
Under lupa: Paramedisin-studentar under øving ved Nord universitet i Bodø. No skal dei bli forska på. Foto: Karoline O. A. Pettersen.
Ingunn Pedersen er intensivsjukepleiar og underviser ved paramedisinstudiet ved Nord universitet i Namsos. No leier ho eit nytt forskingsprosjekt som kan gjere utdanninga for framtidas ambulansepersonell endå betre – og redde liv.
Prosjektet heiter Parasafe, og handlar om situasjonsforståing – altså evna til å forstå kva som skjer rundt deg, tolke det rett og handle raskt og sikkert.
Frå ro til full alarm på få sekund
– Paramedisinarar har ein unik arbeidskvardag. Dei kan gå frå full ro til full alarm på få sekund. Nokre gongar kan dei vere lite førebudde på kva som ventar dei, fortel Pedersen.
Mange kjenner kanskje til dei store hendingane: trafikkulykker, hjartestans eller alvorlege skadar. Men det kan òg handle om små barn med utydelege symptom. Slike situasjonar krev at ein held roen, tenkjer klart og tek rette val – raskt.
Pedersen ønskjer å finne ut meir om kva som skjer i hovuda til studentane når dei blir utsette for stress. Difor observerer forskarane dei under realistiske øvingar, som Øvelse Nord, Øvelse Helhet og andre tverrfaglege øvingar og simuleringar gjennom heile studiet.
Der møter studentane alt frå samarbeidsvillige pasientar til krevjande scenario med høg grad av kaos – akkurat som i røynda.
– Vi ser korleis dei reagerer, snakkar med dei rett etter øvingane, og gjer òg grundige intervju i etterkant. Det handlar om å forstå kva som styrkjer eller svekkjer evna til å tenkje klart under press, forklarer ho.
Handlar om pasienttryggleik og om å redde liv
Simulering er ein viktig del av utdanninga. Studentane trenar på ekte scenario med både dokker og menneske som spelar pasientar. Det gir dei ei kjensle av korleis det faktisk er å vere ute i felten – med sjuke og skadde, pårørande og publikum tett på.
– Eg har sjølv kjent på stresset som kan oppstå i akutte situasjonar. Difor brenn eg for å gjere studentane så godt førebudde som mogleg, seier Pedersen.
Målet med Parasafe er klart: betre avgjerder, færre feil – og tryggare pasientar.
– Dette handlar om pasienttryggleik. Viss vi forstår korleis studentane oppfattar situasjonar, kan vi utvikle betre utdanning og trening. Det er viktig for dei – og for alle som ein dag kan trenge hjelp frå ein paramedisinar, avsluttar ho.
Fakta om Parasafe:
Parasafe – paramedisin og tryggleik frå eit menneskeleg faktor-perspektiv. Forskingsprosjektet er i startfasen og skal vere ferdig hausten 2027.
Prosjektleiar: Ingunn Pedersen, stipendiat og universitetslektor ved Nord universitet
Prosjektdeltakarar:
- Gunhild B. Sætren, leiar ved Arctic Safety Centre ved UNIS (The University Centre in Svalbard) og professor II ved Nord universitet
- Maria Strandås, førsteamanuensis ved Nord universitet
- Inger Lund-Kordahl, førsteamanuensis ved Universitetet i Innlandet og NTNU
Paramedisin, deltid (bachelor)
Som paramedisinar gir du livreddande behandling til akutt sjuke menneske og på skadestadar.
Du utviklar evna di til å ta avgjerder og handle, samstundes som du lærer å gi omsorg og førstehjelp i situasjonar der det står mellom liv og død.
- Oppstart: Haust 2025
- Studiepoeng: 180
- Studiestad: Bodø
- Søknadsfrist: 15. april 2025