La vekk hockeydraumen - no forskar Stian på proffsyklistar

Syklister på startstreken, klare for sykkelløp

Deler mykje. Proffsyklistar registrerer og delar data gjennom computaren på sykkelen, men og når dei ikkje trenar eller konkurrerar. Kva denne nærast kontinuerlege overvakinga har å seie for utøvarane, er tema for Stian Røsten si doktorgradsavhandling. Foto: Stian Røsten.

La vekk hockeydraumen - no forskar Stian på proffsyklistar
Den store barndomsdraumen til Stian Røsten var å bli profesjonell ishockeyspelar. I staden enda han opp som doktorgradsstipendiat ved Nord universitet.

Det er kombinasjonen av toppidrett og teknologi som fascinerer Stian – og som er tema for doktorgraden hans ved Fakultet for samfunnsvitenskap. Så det første han kommenterer etter at vi har helsa, er journalistens smartklokke.

– Yrkesskade, smiler han.

Det siste året har han nemleg jobba med doktorgradsavhandlinga si. Der undersøker han korleis profesjonelle idrettsutøvarar opplever bruk av teknologiske verktøy, og kva denne innsamlinga av data om kroppane og prestasjonane deira betyr for kvardagslivet.

Ung mann ved bord med kaffekopp. Foto
Frå hockey til akademia. Stian Røsten stortrivst i Bodø og som stipendiat på Nord universitet. Foto: Vera Isachsen.

Konstant "overvaka"

– I idretten er det ein utbreidd tanke at teknologi er den vesle prosenten som avgjer siger eller tap, eller skilnaden mellom ein frisk og ein skadd utøvar. Det er gjennom teknologien dei små marginane skal hentast ut, og det er gjerne dei positive sidene ved teknologien som blir framheva, seier Stian Røsten.

Han meiner dei positive effektane har overskugga utfordringar og utilsikta konsekvensar.

– Eg ønskjer å finne ut korleis utøvarane opplever situasjonen i dagens toppidrett – ein situasjon som på mange måtar gjer at dei potensielt kan bli konstant «overvaka», både på og utanfor idrettsbanen, seier han.

Stian kom til Bodø etter å ha fullført ein master i idrettsvitskap ved NTNU i heimbyen Trondheim i 2021. Masteroppgåva handla om talentidentifisering i hans eigen idrett, ishockey.

Etter studiane skulle han bli kroppsøvingslærar. Han ville spreie rørsleglede til framtidige generasjonar, sidan planane om ein toppidrettskarriere var lagde på hylla. Men under arbeidet med masteroppgåva tok tanken om ein doktorgrad form.

Brått hadde han hamna som vitskapleg assistent – og etter to nye år, som stipendiat ved Nord i Bodø. Her trivst han godt – både på «kontoret» med gode kollegaer og ute i nordlandsnaturen.

Men tilbake til forskinga. Så langt har Stian intervjua 17 norske proffsyklistar om deira forhold til teknologi.

Naken uten computaren

Korleis hadde du reagert om sjefen kunne følgje med på pulsen eller søvnmønsteret ditt? Om du kom på jobb og fekk spørsmål om kvifor du ikkje la deg før klokka 23?

Dette er berre noko av det trenarane til toppidrettsutøvarar kan følge med på, og det høyrest utvilsamt noko ubehageleg ut.

For desse syklistane verkar det heilt utenkjeleg å dra på ein sykkeltur utan sykkelcomputeren.

Stian Røsten

– Altså, for desse syklistane verkar det heilt utenkjeleg å dra på ein sykkeltur utan sykkelcomputeren. Dei føler seg «nakne» utan og forklarer at dei går glipp av viktig informasjon om kroppane og prestasjonane sine.

– Sjølv om idrett og teknologi alltid har hatt ein relasjon, målte ein tidlegare først og fremst det som skjedde på idrettsarenaen. No er det meir ei kontinuerleg overvaking som føregår, gjennom bruk av alt frå smartklokker, Oura-ringar, glukosesensorar og søvnmonitorar også når dei kjem heim, sier Røsten.

