
Unikt tilbod: Hausten 2025 kan du studere skogfag i symbiose med skognæringa. Foto: Marthe Haugdal/PKOM AS.
Nord universitet lanserer eit nytt bachelorprogram i skogfag hausten 2025, med studiestad Steinkjer. Dette studietilbodet blir det einaste innan høgare utdanning i skogfag nord for Dovre, og Nord universitet i Steinkjer blir ein av berre tre studiestader i Noreg som tilbyr skogfag på universitetsnivå.
Studiet skal bidra til grøn omstilling. Det er utvikla i samspel med skogbransjen og offentleg forvaltning for å identifisere kva slags fagkompetanse skogbransjen treng for å lukkast med omstillinga.
Ei utdanning som gjer deg attraktiv
– Jobbmoglegheitene blir mange og mangfaldige. Ferdige kandidatar vil vere kvalifiserte for arbeid både i privat skognæring og offentleg skogforvaltning, med eit sterkt fokus på framtidas berekraftige skogbruk, seier studierettleiar Kirsten Fossan.
Studiet blir tverrfagleg med tema som skogbruk, skjøtsel og produksjon, skogforvaltning og skogøkologi. Dette vil bli kombinert med teknologisk kompetanse, kunnskap om biologisk mangfald, berekraft og miljø, og emne innan økonomi og organisasjon. I tillegg blir det moglegheit for utveksling og praksisperiode.

Perfekt plassering – tett på næringa
Studiestad Steinkjer er sentralt plassert for eit skogstudium. Her finst heile verdikjeda innan ein radius på ein times køyretur.
Skogkledde bygder gir grunnlag for produksjon av papir- og trefiberbasert masse i Follafoss, avispapirproduksjon hos Norske Skog på Skogn og produksjon av bygg i massivtre berre éin kilometer frå InnoCamp.
Dette er eit godt utgangspunkt for samspel med skogbransjeaktørane også under studieløpet, med bedriftsbesøk og praksisnære studentoppgåver.
– Alt av studieprogramdesign og kvalitetssikring er på plass, seier Fossan.
– No er vi godt i gang med å spreie ordet til vidaregåande elevar i heile Noreg. Nord universitet gler seg til å ønskje studentane velkomne, og skog- og tre-næringa ser fram til å ta imot dei i arbeidslivet. Vi planlegg aktivitetar frå dag éin som set studentane i kontakt med arbeidslivet, slik at dei kan byggje nettverk og tilhøyrsle og bli meir attraktive på arbeidsmarknaden, seier ho.
Styrking av grøne fag
– Vi forventar stor interesse, fordi vi ser at unge menneske er opptekne av ei berekraftig framtid og god bruk av naturressursane våre, seier Kristin Slyngstad i Velg Skog.
– Steinkjer er ein fantastisk stad å tilby eit skogfagstudium, ikkje minst fordi Nord universitet sin studiestad her er lokalisert i InnoCamp, som også er heim for fleire bedrifter som jobbar med skog på ulike måtar. Det er mykje potensial i regionen som ikkje er nytta ut, og studentane vil ha mange jobbmoglegheiter i by eller bygd, og innan både privat skognæring og offentleg forvaltning når dei er ferdig utdanna, seier Slyngstad.
Bachelor i skogfag
- Oppstart: Høst 2025
- Studiepoeng: 180
- Studiested: Steinkjer
- Søknadsfrist: 15. april 2025
Årsstudium i skogfag
- Oppstart: Høst 2025
- Studiepoeng: 60
- Studiested: Steinkjer
- Søknadsfrist: 15. april 2025