathrine Baglo (Norges museumsforbund)
Samarbeidspartnarar: Sijti Jarnge i Hattfjelldal, Saemien Sijte - Sørsamisk senter på Snåsa og Aajege - samisk språk- og kultursenter på Røros.
Referansegruppe: Fransisca Kappfjell Herbst (Sijti Jarnge), Birgitta Fossum (Sørsamisk senter), Toini Bergstrøm (Aajege), Nicklas Danielsen (Aajege), David Kroik (Nord universitet), Ragnhild Nilsson (UiB), Astrid Nonbo Andersen (Dansk institutt for internasjonale studier) og Jean Dennison (University of Washington).
