Glad: Ambassadør Oleksiy Gavrysh tok gledeleg imot gåva frå Bodø kommune sin ordførar Odd Emil Ingebrigtsen. Foto: Lise Fagerbakk.
Ukraina sin ambassadør til Noreg, Oleksiy Gavrysh, besøkte denne veka Bodø og Campus Mørkved.
Besøket kom til ved eit samarbeid mellom Nord universitet, Bodø kommune og Ukrainsk foreining i Bodø. Gavrysh vart etter eige utsegn varm i hjartet då han kom til campus.
– Då eg kom hit, såg eg det ukrainske flagget. Det minna meg på om venskap, samarbeid, felles verdiar og vårt historiske samarbeid med Noreg, seier han.

Signerte Glimt-drakter
Bodøordførar Odd Emil Ingebrigtsen nytta høvet til å overrekkje ambassadøren ei signert Glimt-drakt.

– Glimt har vist gong etter gong at "det umulege er muleg", på same måte som Ukraina har vist det i krigen mot eit brutalt Russland. Som ei symbolsk gåve fekk ambassadøren overrekt ei signert Bodø/Glimt-skjorte, skriv ordføraren på Facebook.
Ingebrigtsen hadde også med seg ei signert trøye til president Volodymyr Zelenskyj.
Gåva vart teken godt imot.
– Min ni år gamle son er Glimt-fan, så tusen takk, seier Gavrysj.
– Takk, Noreg!
Det er eit alvorleg bakteppe for besøket. Ukraina kjempar mot russisk aggresjon, og det var også tema for ambassadøren sitt besøk og foredrag.
– Det er viktig for oss, og eit historisk faktum, at gamle bruer må vedlikehaldast. Eg er takksam for at Ukraina og Noreg held vedlike, og byggjer nye bruer. Tusen takk frå meg, vårt folk, vårt militære og vår president. Takk for støtta, våpen og økonomisk hjelp, seier ambassadøren.
Hjelpa bidreg ifølgje Gavrysj mellom anna til at folk har varme i heimane. I ei viss grad, vel å merke, fordi Russland angrip viktig infrastruktur.

I dette ligg det mykje læring. Ambassadøren meiner Noreg kan lære av deira erfaringar – og feil.
– Noreg frontar begrepet totalforsvar. Det hadde ikkje vi då Russland angreip. Dette var ein av feila våre, som vi har lært av. Difor deler vi erfaringar med vestlege land. Vi deler våre feil. Noreg sitt totalforsvar er riktig og viktig, seier han.
Andre erfaringar:
- Elektronisk krigføring: Droner er nytta med kirurgisk presisjon. Dette skjer 24/7 og vi må difor forsvare oss heile døgnet. Då må vi ha ammunisjon, våpen og skjold.
- Teknologi: Bruken av satellittar og droner gjer at vi må tenkje nytt og tilpasse oss betre. Vi treng innovasjon.
- Den mennskelege faktoren: Innbyggjarar som slest for famille sin, fedrelandet og for framtida er den mest kraftfulle faktoren.
- Sosial krig: Noreg sitt totalforsvar er heilt riktig. Hæren kan ikkje vinne åleine.
- Partnarskap: Styrkjen av partnarskap og samarbeid gjer at vi kan forsvare oss.
Difor, i Noreg:
- Tenk og test logistikkjedane.
- Beskytt infrastrukturen rundt tekniske installasjoner i kraftnettet.
- Ver tilpasningsdyktig.
- Noregs store styrke er å stå saman.
- Lær av andre – lær av Ukraina.