Men korleis opplever ein profesjonell syklist denne overvakinga?

Så langt tyder svara Stian har fått på at dei ikkje synest det er særleg problematisk at trenaren kan "sjå dei" døgnet rundt.

Stoler på trenaren

– Det er ein del av jobben til den idealiserte 24-timarsutøvaren. Nokre samanliknar det litt med å gå til legen; ein gir frå seg mykje personleg informasjon, slik at legen kan stille riktig diagnose og hjelpe ein. Syklistane deler data, slik at trenarane kan gi dei eit optimalisert treningsprogram for at dei skal bli best mogleg, seier Røsten.

– Eg hadde kanskje sett for meg at dei skulle vere litt meir kritiske, men det verkar som få har noko spesielt imot det.

Ifølge Røsten stoler dei på trenarane sine og at opplysningane ikkje blir brukte mot dei.

– Samstundes er det døme på utøvarar som har opplevd ikkje å bli tekne ut til ritt, basert på ei treningsøkt der dei ikkje sykla på sine normale wattverdiar, noko som igjen blei tolka som at dei ikkje var i form.

– Desse dataa blir òg brukte til å sette ein slags verdi på syklistane. I tillegg har ein spørsmål om kven som eig dessa dataa? Er det syklisten? Laget? Kva skjer om dei eventuelt byter lag?

To ishockeyspillere i duell. Foto
Satsa. Det var ishockeyspelar Stian Røsten eigentleg ville bli, og han spelte både for Rosenborg ishockeyklubb og Storhamar før han la opp. Foto: Kristian Stokdahl

Deler på Strava

Stian Røsten skal halde fram å grave i tematikken dei neste to åra. I tillegg til kvalitative intervju har han òg «snoka» på Strava det siste året.

På denne plattforma deler mange av syklistane aktivitetane sine. Strava er ein app der informasjon frå trening og konkurranse blir registrerte og lasta opp; mellom anna tid, distanse, høgdemeter, puls, watt og frekvens.

Samstundes kan utøvarane dele bilete og tekst, som på Instagram og andre sosiale medium.

– Eg følgde med på 56 internasjonale syklistar under fjorårets Tour de France og ein periode utanfor konkurransesesongen, for å sjå kva dei deler og kva dei vel å skjule. Det kjem som ein eigen artikkel i avhandlinga, lovar Stian.

Han har vald seg sykkelsporten, avdi den blir rekna som ein av idrettane som er lengst framme når det gjeld bruk av teknologi, men òg på grunn av sportens noko frynsete rykte.

Det er ein hypotese om at dagens syklistar er avhengige av å vere opne, nettopp for å unngå skuldingar om doping.

Stian Røsten

– Det er ein hypotese om at dagens syklistar er avhengige av å vere opne, nettopp for å unngå skuldingar om doping. Dei må på mange måtar kunne bevise at dei kan gjere noko liknande på trening for å forsvare prestasjonane sine i konkurransar. Det er spennande å sjå korleis dei navigerer ulikt i dette synlegheitsregimet.

Klokkene og dei andre verktøya får stadig fleire funksjonar og kan måle meir og meir av det som skjer inne i kroppen.

– Så kvar skal ein trekkje grensa? Og heilt grunnleggjande; kan eigentleg alt målast? Eg er interessert i å finne ut meir om dei utilsikta konsekvensane som ikkje blir framheva i like stor grad, seier Stian Røsten.

Ph.d. i sosiologi 

Doktorgraden i sosiologi ved Fakultet for samfunnsvitskap gir deg høg akademisk kompetanse som har relevans for forsking, forvalting og næringsliv.

  • Studieform: Heiltid
  • Språk: Engelsk
  • Studiepoeng: 180
  • Studielengde: 3 år
  • Søknadsfrist: Løpande opptak


Ph.d. i sosiologi

Kontaktperson