
Verdsberømt: Nyleg blei «Ibelin» og familien Steen kåra til «Årets namn» 2024 i VG. I veke 6 kan du møte Ibelin-pappa Robert Steen under NEW2025 i Levanger. Foto: Medieoperatørene.
Frå 31. januar til 6. februar inviterer Nord universitet til konferansen NEW 2025 på Røstad i Levanger. NEW står for Nord Entertainment Week, og er ein konferanse med fokus på spel og underhaldning. Årets tema er «Storytelling», og dei siste brikkene i eit særs spennande program er no i ferd med å falle på plass.
Frå øvste hylle
– Programmet blir knallbra, og vi er stolte over å få hit bransjefolk frå absolutt øvste hylle, seier koordinator Helga dis Isfold Sigurdardottir ved Nord universitet.
Nyleg blei det klart at både Robert Steen frå filmen «Ibelin» deltek på konferansen. Steen er far til hovedperson Mats «Ibelin» Steen.
For oss er dette eit kupp!
Hans Jørgen Støp
Nyleg blei «Ibelin» og familien Steen kåra til «Årets namn» 2024 i VG.
– For oss er dette eit kupp, seier førsteamanuensis Hans Jørgen Støp ved Nord universitet.
Fortnite: 650 millionar spelarar i verda
Steen kjem til Levanger for å delta i ein samtale om både filmen og storytelling. Det gjer også ei rekkje andre store namn frå bransjen, deriblant Luke Savage frå Epic Games, som produserer Fortnite. Savage kjem for å snakke om storytelling, spel og læring.
Fortnite blei lansert i 2017 og har i dag over 650 millionar registrerte spelarar i verda. No kjem altså representantar frå teamet bak denne gigantsuksessen til Levanger.
Dette er ein unik moglegheit til å møte og kome tett på menneska bak både «Ibelin» og nokre av verdas mest populære spel.
Helga dis Isfold Sigurdardottir
NEW byr på foredrag, forskingsformidling og erfaringar frå industri og næringsliv. Og best av alt: konferansen er open for alle.
– Ja, konferansen er gratis og open for alle som registrerer seg. Dette er ein unik moglegheit til å møte og kome tett på menneska bak både «Ibelin» og nokre av verdas mest populære spel. Men også mykje anna spennande, seier Sigurdardottir.
På lista over bidragsytarar finn vi mellom anna:
- Luke Savage frå Epic Games, som produserer Fortnite
- Geir Olve Skeie, nevrolog og professor i musikk, som har jobba med musikkens positive effektar på hjernen
- Dr. Paola de Bruijn, forskar som bruker visuell storytelling i sosialt arbeid
- Elisabeth Aarebrot Madsen, som har laga den første samiske superhelten, Raana
- Ástráður Ísak Lárusson, narrativ teknologidesignar i Myrkur Games
- Sine Maria Herholdt-Lomholdt, professor i sjukepleie ved Nord universitet, som forskar på filosofi og etikk innan omsorg, med fokus på trøystas rolle i palliativ pleie
- Adam Palmquist, forskar ved Nord universitet, som ser på korleis indie-spelstudio kan overleve under strengare krav til universell utforming
Sjå heile programmet: Nord Entertainment Week