Godt møte: Nelly Anne Engstrøm (27) ønskte å høyre meir om sørsamisk grunnskulelærarutdanning ved Nord universitet i Levanger. Egil Solli frå Nord universitet fortalde om studiet og den gunstige stipendordninga. Foto: Nina Kjeøy.
Nord universitet var til stades på Jokkmokksmarknaden for å spreie informasjon om samiske utdanningar.
På Jokkmokksmarknaden i Nord-Sverige kjem det årleg 40 000–50 000 besøkande, mellom anna samar frå heile Sápmi, lokalbefolkninga og tilreisande frå mange land.
Gjennom interregprosjektet "Lærarar utan grenser" deltok Nord universitet på Jokkmokksmarknaden. Saman med Sami Allaskuvla, NRK Sápmi og SVT stod dei på Samernas utbildningscentrum og fortalde om alle dei samiske studietilboda ein kan velje mellom.
Viktig at det finst sørsamiske lærarar
Nelly Anne Engstrøm (27) kom for å slå av ein prat. Ho var spesielt interessert i sørsamisk grunnskulelærarutdanning ved Nord universitet i Levanger. Engstrøm har jobba som lærar i tre år i Vilhelmina og synest læraryrket er fint.
No bur ho i Trondheim og vurderer den femårige sørsamiske grunnskulelærarutdanninga i Levanger, som ligg åtte mil nord for Trondheim.
– Eg synest det er viktig at sørsamiske barn får rett pedagogikk i språket, og at det finst sørsamiske lærarar, seier Engstrøm.
200 000 kroner i året i stipend
Egil Solli og Nina Kjeøy frå Nord universitet fortalde om oppbygginga av studiet, moglegheiter for stipend og om Levanger som studiestad.
– Du er hjarteleg velkomen som student hos oss. Det er stort behov for sørsamiske grunnskulelærarar, seier seniorrådgjevar Egil Solli, som også er studiestadsleiar i Levanger.
Han har vore med på å bygge opp både den sør- og den lulesamiske grunnskulelærarutdanninga ved Nord universitet.
– Eg kjem til å søke, seier Engstrøm.
For studentar som tek sørsamisk grunnskulelærarutdanning, finst det ei stipendordning dei kan søke på. Studentar kan få opptil 200 000 kroner i året i fem år for å ta utdanninga.

Kamp om studentar som snakkar samisk
Nord universitet fortalde om alle dei samiske utdanningane innan grunnskulelærarutdanning, musikkutdanning, barnehagelærarutdanning og språkkurs som dei og Mittuniversitetet i Sverige kan tilby.
Sami Allaskuvla gav informasjon om sine utdanningar, mellom anna nordsamisk grunnskulelærarutdanning, medan NRK Sápmi og SVT informerte om "Sápmi journalistprogram", der målet er å rekruttere fleire samisktalande til journalistyrket.
Fleire lærarar hadde med seg avgangselevar frå vidaregåande skular som var interesserte i å høyre om dei ulike tilboda.
Ved Sami Alluvskola startar det vanlegvis seks til sju studentar årleg på den nordsamiske grunnskulelærarutdanninga.
– Desse studentane er viktige for oss. Og det er viktig å samarbeide mellom institusjonane og kjenne til kvarandre sine tilbod, også på tvers av grensa, seier Inga Elisa Påve Idivuoma, høgskulelektor i duodji ved Sami Allaskuvla.
Samarbeid på tvers av grensa
NRK Sápmi og SVT tek inn fire studentar på norsk side og fire studentar på svensk side som snakkar samisk til sitt journalistprogram.
Anne Britt Klemetsen Hætta, HR-sjef i NRK Sápmi, fortel at kriteriet for opptak er at studentane snakkar og skriv nord-, sør- eller lulesamisk.
Hætta og Nina Kjeøy, konstituert kommunikasjonssjef ved Nord universitet og arbeidspakkeleiar i Interreg-prosjektet "Lærarar utan grenser", prata mellom anna om moglegheitene for samarbeid om å gjere dei ulike studietilboda kjende for studentane.
– Studentgruppa vi skal rekruttere frå, er lita. Da er det viktig med samarbeid, seier Hætta.
- Fakta om interreg-prosjektet "Lærere uten grenser".
- Her finner du oversikt over samiske utdanninger ved Nord universitet og Mittuniversitetet, deriblant sørsamisk grunnskolelærerutdanning og lulesamisk grunnskolelærerutdanning.
Fint å vite:
- Nord universitet har nasjonalt ansvar for forsking og utdanning innan lule- og sørsamisk språk og kultur
- Nord universitet har eit Senter for samisk og urfolksstudier
- Nord universitet tilbyr ei rekkje samiske studietilbod både på master- og bachelornivå, men også årsstudium m.m.