
Friluftslova blei laga for å sikre deg og meg fri tilgang til norsk natur. Er det på tide å stramme inn? Foto: Dan Mariner
Friluftslova sikrar alle tilgang til norsk natur, men stadig aukande turisme øydelegg både skog og mark. Tysdag 13. mai løftar Lytring allemannsretten opp til debatt, i Lofoten kulturhus i Svolvær.
At arrangementet finn stad i Lofoten, er ikkje tilfeldig. Her merkar ein turisttrykket ekstra godt, og ordførar i Vestvågøy, Jonny Finstad, er uroa.
– Kommunane manglar verktøy for å ta vare på naturen. Allemannsretten trumfar alt, seier han.
I Lofoten campar turistane overalt – og dei har full rett til det. Men konsekvensane er uheldige.
– Bønder opplever turistar som skremmer dyr, som trakkar ned gras på åkrane og som gjer frå seg overalt, seier Finstad.
– I tillegg opplever vi at selskap frå andre delar av landet og utlandet kjem hit og brukar naturen til næringsverksemd, utan at vi har høve til å setje grenser.
Finstad og andre lofotværingar kan difor berre sjå på når kanadiske og austeuropeiske turoperatørar tek med seg kundane på padletur til truga dunvær. I tillegg til at naturen blir forstyrra, forsvinn turistkronene ut av regionen.
– I tillegg må vi jo sjølve betale for tilrettelegging. Vi lagar stiar og trapper og kan ikkje ein gong ta betalt for det, seier Finstad.
Ordføraren har stor respekt for friluftslova, men meiner likevel tida er inne for å ta debatten.
– Allemannsretten står sterkt i den norske folkesjela, men i takt med at vi har blitt eit svært attraktivt reisemål, er det på tide å diskutere om lova skal fungere på same måte i framtida, seier Finstad.
– I andre land kan dei regulere turismen i langt større grad. Vi har behov for å gjere det same i Noreg.
I debatten 13. mai får Finstad selskap av Line Renate Samuelsen frå Visit Lofoten og Anne Wally Falch, som er forskar ved Nord universitet. I tillegg kjem Peter Andresen, dagleg leiar i Lofoten friluftsråd, og Trond Flydal, fagdirektør i Miljødirektoratet.
Anki Gerhardsen leiar debatten, som kan sjåast direkte og i opptak på lytring.no