Håpefull: Universitetslektorane Sandra og Siri Nystø Ráhka håpar bachelor i lulesamisk på deltid skal treffa godt. Foto: Lise Fagerbakk
Er du nysgjerrig på samisk kultur – og har tenkt på at lulesamisk språk og kultur er noko for deg? Nord universitet har eit nasjonalt ansvar for forsking og utdanning innan lule- og sørsamisk språk og kultur. No blir også bachelor i lulesamisk språk relansert.
– Samfunnet treng folk med denne kompetansen i mange rollar og ulike stader. Det gjer at me frå høsten 2026 tek opp studentar til ein bachelor i lulesamisk, fortel universitetslektor og studieprogramansvarleg, Siri Nystø Ráhka.
Samlingsbasert
Utdanninga inngår i Samordnet opptak og tek opp studentar til det som blir ei samlingsbasert utdanning på deltid.
– Dette gjer at studentane kan jobbe ved sidan av studiet. Me har stor etterspurnad etter språkutdanninga. Nokon ønskjer å ta språket tilbake, andre treng språket til eit spesifikt yrke. Me trur det betyr mykje for mange at me startar opp att, sier Ráhka.
Utdanninga vert samlingsbasert, der samlingane fordelast mellom campus Bodø og Drag, Hamarøy.
– Studentane vil læra språk, litteratur, grammatikk og historie. Med mykje vekt på språklege emne. Dette er eit språkstudium, seier ho.

Også for nybyrjarar
Språkkravet er absolutt. Difor har Ráhka-systrene og kollegaene, dei siste to åra gjennomført nybyrjarstudium i lulesamisk. Kurset kvalifiserer til opptak på bachelorprogrammet.
Det var svært populært.
– Det har vore viktig for oss å leggja til rette for at også dei som ikkje har hatt høve til å ha samisk i grunnopplæringen, kan ta ein bachelor i lulesamisk. Det var stor søking frå ulike samfunnslag til nybyrjarkursene, og rundt førti personer deltok, fortel Sandra Nystø Ráhka, doktorgradstipendiat i lulesamisk.
Det faglege teamet har dei siste årane vorte utvida.
– Me er ein ny seksjon og me har dei siste åra utvida frå to til fire tilsette. Alle fire underviser. Me har eit godt og nært samarbeid internt, og me jobbar godt saman. Me kjenner språket og me trur utdanninga vil dekkja eit ekte behov, seier Ráhka.
No inkluderer teamet universitetslektor Siri Nystø Ráhka, stipendiat Sandra Nystø Ráhka, førsteamanuensis Hanna Danbolt Ajer og førsteamanuensis Bruce Morén-Duolijá.
Fleksible opptakskrav
Søkjer du studiet, må du altså kunna snakka og skriva lulesamisk.
At fleire personar i befolkninga lærer seg språket, er også eit klårt mål i rapporten frå Sannhets- og forsoningskommisjonen. Her vert behovet for eit språkløft understreka, som inkluderer at det finst utdanningstilbod frå barnehage til høgare utdanning.
– Som rapporten så fint seier det, så er kvar person som lærer samiske språk ein verdifull ressurs. Me håpar difor på mange søkjarar. Studentane våre vil vera ein uvurderlig ressurs i det lulesamiske språkarbeidet, seier Sandra Nystø Ráhka.
Bachelor lulesamisk
Ønskjer du å styrkja ferdighetane dine i lulesamisk og læra meir om korleis språket er bygd opp og korleis det blir brukt i praksis? Ønskjer du å vita meir om emne som fleirspråkligheit, språkhistorie, språkarbeid og samisk litteratur?
Skaff deg viktig kompetanse og nye moglegheiter med ein bachelor i lulesamisk.
- Oppstart: Høst 2026
- Studieform: Deltid
- Språk: Norsk
- Studielengd: 6 år
- Opptakskrav: Se kravene
- Søknadsfrist: 15. april 2026 kl. 23:59

