Nord Master Plus er Nord universitet sin forskarskule for masterstudentar (sjå faktaboks). Programmet er meint for masterstudentar som har motivasjon, fagleg kapasitet utover ordinære studium og kan vise til gode karakterar.
Ine Grimsø følte seg allereie etter kort tid som eit likestilt medlem i forskingsgruppa som ho skal vere tilknytt resten av tida ho jobbar med masteren, som del av forskarskulen.
– I møta til forskingsgruppa kan eg kommentere og komme med innspel til innlegg på same linje som dei andre medlemmane, sier Grimsø.
Ho har to år igjen av eit treårig løp for å ta en master i helsevitenskap som ho gjennomfører ved sidan av full jobb som vernepleier i Fauske kommune.
– Vi har følt oss veldig sett pris på som masterstudentar som vil noko meir, seier Grimsø.
Nyttige tilbakemeldingar
Som del av forskningsgruppa har ho har også lagt fram kva problemstilling ho har tenkt på for sin master, og opplever tilbakemeldingane som nyttige.
– Eg fekk mange innspel og rettleiing, det var veldig fint og nyttig å få kommentarar frå folk som er oppdaterte på kva som er relevant på feltet og kva metodar som er aktuelle å nytte seg av, seier Grimsø.
Ho var ikkje sikker på kva forskarskule innebar då ho søkte, men ho angrar ikkje eit sekund på at ho gjorde det.
– Eg har blitt veldig positivt overraska over kor planlagt og gjennomført det har vore på samlingane, seier Grimsø.
Sett pris på
Så langt har ho vore med på tre samlingar, sist ut var en studietur til Gdansk i Polen.
– Det er veldig ulike fag og disiplinar blant oss studentar, men utruleg spennande og motiverande å høyre om andre sine prosjekt og bli betre kjent med dei andre deltakarane, sier Grimsø om turen.
I løpet av den første samlinga fekk dei ein grundig introduksjon frå mange som jobbar med forsking ved Nord.
– Vi har fått høyre om kva mange jobbar med som forskarar, korleis dei enda opp som forskar eller kva som gjorde at dei valde å ta ein doktorgrad, seier Grimsø.
Mange leiande forskarar og leiarar ved Nord deltok på introduksjonssamlinga og snakka om viktigheita av engasjerte masterstudentar:
Dei er potensielt framtidas forskarar og kan som Grimsø allereie som masterstudent gi sine bidrag til forskningen ved Nord.
Inkludert i forskingsmiljø
På første samling vart studentane tatt opp i kvar sine forskingsgrupper, ut frå kva fag- og interessefelt studentane jobbar med. Grimsø er med i forskingsgruppa “Likeverdig samfunnsdeltaking og marginaliserte grupper”.
– Halve poenget med Nord Master Plus er at vi blir inkluderte i forskingsprosessane og dagsaktuell forsking, for å sjå korleis forskingsarbeid fungerer. Det er veldig spanande å få sjå det frå innsida, seier Grimsø.
Som del av forskingsgruppa deltek ho i møte rundt ein gong i månaden, og ho har også deltatt på ein forskingskonferanse som del av forskingsgruppa.
Del av forskingsprosjekt
Fordi prosjektet til Grimsø har ein tematikk som passar inn i prosjekt som forskingsgruppa allereie jobbar med, vil også hennar master kunne bli del av eit større forskingsprosjekt.
Ho ønskjer å belyse korleis miljø og rehabiliteringstenester som den ho sjølv jobbar i, driv helseoppfølging av personar med utviklingshemming og kva erfaringar desse sjølve har.
– Eg ser at det er noko som er utfordrande i min arbeidskvardag, at dei har behov for mykje oppfølging, men at det kan vere vanskeleg for dei å bli forstått og høyrde, seier Grimsø.
Ho opplever at det trass i mange dyktige fastlegar og spesialistar, ofte er lite kompetanse om korleis møte denne pasientgruppa. Det er noko ho ønskjer å få betre belyst.
Auka interesse for forsking
Studenten har blitt meir nysgjerrig på og interessert i forsking som følgje av dei erfaringane ho har gjort som del av Nord Master Plus.
Eg har fått ein mykje større forståing for kva forsking er, av å vere med på i programmet og forskingsgruppa.
Ine Grimsø
– Eg veit mykje meir om korleis det er å jobbe som forskar og kor viktig forsking er, seier Grimsø.
For å ha tid til både jobb, undervising og Nord Master Plus, har ho måtta jobbe hardt for å rekke over alt.
– Eg har blitt nødt til å bli flinkare til å planleggje og jobbe strukturert, og har måtta gi avkall på ein del andre ting for å få tida til å strekkje til.
Bra for forskingsgruppa
Anita Berg leier forskingsgruppa som Ine Grimsø er ein del av, og ho håpar deltaking i Nord Master Plus kan inspirere fleire til å drive forsking.
– Som universitet er vi både avhengige av å rekruttere framtidige kollegaer, og ha gode og tette band til praksisfeltet. For FSH er dette ekstra viktig sidan vi treng forskarar med helsefagleg profesjonsbakgrunn, seier Berg.
Ho påpeiker at det ikkje berre er masterstudentane som har utbyte av programmet.
– Sjølv om Ine berre har vore saman med oss i eit års tid har ho allereie gitt oss viktig innsikt i kva problemstillingar og kunnskapsbehov dei kommunale helse- og omsorgstenestene har, seier Berg.
Nye talent
Ho håpar og trur at Nord Master Plus gjer at dei fangar opp nye forskartalent, og meiner Grimsø er eit døme på det.
– Ine er eit friskt pust inn i gruppa vår. Ho er nysgjerrig, engasjert og uredd for å stille spørsmål, viktige kvalitetar for ein forskar. Når vi diskuterer framtidige prosjekt i forskingsgruppa snakkar vi allereie om kva rolle Ine kan ha i desse, seier Berg.
- Les også: Marthe vil bli forsker
Nord Master Plus - Forskarskulen
Nord Master Plus er Nord universitet si forskarskule for masterstudentar. Programmet passar deg som har motivasjon, fagleg kapasitet utover ordinære studiar og kan vise til gode karakterar.
Programmet består av tre fellessamlingar, tur til utanlands universitet/forskingsinstitusjon og kontakt med eit forskingsprosjekt eller forskingsgruppe innafor relevant fagfelt.