Tar debatten: Hanne Sommerseth Olsen, leiar i Vågan Senterpart og Eivind Holst, medlem av Høgre i Vågan, tar debatten i Lytring 9. april. Foto: privat.
– Kommunen vi har er stor nok og klarer godt å ta seg av dei innbyggjarane vi har. Vi mistar tenestetilbod og det vil bli færre som deltek i lokaldemokratiet om vi blir større, seier Hanne Sommerseth Olsen, leiar i Vågan Senterparti.
Torsdag 9. april stiller ho i panelet som skal diskutere spørsmålet Lytring reiser på Thon hotell Svolvær: Er du klar for å leggje ned kommunen din?
Lytring 9. april 2026
Er du klar for å leggje ned kommunen din? Små kommunar slit med økonomi, fråflytting, mangel på kompetanse og ei aldrande befolkning som krev meir ressursar. Blir det betre om vi slår oss saman?
- 9. april 2026 kl. 19.00-20.30
- Thon hotell, Svolvær
- Debatten blir i tillegg strøyma på YouTube
Medan det er eit rungande nei frå Sommerseth Olsen, vil tidlegare Høgre-ordførar i Vågan at kommunen skal slå seg saman med andre.
– Vi må slå oss saman for å kunne skaffe nok kompetanse til å løyse oppgåvene i framtida. Små kommunar leverer berre femti prosent av dei lovpålagde oppgåvene dei har i dag, seier Eivind Holst.
Sterkare saman
Den sitjande fylkesordføraren uttaler seg i debatten som medlem av Høgre i Vågan.
– Det er vanskeleg å vere veldig bastant, men generelt er ein sterkare saman enn kvar for seg, seier Holst.
Dersom det blir slik partiet hans ønskjer nasjonalt, vil kommunereforma bety endå fleire oppgåver til kommunane – og det talar for store kommunar, meiner Holst.
– Om målet er at kommunane skal ta over oppgåvene til fylkeskommunen, meiner eg Lofoten og Vesterålen, og aller helst midtre Hålogaland, må slå seg saman. Det vil i så fall bli den største nordnorske kommunen med 120 000 innbyggjarar.
– Det blir vanskelegare for Stortinget å oversjå det som kjem av ønskje, krav og moglegheiter frå ein slik kommune, enn frå mange små, meiner Holst.
Vil ha andre tiltak
Sommerseth Olsen meiner resonnementet ikkje held, og viser til gjennomslaget dei seks Lofoten-ordførarane fekk då dei reiste til Stortinget for å kjempe for turistskatt.
– Det gjekk gjennom med ein gong. Det var då Lofotveggen kom ned til Oslo, effekten hadde ikkje vore den same om det berre kom éin, seier ho.
Ho vil behalde det Noreg vi kjenner, med busetjing over heile landet.
– Eg vil ha levande lokalsamfunn, med næringsliv og produksjon over heile landet. Det er også viktig for beredskapen vår. Problemet er at kommunane er underfinansierte, seier Sommerseth Olsen.
I Lytring-debatten i Svolvær vil vi også få høyre kva forskinga fortel oss om konsekvensane av kommunesamanslåing. Forskar Arild Gjertsen frå Nordlandsforsking deltek i panelet, saman med kommunedirektør i Moskenes, Ketil Finastad-Steira, og Carl Hõjman i Vågan MDG.
Debattpanel:
Arild Gjertsen, Nordlandsforsking
Hanne S. Olsen, Vågan SP
Carl Höjman, Vågan MDG
Eivind Holst, Vågan Høgre
Ketil Finstad-Steira, Moskenes kommune
Sigvald Rist, Lofotprodukt AS
Debattleiar: Anki Gerhardsen, ansvarleg redaktør for Lytring
Fakta om Lytring
Lytring skal stimulere til samfunnsengasjement og setje dagsorden både lokalt, regionalt og nasjonalt.
Lytring er eigd av Nord universitet og Nordlandsforsking. Lytring skal setje kunnskapen og forskinga ved desse institusjonane på kartet og skape ein arena for dialog og diskusjon med andre kunnskapsinstitusjonar.
I løpet av eit kalenderår lagar Lytring:
- 9 debattar i Bodø, Stormen bibliotek
- 2 debattar i Levanger, Røstad Scene
- 2 debattar i Mo i Rana, Teaterkafeen
- 2 debattar i Svolvær, Lofoten kulturhus
Redaktør og daglig leiar for Lytring er Anki Gerhardsen.
Alle debattane blir strøymde og lagra via lytring.no
