Historiske masterstudentar i sørsamisk

Fem vaksne damer ved ei gamme. Foto

Skriv historie: Desse studentane er dei aller første som skal ta ein master i sørsamisk språk og litteraturvitskap. Frå venstre Laila Åsvold, Vilmi Pärsson Steinfjell, Irja Kappfjell, Siri Kappfjell Päiviö og Helen Blind Brandsfjell. Den siste studenten var ikkje til stades, men har også takka ja til studieplass. Foto: Bjørnar Leknes

Historiske masterstudentar i sørsamisk
For aller første gang tilbyr Nord universitet masterprogram i samisk språk- og litteraturvitskap. Heile seks studentar har takka ja til studieplass på det historiske studiet.

Dei seks studentane på mastergradsutdanninga i sørsamisk språk- og litteraturvitskap hadde nyleg si oppstartssamling ved Nord universitet i Levanger.

– Dette er ei unik moglegheit. Ein veit ikkje når dette tilbodet kjem neste gang, så for min del var det berre å sleppe alt ein har i hendene, søke og hoppe på, seier Irja Kappfjell, som er lærar i sørsamisk.

Inger Johansen er sørsamisk koordinator ved Nord universitet. Ho er strålande nøgd med at så mange har takka ja til det nye masterstudiet.

– Seks studentar høyres kanskje ikkje så mykje ut. Men det er faktisk kjempebra. Frå før er det berre ei handfull som har master i sørsamisk språk og litteratur. Så dersom desse seks fullfører, aukar vi talet på personar med ein slik master betydeleg, seier Johansen.

Høge ambisjonar: Inger Johansen, sørsamisk koordinator ved Nord, fortel at studiet er eit eingongstilbod, men at ho håpar å få på plass ei meir fast løysning. – Det er fleire der ute som tenkjer at dette er eit bra tilbod for dei. Så vi må få til dette fleire gonger, seier ho. Foto: Bjørnar Leknes.

Førsteamanuensis David Kroik er like begeistra.

– Seks masterstudentar i sørsamisk er veldig bra. Alle desse er etablerte språkarbeidarar og lærarar som tar vidareutdanning. Det betyr at dei, om dei fullførar studiet, får formalisert sin kunnskap og kompetanse med ein mastergrad. Det betyr mykje, seier Kroik, og legg til at han håpar Nord universitet i framtida skal kunne tilby denne utdanninga regelmessig.

Mann i blå skjorte på nyslått kornåker. Foto
Akademisk nybrottsarbeid: – Det er framleis ei utfordring for oss å kunne gi studentane førelesingar på sørsamisk om avanserte tema innan til dømes litteratur og språkvitskap. Dette er noko vi jobbar med heile tida, seier førsteamanuensis David Kroik. Foto: Bjørnar Leknes.

I samarbeid med Tromsø

Det nye samiske mastertilbodet blir gjennomført i samarbeid mellom Nord universitet og Universitetet i Tromsø (UiT).

I forelesingane, som UiT har ansvar for, er undervisningsspråket norsk. Medan Nord universitet har ansvar for språkstøtte og rettleiing av studentane undervegs, blant anna i form av ei rekkje seminar på sørsamisk.

– Alle skriftlege innleveringar og sjølve masteroppgåva skal være på sørsamisk. For studentane er dette ein stor tilleggsjobb, ettersom sørsamisk framleis er eit lite etablert akademisk språk. Så dette er et kjempeviktig nybrottsarbeid, og da er det heilt fantastisk at vi har fått ei gruppe på seks studentar som kan samarbeide om dette, seier Inger Johansen.

Gruppebilde av ni personer ved ei gamme. Foto
Endeleg oppstart: Ventetida er over for, frå venstre: førsteamanuensis Minerva Piha, førsteamanuensis David Kroik, sørsamisk koordinator Inger Johansen og professor Trond Trosterud (UiT), saman med studentane Irja Kappfjell, Vilmi P. Steinfjell, Helen Blind Brandsfjell, Siri Kappfjell Päiviö, Laila Åsvold. Foto: Bjørnar Leknes.

Enormt behov for fleire fagfolk

Lene Antonsen er professor i samisk språkvitskap ved UiT. Ho understrekar også viktigheita av det nye studietilbodet.

–  Vi har enormt behov for kvalifiserte fagfolk med kunnskap og kompetanse innan sør- og lulesamisk språk. Masterkandidatar kan rekrutterast til undervisingstillingar både ved universitet og i vidaregåande skoler, samt til forskarstillingar på universiteta, seier Antonsen.

Undervisinga i det sørsamiske masterprogrammet er samlingsbasert, med fysiske samlingar i Levanger i tillegg til digitale samlingar.

To kvinner framfor ei gamme. Foto
Gamle kjente: Helen Blind Brandsfjell og Irja Kappfjell kjenner kvarandre frå før. No ser dei fram til å bli masterstudentar saman. Foto: Bjørnar Leknes

Ei unik moglegheit

Helen Blind Brandsfjell, som er tilsett ved Aajege samisk språk og kompetansesenter, vedgår at oppstarten som masterstudent var ganske krevjande, men også særs interessant.

– Dei første to dagane har vore veldig interessante, med mange spanande tema. Samtidig ser eg jo at det blir mykje arbeid og mykje å lese.
 
– Tidlegare har eg lest både nordisk, svensk og norsk litteratur, men aldri samisk. Så sjølv om eg eigentleg hadde bestemt meg for ikkje å bli student igjen, kunne eg ikkje la denne moglegheita gå frå meg, seier ho.

Siri Kappfjell Päiviö, opphavleg frå Majavatn, jobbar ved Sámi Giellagáldu, som er eit felles nordisk fagorgan for samiske språksakar. Ho ser også på dette som ei unik moglegheit.

– Dette er verkeleg eit bra tilbod for oss som ønsker å lese vidare. Samtidig er det viktig for meg å lese og lære meir om vårt eiget språk og om vår eigen samiske historie, seier ho.

Kvinne foran gamme. Foto
Trivast som student: – Eg vart ferdig med samisk 3 for to år sidan. Da dette mastertilbodet kom, fekk eg veldig lyst til å prøve meg, seier Siri Kappfjell Päiviö. Foto: Bjørnar Leknes

Visste du at

Les meir på nord.no/samisk

Kontaktperson