Meiner norske daglegvarebutikkar har for store varelager

Meiner norske daglegvarebutikkar har for store varelager
Kiwi og Rema kan lære mykje av elektro- og møbelbransjen, meiner Samuel Yeboah. Han vil gjerne bli butikksjef for å prøve ut si eiga forsking i praksis.

Samuel Yeboah disputerer for sin doktorgrad ved Handelshøgskolen Nord 11. februar 2025 (sjå faktaboks).

Han har forska på arbeidskapital og likviditetsstyring, og meiner han har funne nokre nøklar til å forbetre bedriftene si yting.

Skandinavia og USA

Så kvar har han henta denne kunnskapen?

Ved å sjå på tall frå daglegvarehandelen i Noreg, Sverige, Danmark og USA har Samuel sett på korleis butikkar forvaltar sin arbeidskapital, det betyr i hovudsak kontantar, lagerbehaldning, kundefordringar og leverandørgjeld.

Ved å forvalte desse variablane på ein meir lønsam og berekraftig måte, ser han mange fordelar.

Bør utnytte tracking

– Teknologien har utvikla seg. I dag er det ingen unnskyldning at det er langt å frakte varene til butikken. Vi kan følgje med, og veit heile tida kvar varene er, seier han.

Han meiner det er alt å tene på å ha mindre varelager. Det handlar om lagerplass, oppvarming, nedkjøling, arbeidskraft, for å nemne store utgiftspostar og energisluk.

I dag er mykje kapital bunden i unødvendige varelager, og karbonavtrykket kan minkast ved å redusere lagringsfasilitetar, og dermed energiforbruk.

– Utfordrande, men slett ikkje umogleg, seier Samuel, som gjerne skulle prøvd sine forskingsfunn ut i praksis. Som butikksjef, kanskje, eller rådgjevar.

Voksen mann i hvit genser foran en vegg med maleri. Foto
Takksam: − Far min følgjer disputasen på link, fortel Samuel Yeboah. Han kjem frå en stor familie der faren er prest, og alle dei fem borna har no høgare utdanning. Han takkar sin far for støtte og inspirasjon. Foto: Inger E. Eftevand Orvin

Energisparande

Samuel har vurdert alle sine funn opp mot fleire kriterium: Kostnadseffektivitet, altså minimering av kostnader utan at det går ut over kvalitet, miljømessig gevinst og lønsemd.

Her handlar det om å redusere kostnader, samtidig som du fokuserer på å auke inntekter.

Han trur daglegvarebransjen kan ha mykje å hente ved å sjå til sine kollegaer i andre bransjar. Riktig nok er det ikkje livstrugande å måtte vente på ein ny tv eller sofa i to-tre veker. Brød, derimot, må vi ha på timen. Men på norske butikklager ligg varer som fint kunne venta ein annan stad, det er den nybakte doktoren overtydd om.

− Slik kan ein auke lønsemda, redusere kostnader, forbetre miljøansvaret og minske avhengigheita av ekstern finansiering, avsluttar Samuel Yeboah.

Disputas: Samuel Yeboah

Samuel Yeboah skal holde prøveforelesning og disputas for graden Philosophiae Doctor (ph.d.) ved Handelshøgskolen, Nord universitet, tirsdag 11. februar 2025.

Tittel på avhandlingen: Working Capital and Liquidity Management: A Dynamic Pathway to Enhancing Corporate Performance

Tid for prøveforelesningen: kl 10.00
Tid for disputas: kl. 12.00

Disputas: Samuel Yeboah