– Nord universitet er heilt spesiell. Gjennom mellom anna Øvelse Nord tilbyr universitetet ein møteplass der både næringslivsaktørar og naudetatar kan øve saman, byggje nettverk og få meir kunnskap.
Det seier ein begeistra Karl Christian Kviseth. Han er sjef for kvalitet og HMS i Salten Kraftsamband (SKS), som er Nord-Noregs største kraftprodusent.
Nyleg deltok dei saman med fleire andre sentrale aktørar frå både privat næringsliv og ansvarlege myndigheiter på Øvelse Nord Miljø (ØNM), som er ei fullskala akuttforureiningsøving i regi av Nord universitet.
Miljøøving i samarbeid med privat næringsliv
– Øvelse Nord Miljø vart starta i 2019 og har heile tida vore ein del av Øvelse Nord, som blir arrangert i april kvart år. Nytt av året er at vi har flytta ØNM ut av april-øvinga og lagt den til september. I tillegg har vi etablert eit samarbeid med privat næringsliv. Det ser ut til å vere eit svært vellukka grep, seier Erlend Hagenes, som er sentral i Øvelse Nord for Nord universitet.
Øvelse Nord fyller 30 år i 2025, og har vakse seg til å bli ein nasjonal møteplass for heile 360-gradersperspektivet innan beredskap og samfunnssikkerheit både for sivil og militær sektor.
Øvelse Nord er ei paraplyorganisasjon som no mellom anna inkluderer rundt 15 faglege arrangement, dei aller fleste opne og tilgjengelege for alle tilsette og studentar ved Nord universitet.
– Øvelse Nord er ei krevjande og omfattande øving, som varer i ei heil veke i april. Både vi og våre samarbeidspartnarar har kjent på at sjølve miljødelen av øvinga har drukna litt. Difor har vi valt å flytte denne delen til hausten, seier Hagenes.
Når det uventa skjer
I haust vart Øvelse Nord Miljø oppskalert med ein open fagdag om akutt forureining, som Nord gjennomførte i samarbeid med Salten Kraftsamband og Salten IUA (interkommunale utval mot akuttforureining). Scenarioet var ei eksplosjon inne i Sundsfjord kraftanlegg med påfølgjande oljeutslepp.
– For oss, som er pålagt å ha beredskap og øve, er Øvelse Nord Miljø ei unik moglegheit til å faktisk få gjort det vi skal. Vi får øvd på samvirke med andre, seier Kviseth i SKS.
Det vi øvde på kjem truleg aldri til å skje. Men det vi har lært, får vi bruk for når det uventa skjer.
Karl Christian Kviseth
Samvirkeprinsipp etter 22. juli
Kviseth får støtte av dagleg leiar i Salten IUA, Bent Sollund, som rettar ein stor takk til Nord.
– Nord universitet bidreg med tretti års erfaring med store øvingar, fasilitering av fagdag, gjennomføring av øvinga og evaluering i etterkant. Det å kunne samle seg i fredstid for å styrke relasjonen mellom privat og offentleg sektor, styrker beredskapen lokalt og set Salten på kartet for måtar å samarbeide på. Vi er positive til å vidareføre konseptet, seier Sollund.
Det er ei tilbakemelding Erlend Hagenes set stor pris på å høyre.
– Etter 22. juli 2011 vart det innført eit samvirkeprinsipp som eit bærande element i arbeidet med beredskap og samfunnssikkerheit i Noreg. Det betyr at dei som skal handtere ei krise, må samarbeide. Dette samvirket kan ikkje oppstå når krisa skjer. Då er det for seint.
Om vi ikkje øver saman, er vi ikkje rusta til å handtere kriser saman.
Erlend Hagenes
Nord vil ta ein endå sterkare posisjon nasjonalt
Nord universitet har høge ambisjonar på området, og ønskjer å bli eit nasjonalt senter for beredskap og samvirke. I haustens første styremøte vart dette løfta fram som den viktigaste satsinga utanfor ramma i tilknyting til budsjettet for 2026:
«Senteret vil fungere som ein kunnskapsklynge innan beredskap og samvirke med aktivitet innan forsking, grunnutdanning, etter- og vidareutdanning, trening og øvingar, utvikling og innovasjon, i tett samarbeid med beredskapsaktørar, offentlege og private verksemder, og frivillig sektor», heiter det i styrepapira.
I budsjettforslaget er det lagt opp til å bruke 30 millionar kroner årleg på satsinga.
– Senteret vil vere eit viktig løft for å styrke kompetansen på beredskap og samvirke i samfunnet og blant beredskapsaktørane. Vi investerer no i ein betydeleg oppgradert beredskapslab, som vil vere ei viktig infrastruktur for eit slikt senter. Samla med Øvelse Nord, våre forskingsmiljø, undervisningsaktivitet og nettverk på dette området, gir dette Nord eit godt grunnlag for å utvikle eit nasjonalt senter med stor betydning, seier Gry Alsos, dekan ved Handelshøgskolen Nord.
Også Erlend Hagenes ser mange og store moglegheiter til å utvikle både øvinga og Nord sin posisjon ytterlegare i åra som kjem.
– I år fekk vi Kystverket med i øvinga for første gong. Om ti år trur eg at Øvelse Nord har etablert eit organisert samarbeid med kommunal og statleg beredskap, der vi òg har tett samarbeid med NOFO, Norsk oljevernforeining for operatørselskap, seier Hagenes.
Relaterte artiklar:
Fakta
Øvelse Nord vart etablert i 1996 og er no landets møteplass for beredskap og samfunnssikkerheit. I april kvart år blir det gjennomført rundt 15 ulike fagsamlingar samt ei større operativ kriseøving.
Øvelse Nord Miljø vart etablert i 2019 som ein sjølvstendig eining under Øvelse Nord-paraplyen, i samarbeid mellom Nord universitet og Salten IUA. Eit interkommunalt utval mot akuttforureining (IUA) er einingar i den norske offentlege beredskapen mot akutt forureining i sjø og på land. Målsettinga er å fremje kompetanse, kunnskap og erfaring om ansvar og samhandling for å motverke akutt forureining og auke beredskapen.
Senter for beredskap og samvirke - Nordlab har spisskompetanse på pedagogisk planlegging, gjennomføring og evaluering av øvingar – både i eigne fasilitetar og utanfor campus. Senteret har eit etablert forskingsmiljø som jobbar i samarbeid med beredskapsaktørar, og fasiliterer øvingar i ei rekke utdanningar i beredskap.