Ketil Eiane er tilsett som prorektor for forsking og utvikling

Smilande voksen mann med skjegg og t-skjorte. Foto

Fornyet tillit: Ketil Eiane, prorektor for forskning ved Nord universitet. Foto: Roger Grostad

Ketil Eiane er tilsett som prorektor for forsking og utvikling
Styret ved Nord universitet har i dag tilsett Ketil Eiane som prorektor for forsking og utvikling.

Ketil Eiane vert tilsett i stillinga i åremålsperioden 01.01.25 - 31.12.2028.

Eiane innehar i dag stillinga som prorektor for forsking og utvikling ved Nord universitet.

– Styret er nøgd med at Ketil Eiane har takka ja til å fortsetje den viktige jobben med å utvikle forskingsfeltet ved Nord universitet. Han har gjort ein solid jobb og har klare tankar om korleis arbeidet skal utviklast vidare, seier Øyvind Fylling-Jensen, styreleiar ved Nord universitet.

Erfaren leiar

Eiane har doktorgrad i biologi frå Universitetet i Bergen og er professor i marin økologi ved Fakultet for biovitskap og akvakultur ved Nord universitet.

Han har sidan 2021 hatt stillinga som prorektor for forsking og utvikling ved Nord universitet, og har tidlegare vore prorektor for strategi og omstilling (2020) og dekan ved Fakultet for biovitskap og akvakultur (2017 - 2019).

Auka eksternfinansiering

Som prorektor for forsking og utvikling vil Eiane vere sentral i utviklinga av forskingsfeltet, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

– Nord universitet har mange framifrå forskingsmiljø som hevder seg godt nasjonalt og internasjonalt. Å arbeide med å løfte Nords eksternfinansiering av forsking blir viktig i tida framover, seier Eiane.

Eiane legg òg vekt på viktigheita av å styrke og diversifisere forskingsmiljøa ved Nord gjennom å utvikle eit femte doktorgradsområde i tida framover.

Kontaktperson