Milliondryss i forskingsmidlar frå EU

Smilande voksen mann med skjegg og t-skjorte. Foto

Konkurransedyktige: – Mange av våre forskarar held høg internasjonal kvalitet og vi kan konkurrere med dei beste i Europa på mange område, seier Ketil Eiane, prorektor ved Nord universitet. Foto: Roger Grostad.

Milliondryss i forskingsmidlar frå EU
Nord universitet fekk nyleg tilslag på fire av fem forskingssøknadar til EU. – Dette viser at vi kan konkurrere med dei beste i Europa på mange område, seier prorektor Ketil Eiane.

Kampen om europeiske forskingsmidlar blir stadig tøffare. Gleda er difor stor ved Nord universitet, som nyleg fekk beskjed om at heile fire av fem forskingsprosjekt til EU har fått innvilga sine søknadar.

I eitt av prosjekta er Nord koordinator, medan i dei andre er Nord partnar. I alt får dei fire prosjekta heile 16,5 millionar euro, eller 187 millionar norske kroner, i EU-støtte.

Prorektor: – Eit stadig sterkare forskingsuniversitet

Prorektor for forsking ved Nord universitet, Ketil Eiane, synes det er svært gledeleg å sjå at universitetets forskingsmiljø hevdar seg så godt i den tøffe kampen om europeiske forskingsmidlar.

– Vi er fullt på høgd med resten av laget i Europa innan ein del område, både som koordinatorar og som partnarar. Vi har fleire framifrå forskingsmiljø, og det vert verkeleg arbeidd godt i desse miljøa, seier Eiane.

– Dette viser at vi er i ferd med å endre oss til eit mykje sterkare forskingsuniversitet enn det vi var tidlegare, seier ein særs nøgd prorektor.

Dei aktuelle prosjekta er:

  • GuardIAS – Guarding European Waters from IAS. Fakultet: FBA. Prosjektleiar: Mark Costello. Nords rolle: partnar. Totalt budsjett: 7 millionar euro.
  • INTRACOMP – Intercultural and transcultural competence through collaborative cultural expression. Fakultet: FLU. Prosjektleiar: Nickolas Rowe. Nords rolle: koordinator. Totalt budsjett: 3 mill. euro.
  • METEOR – Methodologies for Teamworking in Eco-Outwards Research. Fakultet: FLU. Prosjektleiar: Anne Marit Valle. Nords rolle: partnar. Totalt budsjett: 3 mill. euro.
  • CONVIVIUM – New European Bauhaus Solutions in Food, Living Heritage, and Conviviality. Fakultet: HHN. Prosjektleiar: Ove Daniel Jakobsen. Nords rolle: partnar. Totalt budsjett: 3,5 mill. euro.

I tillegg fekk følgande prosjekt innvilga seks millionar euro, eller 68 millionar kroner, i EU-støtte tidligare i år:

  • ArcSolution – Arctic pollution in a One Health perspective ­– from complex challenges to sustainable solutions. Fakultet: FBA. Prosjektleiar: Jon Øyvind Odland. Nords rolle: koordinator.

Høg prestisje og store ambisjonar

Tilslag på søknadar innanfor Horizon Europe heng svært høgt. Horizon Europe er EUs sentrale finansieringsprogram for forsking og innovasjon, med eit budsjett på 95,5 milliardar euro.

Nord universitets Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag er aleine involvert i søknadar som i løpet av dei siste tolv månadane har fått vel 90 millionar av desse.

– Søknadar til Horizon Europe er hardt arbeid. Arbeidet inneber stor grad av tolmod, diplomati, kontinuerleg utviklingsarbeid, omskrivingar og finjusteringar, seier dekan Rose Martin.

– Når vi først lukkast med nokre søknadar, så gir det inspirasjon og synergiar. Vi har ambisjonar om å lukkast med fleire søknader i åra som kjem, og vi reknar med å få fleire partnarinvitasjonar i lys av vårens suksess med to søknadar, seier ho.

Tre mennesker i og bak en stol. Foto
Ambisjonar om fleire tilslag: Dekan Rose Martin har klare ambisjonar om fleire tilslag på EU-søknader i åra som kjem. Professor Anne Marit Valle (bak til venstre) er involvert i METEOR og fakultetsdirektør Olav Frigaard målrettar innsatsen i administrasjonen mot forskingsstøtte. Foto: Nina Kjeøy.

Tøff kamp om midlar

Ketil Eiane opplyser om ei markant auke i EU-finansiert forsking ved Nord universitet for tida, både i prosjekt som blir leia frå Nord universitet og der forskarar frå Nord universitet bidreg til prosjekt leia av sterke utanlandske forskingsmiljø.

– Mange av våre forskarar held høg internasjonal kvalitet og vi kan konkurrere med dei beste i Europa på mange område, seier Eiane.

Samtidig meiner han at Nord universitet framleis har mykje å gå på.

– Potensialet for meir eksternfinansiert forsking er stort, seier Eiane.