Meiner revisorar i det offentlege er ein undervurdert ressurs

Meiner revisorar i det offentlege er ein undervurdert ressurs
Tamara Volodina fekk augo opp for kor viktig offentleg revisjon er då ho tok mastergraden sin i Ukraina. No forsvarar ho avhandlinga si om same tema.

Året var 2018, og Volodina var i gang med sin første mastergrad ved Taras Shevchenko National University of Kyiv. Seinare vart det ein dobbel mastergrad ved Nord universitet, før ho fekk stipendiatstilling.

Vegen mot offentleg revisjon

Heimlandet Ukraina var den gongen på veg i ei meir europeisk retning, fortel ho, og eitt av tiltaka var å tilsetje revisorar i det offentlege. Dette hadde ikkje vore vanleg.

– Det fekk meg til å skjøne kor viktig det er at denne profesjonen fungerer. Etter det har eg vore lidenskapeleg oppteken av verdien offentlege revisorar tilfører når dei forvaltar offentlege pengar. Dei er ein skjult ressurs som kan bidra til å forbetre og effektivisere offentleg sektor, seier Tamara.

Ei bransje i identitetskrise

I doktorarbeidet sitt har ho sett nærare på korleis europeiske revisorar i offentleg sektor sjonglerer den tradisjonelle rolla og etablerte verdiar med kravet om å tilpasse seg ei ny digital verd.

Det viste seg å ikkje vere enkelt. Ho møtte ei bransje som opplevde dette som ei krevjande balansegang, og som i stor grad var i ei identitetskrise.

– Kven er vi i desse endringstider, var spørsmålet som stadig kom opp. Eg møtte uro og strev, seier Tamara.

Sterkare saman

Det neste ho ville finne ut, var korleis revisorane handterte dette stresset. Svaret blei «work-space» – nettverksbygging på tvers av landegrensene.

Rundt 100 representantar for offentlege revisorar møttest jamleg, både fysisk og digitalt, for å sortere og navigere i ein verd med krav om digital transformasjon.

– Der fann dei rom for å diskutere endringar, og dei jobba med ei felles forståing av problematikken.

Effektivitet kjem ikkje av seg sjølv

Etiske problemstillingar var ofte på agendaen. Med tilgang til nesten uendelege mengder data, tilgjengelege på sekund, kjem nye utfordringar. Kven skal ha tilgang til kva? Når er det på tide å stoppe?

Med auka tilgang kjem òg nye krav om effektivitet.

– Det overordna målet med digital transformasjon og auka effektivitet må vere at offentleg sektor tener på det. For å oppnå dette må vi òg anerkjenne dei menneskelege ressursane, med sine behov for støtte, utdanning, trening og samarbeid.

Håp og frykt i revisjonsforsking

Tidlegare forsking har ofte fokusert på teknologi og automatisering, men Volodina sitt arbeid går djupare inn i dei menneskelege aspekta ved digital transformasjon – som håp, frykt og identitetsarbeid.

– Dette funnet er særleg interessant fordi det viser at digital transformasjon ikkje berre handlar om teknologiske endringar, men òg om korleis desse endringane påverkar profesjonelle identitetar og arbeidspraksis. Det gjev ei ny dimensjon til forståinga av digital transformasjon i offentleg sektor, og understrekar behovet for å ta omsyn til dei menneskelege og emosjonelle aspekta ved slike endringar.

Mogleg å bli meir effektive

Forskinga viste tydelege teikn på at revisjonsprofesjonen sjølv ser på digital transformasjon som ei moglegheit til å forbetre effektiviteten og nøyaktigheita.

– Dette kan potensielt auke verdiskapinga i offentleg sektor, seier Tamara Volodina. Døme på dette kan vere bruk av avanserte dataanalysar som kan hjelpe med å identifisere ineffektive område og foreslå forbetringar.

– Slik kan bransjen sjølv bidra til betre ressursforvalting og auka openheit i offentlege institusjonar, avsluttar Tamara Volodina.

Tamara Volodina heldt prøveførelesing og disputas for graden Philosophiae Doctor (ph.d.) ved Handelshøgskolen, Nord universitet, torsdag 8. mai 2025.

Les meir her