
Kunstformidling: Drama, drag og teaterpedagog Remi Johansen Hovda og hans alter ego Nabi Yeon Geisha, meiner kunstformidling er eit viktig element i barns utvikling. Han turnerer grunnskulane i Nordland under DKS Nordland, og møter normalt yngre barn enn studentane på 4. år grunnskulelærarutdanning master 5-10 ved campus Bodø. Alle foto: Lise Fagerbakk
Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (KKS) ved Nord universitet arbeider for at Den kulturelle skulesekken (DKS) skal bli eit fast og fagleg innhald i lærarutdanningane i Noreg.

Per i dag veit nemleg dei fleste studentane at denne statlege, nasjonale ordninga finst. Men dei har inga kunnskap om korleis dei skal ta den i bruk for å berike elevane si læring!
Det kom fram då 4. års lærarstudentar på master grunnskulelærarutdanninga ved campus Bodø fekk oppleve DKS Nordlands «Dronningtimen» av og med drama, drag og teaterpedagog Remi Johansen Hovda frå OsloMet, og hans alter ego Nabi Yeon Geisha.
Ikkje berre fekk dei sjå og høyre. I forlenginga av førestillinga vart det ettersnakk med Hovda om korleis «Dronningtimen» blir møtt av skolanes elevar, lærarar og føresette - og betydninga av grunnleggjande kunnskap om kunst- og kulturfag for å ta i bruk DKS-tilbod på ein god måte.
Kunsten evnar å vekkje oss. Den vekker engasjement, kjensler, nysgjerrigheit og emosjonar. Viktige element for å forme oss som menneske.
Wenche Torrissen, professor i teater, Nord universitet og Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen

– Interessant og inspirerande!
– Eg har berre erfart DKS som elev i grunnskulen, ikkje noko i praksis eller under studenttida ved Nord universitet. Før fekk eg inntrykk av at lærarane brukte desse timane til fritimar, eller til å rette prøvar. Men no ser eg at det kan brukast. Vi kan snakke om temaa i førestillingane på førehand og etterpå, slik at elevane tenkjer gjennom tematikken. Blant anna om temaet kjønnsroller, seier lærarstudent Nora Hegrem ved Nord universitet.

Ho syntest det var nyttig å sjå ei DKS-førestilling som «elev».
– Vi fekk sjå førestillinga frå eit elevperspektiv. Eg ser at eg då kan dra inn samtaletema i samfunnsfag og engelsk. Det er godt å sjå at DKS har utvikla seg sidan eg gjekk i grunnskulen. Då var det ikkje drag-queens, slik vi såg i «Dronningtimen», seier ho.
Det same seier Synne Moe, som i si lærarutdanning spesialiserer seg i musikk.
– Det var inspirerande og kult å sjå at ein vaksen lever seg så inn i ei anna verd. Vi fekk her sjå korleis dei jobbar med Den kulturelle skulesekken og korleis dei legg opp undervisninga før og etter. Det kjem vi til å trenge, seier ho.
– Jamnar ut sosiale forskjellar
Hovda seier «Dronningtimen» er ei førestilling beregna for barn i alderen rundt ti år. Den skal sjåast og opplevast, men også vere utgangspunkt for å jobbe med ulike tema.
– Kunst set i gang dialog, og barna i denne alderen er ærlege. Dei lever seg inn i opplevinga, og difor trur eg det er viktig å få DKS inn i lærarutdanninga. Studentane vil møte det i læraryrket, slik at det å ta imot kulturformidling i utdanninga kan gi dei god kompetanse i sine komande lærarjobbar, når det gjeld felles opplevingar og dialog med elevane. Kultur er viktig for barn si utvikling, og DKS er også med på å utjevne sosiale forskjellar, seier han.

– Litt sjokkerande
Tankane er at Den kulturelle skolesekken blir lagt inn som tema i faget Pedagogikk og elevkunnskap, som alle studentane må ha.
– Ny forsking peikar på behovet for at lærarar må få meir kunnskap om og erfaring med DKS, og undervisning knytt til ordninga må difor inn som ein obligatorisk del av lærerstudentane sitt utdanningsløp, seier Ann Karin Orset, leiar av Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (KKS).
Orset fortel at det neste året vil kome ein antologi som belyser arbeidet nærare.

Både ho og Ida Hevrøy, leiar i DKS Nordland, jobbar saman med lærarar ved Nord for at ordninga skal kome inn i rammeplanen for grunnskulelærarutdanningane.
– Eg er eigentleg litt sjokkert over at ikkje dette er gjort allereie. Vi er avhengige av eit godt samarbeid med grunnskulane og lærarane. Dei er eit avgjerande ledd for at ordninga fungerer. Vi ønskjer difor DKS inn i lærarutdanningane. Det vil gi nyutdanna lærarar eit moglegheitsrom til å ta opp mange viktige samtalar, seier Hevrøy.
Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (KKS)
KKS skal bidra til auka kvalitet i kunst- og kulturfaga i barnehagen, grunnopplæringa og lærarutdanningane.
Senteret skal bidra til engasjement for faga, auka interesse for opplæring i kunst- og kulturfag og til at barnehagar og skular får auka kompetanse til å tolke og ta i bruk rammeplanen og læreplanverket. Kunst- og kultursenteret skal også støtte lærarutdanningane og andre i deira arbeid med kompetanseutvikling innan kunst- og kulturfag i skulane og barnehagane.
Senteret blei oppretta av Kunnskapsdepartementet i 2007, og blei i 2018 overført til vertsinstitusjonen Nord universitet, lokalisert i Bodø.
I ressursbasen finn du inspirasjon, fagartiklar, undervisningsmateriell og læringsressursar som er laga i tett samarbeid med skulane og barnehagane over heile landet.